Sider

onsdag 28. november 2012

Cupping

Eeendeleg har eg prøvd litt kinesisk medisin i Kina... Har fått masse spørsmål om tcm (tradisjonell kinesisk medisin), og mange blir overraska når eg seier at det verken ser eg eller høyrer så mykje om det. Men altså, i dag har eg prøvd "cupping", ikkje behageleg, ikkje direkte vondt, men på bilete ser det velg ganske forferdeleg ut??:) 
 Og slik såg det ut 10 min etter at koppane var tatt av:
Målet er å finna ein "skikkeleg" kinesisk medisinar i løpet av vinteren. Ein som tek puls og ser på tunga og deretter finn ut om eg treng akupunktur, cupping, moxa eller noko av det andre dei driv med. Kjennest godt ut å endeleg koma igong!:) Shanghai marathon nermar seg, 3 dagar att. Kryssar fingrane for at dagens behandling skal gje litt ekstra "qi" (energi) og vera med på å toppa formen... Byrjar å bli litt nervøs ja:)

mandag 26. november 2012

Nyklypt gras

Det er framleis godt ver i Shanghai! Dog, det er kjøligt i skuggen, vel 6 grader i dag, men når sola kjem fram så varmar den godt. Etter ein betre dumplings lunsj med nokre kjekke norske damer, vandra eg ein liten tur gjennom People Square på vegen heim. Sola varma og plutseleg kjente eg lukta av nyklypt gras...:) Det lukta sååå godt, og det var så fint å vandra gjennom parkanlegget der. Midti i millionbyen, så var det fredeleg og idyllisk. Grasbakken med Shanghai museum i bakrunn: 
 Det blomstrar framleis (men dei er flinke til å plante nytt når nokon blomar byrjar gje tapt):
Berre ein litt anna vinkel, "kula" de ser i bakrunnen er toppen på SAS hotellet me budde på nokon netter i august i fjor då me ankom Shanghai for fyrste gong (eg og ungane for fyrste gong, Lars Petter var vel bereist i Shanghai forut):
 Her ser de heilt ferske plenklyppar spor:)
Så kan ein studere moten som råder om ein vil, eller gje litt mat til duene. Eg satte opp tempoet etter dette bilete blei tatt, var duer i alle nivå, og eg ville helst unngå og kræsje med ei, eller få noko dettande ned i hovudet...:



torsdag 22. november 2012

Zhujiajiao

Starten på Shanghailivet i august ifjor var hektisk og overveldande. Men heldigvis tok det ikkje mange dagane før me kom i kontakt med andre norske (takk til Janicke som inviterte oss heim til seg på vår 3 dag her, ungane fekk leika og eg og Janicke fant ut at me hadde ganske mykje å snakka om:)), og etterkvart frå andre nasjonar.  Har tenkt at den viktigaste årsaken til at eg har trivdes så godt i dette anleis livet, er menneska eg har møtt. Det gjer og at det som er mest trist med dette "expat" livet er når nokon reiser. Nokon heimreiser veit me om i god tid, andre skjer brått og uventa. Rixt, som eg blei kjent med gjennom skulen til ungane, er ein av dei som har forlatt Shanghai brått. Denne veka har Rixt vore attende i Shanghai for å sei "hadet" til blandt andre meg;) og rase gjennom alle dei supre tinga Shanghai har å by på. Forresten, eg seier aldri "hade"men "på gjensyn" det er mykje kjekkare!:) 

Sidan Rixt ikkje hadde rekt å ta turen til ein vannby i tida ho budde her, tok me ein formiddagstur til Zhuijaijao, som er ein vannby som ligg 3 mil utafor Shanghai. Her er me godt nøgde med å funne ein triveleg kinesisk kar som kunne ta bilete av oss, og ikkje minst, me fant ein god kaffibar midt i Zhuijajiao:) 
Etter ein oppteljing har eg no vore i 7 vannbyar kring Shanghai. Kor mange vannbyar det er kjem vel litt an på kven ein spør og kva ein definerar som vannby. Men uansett, så er det eit godt tal og eg er veldig nøgd (i ei bok eg har er det lista 10 vannbyar). Dei har alle sin eigen sjarm, samstundes som det er mykje likt. Zhuijaijao sett frå elva: 
Ingen ting å sei på maten som blir tilbydt: 
 - eller på antal lokale restaurantar å velje mellom (me holdt oss til kaffien og tok lunsjen når me var attende i Shanghai) Sjølv om eg byrjar bli mykje meir vant til lokal mat, så ser ein av og til litt for mykje inn på kjøkkena, der maten blir laga og kor oppvasken blir tatt, så ein klarar fint å venta litt med neste måltid):
 Om det er denne fisken som blir servert så er det greit å venta...:
 Her fiskar dei, artig å sjå på korleis dei handterte garnet opp og ned:
Ein som står og vaktar:
Eit tempel. Ein kunne kjøpa eit slikt raudt silkebånd, der det stod for eksempel "eit langt og godt liv", "god helse"osv og hengje opp i treet, så vil bønnene bli høyrt av dei som måtte passe på denne staden.

Eit ganske idyllisk bilete frå byen til slutt. Dama som sit og et lunsj på fortauet her har levd lenge og opplevd litt av kvart vil eg tru. Hadde vore artig om ein kunne fått høyrt livshistorien til nokon av dei ein møtte på!

onsdag 21. november 2012

Få hender på barneheimen

Var på barneheimen på fredag og har brukt litt tid på å fordøya opplevingane... Eg tykkjer det er så uendeleg trist og urettferdig. Fredag var eg for fyrste gong "åleina" på det rommet som eg går til, og då merka eg kor godt det er å vera der fleire ilag. Då pratar me oss litt imellom og "bearbeidar" det me ser litt med ein gong. Det skjedde ikkje noko spesielt, eller kva skal eg sei, noko eg ikkje har sett før, men det er så vanskeleg å forstå at barn skal bli "force feeda" (lagt på rygg, om dei ikkje samarbeidar, dvs svelger unna maten i ein fei, blir dei holdt for nasen og nokon og lagt ein klut for augene), kasta i seng bokstaveleg talt (dunk høyrer me) og tilbringa mesteparten av døgnet i senga eller i ein stol. 

Denne fantastiske guten er ein solstråle, alltid smilandes og blid. Me var ein tur på leikerommet og han fekk gått litt og rørt på seg. Når me kom inn til maten, blei eg tildelt ein annan å mate fyrst, eg bruker jo aaaalt for lang tid, og innan eg var ferdig var solstrålen ferdig mata, på den harde måten, og det var kanskje det som blei for tøft for meg. Han har ete sitjandes dei andre gongene, men det var det ikkje nok hender til denne dagen. Han grein og kjempa litt imot og eg grein med han: 
Ein annan solstråle, ei frisk jente som ventar på at foreldra skal kome og hente ho, eg håpar kvar gong at ho ikkje er der meir, at ho har fått kome heim...:
 Eit bilete som ikkje treng så mange ord:
Jenta her strakte seg etter lyset, så satte ho seg ned igjen og kikka mot vindauget ei stund før ho igjen snudde seg rundt og sov litt vidare...:
Eg har sagt det fleire gonger før, men seier det igjen. Det er ikkje til å holde ut at barn skal ha det slik...

På slutten av besøket møtte eg ei anna norsk som hadde vore på eit anna rom. Me føler oss vel like hjelpeslause alle som har vore på besøk der. Men det hjelp å snakke om det.

søndag 18. november 2012

Trappesykling

I mangel på snø og ski på tv frå Beitostølen, måtte me finne på andre aktivitetar i helga. Til Fredrik sin store glede vart aktivitetane sykling og klatring i trær... Her er Fredrik ute og testar nye grenser: 
 Solveig vil og gjerne, men liknar for mykje på mora, og treng litt støtte dei fyrste gongane:
Ikkje noko å sei på farten, og endeleg kom me oss til ein stad der Fredrik kunne tråkke på alt han orka lenge, utan noko særleg med formaningar om å passe seg, sykle sakte, stoppe for bilen, mopeden, hundane ..... what ever:
Balansetrenig på gang. Eg forheld meg roleg når Solveig prøver, det er sjeldan ho utfordrar sjebnen alt for mykje:
Men derimot når Fredrik set utfor kjenner eg meg ofte ganske fortvila...(nett som att kroppsspråket kan hjelpa meg...)
Klatring i tre, me holdt på så lenge me turte, og venta stendig at det skulle kome ein vakt forbi og fortelje oss at dette absolutt ikkje var lov. Vanlegvis kryr det av vaktpersonell her, men denne dagen var det ihvert fall 200 meter sikt utan å sjå nokon, så det blei ei god økt i treet:




fredag 16. november 2012

Norwegian Seafood Dinner 2012

Me var så heldig å få vera med på årets norske fiskemiddag her i Shanghai i år igjen. Der blei det servert østers, kongekrabbe, sild, røykelaks, reker, torsk, musling og Bergens fiskesuppe på dei best tenkelege måtane. Sjølve middagen fant stad på det staslige hotellet Peninsula som ligg heilt nede på the Bund. Hotellet med beliggenheit, interiør og ballrom gjer hendinga stasleg i seg sjølv. Så då var det berre å pynta seg etter beste evne og nyta ein heilaften:) Mest nøgd med nye sko for anledningen, tom med med litt hælar!:) 
På scena, samt to store tv-skjermar på kvar side av rommet, gjekk det slideshow gjennom heile kvelden med diverse bileter som viser Norge frå si flottaste side, dvs mest frå sognefjorden:) 
Scena sett frå vårt bord, var ikkje helt heldig med lyssettinga der, men de får eit inntrykk av korleis det var i salen: 
 Lars Petter sin favoritt:
 Eit lite utval av dei ulike serveringane:

mandag 12. november 2012

Chongming Island og motorhavari

I går var me ute på tur og ferden gjekk under og over Yangtze River til Chongming Island. Fyrst ein tunell under elva til Changxing Island deretter ei bru på 9968 meter til Chongming Island:
Desse to øyene ligg akkurat i utløpet der Yangtze River møter East China Sea. Når me køyrte over brua og nærma oss øya, var det ingen høge hus å sjå. Det er løge kva ein blir vand til, for oss føltes det som å koma godt ut på landet og det var herligt å ikkje ha alle høge husa overalt. Eg var den som vart mest begeistra for dette, då kom det nøkternt frå bakerste sete at det var jo ikkje noko spesielt, "på Krok er det jo ingen høge hus..."
Sjølv om hausten kom brått på oss i forrige veke og temperaturen gjekk frå over 20 til rundt 10 grader, er det framleis grønt og frodig, og ute på Chongming Island var det ekstra grønt, det var ein strålandes dag med blå himmel og masse flott natur å nyta:
Der ute som ellers i dette landet, er det ikkje fult før det renn over...:
Etter mest 1,5 time i bilen var me framme ved Chongming Island Forest Park, og det var tid for å sleppa laus litt energi. Dagens framkomstmiddel blei sparkesykkel:
 Stort sett gode vener:
 Til stor glede fant Fredrik eit supert klatretre, eit tre som for meg såg ut som ein kjempe-rhododendron,
 Det baud på så bra utfordring at det måtte ein liten redningsaksjon til når ein skulle kome ned igjen:
 Og ellers kom sparkesykkelkameratane seg godt og raskt fram:
 Ein nydeleg dag. Fekk godt med vind i håret og det var herligt å vera ute heile dagen:
 Plutseleg fekk me auge på denne innimellom skogens trær:
Så var det tid for å reise heim. Det gjekk greit over den lange flotte brua, så møtte me på kø i tunellen under Yangtze og me snirkla oss framover. Etterkvart tok alle i baksete seg ein blund og det blei bråvåkning når me høyrte "boff" og det oste røyk ut av panseret. Leon vart litt redd for at bilen skulle gå opp i røyk trur eg, og det var absolutt eg og... "I think you all should get out of the car", som sagt så gjordt. Me ut av bilen, midt på motorvegen, med tett tett trafikk. Takk og pris for at me var kome ut av tunellen. Ingen som stoppar for å høyre om me trengde hjelp, heller ingen som tilbydte oss skyss ut av motorvegen, nei, istaden var det tuting og irriterte bilistar for at me stoppa akkurat der... Etter hektisk prat i telefonen for Leon sin del, og litt frustrasjon for våras del, kom det plutseleg ein taxi forbi som faktisk stoppa. Me raska med oss dei viktigaste eigendelene og kunne forlate heile sirkuset og overlate problemet til Leon... Nokon fordeler er det jo å ha privatsjåfør:)




torsdag 8. november 2012

Korn til tørk

Om ein køyrer litt ut av Shanghai, vil ein i desse dagar sjå korleis kornet blir tørka. Det blir rett og slett lagt til tørk på asfalterte vegar. Både på motorvegen, litt mindre vegar, eller som her på ein stor parkeringsplass: 
Skiltet er eit kapittel for seg, har ikkje noko med korntørking å gjera, men de ser korleis det ligg utover parkeringsplassen bak:
Det har blitt vist bileter frå klesvaskar til tørk før, men her har de frå vasking til det heng oppe på gata til tørk:)



onsdag 7. november 2012

Andlet i Zhoushuang

I Zhoushuang, vannbyen me var i forrige veka, var det veldig masse flott å ta bileter av. Det gjeld ikkje berre bygningar og kanalane som staden har å by på, men og menneska som lev og arbeidar der. 
Denne dama sat og selde tørka fisk, det raude "flagget" jobba ho med heile tida for å halda flugene vekke: 
 Sjå kor herleg!! Så god og blid. Ho sat i ein butikk og spant garn, dei som ville fekk lov å prøva:
 Denne dama var ute og vaska klede, off for ein vond rygg...
Eit par damer som er betre bemidla. Dei var turistar som oss denne dagen, og jobba her med å samla troppene til fotografering:
 Medan denne fiskaren tok livet med ro med eit slag rubiks kube: