Sider

onsdag 10. oktober 2012

Strandidyll midt i Shanghai

Til stor glede for ungane blei det igår halv dag på skulen og ut på tur med gode vener. Dagens mål for oss, og 120 brudepar (kjem nærmare inn på det seinare...), var Da Nin Ling Shi Park. Eg googla parken før avreise og såg bileter av noko som likna på ei badestrand. Kunne ikkje heilt tru det, men me tok med strandleiker og skifteklede itilfelle nokon skulle bli våte... Og jammen var det ei flott sandstrand!:
Og med strålande Shanghai ver blei det vassing og etterkvart vart lysta så stor, at det måtte ein liten dukkert til og. Me/ ungane får godt med oppmerksomheit når me er ute på tur. Her kan de sjølv prøva å telja antal fotografar som samla seg (tett) opptil ungane:
Det er ein litt anna måte å vera nyfiken på her enn det me er vant til heime. Ulike mennesker i ulik alder (små born er jo berre kjekt, men når vaksne mennesker kjem og stiller seg 30 cm frå oss og blir ståande leeeeeenge og rett og slett glo, blir det til tider litt voldsomt både for liten og stor). Her leikar me litt på graset, og det har kome 4 vaksne mennesker (den 5 på bilete er Janicke som trass alt var ulvemora:)) som fulgte med heilt til me fant ut at det var på tide å flytte litt på oss:
For å få litt oversikt over parken tok me ein busstur rundt dette vatnet, og det var verkeleg ein nydeleg dag og idyllisk og vakker park:) 
Så attende til desse brudepara. Har forstått det slik at når dei giftar seg her så går det slideshow under heile bryllupsfesten med bileter av brudeparet i ulike oppdressingar og frå ulike stader. Det gjer at dei i langt tid på førehand må ut og fotograferast. Det er massevis av eigne byrå som tilbyr full pakke med diverse kjolar, artig tilbehør (som ballongar, bamsar, gitar....) fotograf og det som skal til. Så er det lange dagar med fotosession med skifte av "kostymer" og bakrunn for bileta. Leon, sjåføren vår, sa når me gjekk ut av bilen, at denne parken var kjempepopulær i helgane for kommande brudepar til å ta bileter i. Så då lurer eg på kor tettpakka dei står her i helgane og gjer ablegøyer, for denne dagen var det brudepar på alle kantar medan me var der. Kjempekjekt å fylgja med på. (Eg droppa å ta med kameraet vårt då eg som vanleg har nok å bæra på når me er ute på tur, men angra skikkeleg, for skulle gjerne hatt litt betre kamera og soooom denne dagen... ) Her har dei akkurat skifta frå skikkeleg brudekjole til orange kjole, ballongar og gitar: 
 Nydeleg oppstilt og me får sett ein flott kjole:
Kor er sooomen?? Alle dei kvitkledde de ser litt bak i bilete er brudepar som er ferdig med dagens fotografering i denne parken (talte 10 par),  så kom det ein minibuss køyrande, den satte av 10 nye par og desse 10 ventande gjekk inn i bussen for kanskje å bli frakta til neste park? tårn? eller kor dei måtte ynskja å ha bileter ifrå.



1 kommentar:

  1. Oi, dette ser jo flott ut. Du finner godbitene i byen Arna:)

    SvarSlett