Sider

torsdag 4. oktober 2012

People`s Square

Sidan det er haustferie nyttar mange anledningen til å sjå andre deler av asia. Av dei me leikar ilag med her i Shanghai, kan me nevna reiser som Seoul, Hong Kong, New Zeeland, Thailand.... men då dei me tenkte å reisa på tur ilag, og som stod for organiseringa, plutseleg ikkje bur i Shanghai meir (brå forandring i jobbsituasjon),  så blei enden på visa Shanghai-ferie og ei natt i 47. etasje på dette bygget: 
J.W. Marriott. Ligg ikkje så mange minuttane i taxi frå oss, men forandring fryder uansett! Utsikt frå hotellrommet by night: 
Ulike vinklar frå dagen i dag, uansett kvar ein snur seg, så ser ein høge hus i alle retningar og så langt auga kan sjå... skal jo litt husvære til for å ha plass til godt over 20 millionar mennesker...:


Blir alltid fasinert av dette byggjeprosjektet, og her kom me endå nærmare enn me er frå vindauga i leiligheiten vår. Er ikkje så lenge før det nye bygget har tatt igjen SWFC.
Val av hotell var litt tilfeldig og litt etter facinasjon av dette rocket shippet (i fylgje Solveig og Fredrik). Utsjånad var absolutt ein god grunn til å velje men og at det ligg tett intil "People`s Square" som er mitt i hjerte av Shanghai. Mange viktige bygningar for kultur, historie og styresmaktene er her, omgitt av flotte parkanlegg. Av bygningar ein kan kikke på og vitje er Shanghai Museum, Shanghai Urban  Planning and Exhibition Hall, Shanghai Art Museum og Shanghai Grand Theatre. 

Litt av parkanlegget:  
Utfor Shanghai Grand Theatre, ein får inntrykk av god plass og lite folk. Det er store flater, men at det ikkje er mykje folk å sjå, kjem av at plassen her er avsperra:
 Shanghai Grand Theatre med J W Marriot i bakrunn:
 Nydelege fargar i blomsterbeda:
 Shanghai Museum:
I Renmin Park er det og, som i dei fleste parkar her i Shanghai, eit lite tivoli. Alltid stor stas å køyra karusell. Eg for min del som alltid elska dette før, er på kanten til å bli litt bilsjuk (kan ein sei det om karusellar? karusellsjuk..??) og litt utrygg på om det er trygt å sitje oppi desse karusellane i det heile tatt...:
 Renmin Park:
Har høyrt at det i helgane er eit såkalla " Marriage Market" i denne parken. Og eg lurer på om det var det me kom borti i dag. Det er ein stad der dei praktiserar ein annan form for kontaktannonser enn det me er vant til. Foreldre kjem dit med diverse data om sin gifteklare son/ dotter i håp om å finne ein match. Eg les og i Lonley Planet at det er overraskande lite bileter å sjå i desse "anonnsene", som kjem av at ein går etter andre ting som høgt, utdanning, lønn.... Her er nokre annonser stilt ut:
 Her er mange fleire:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar