Sider

mandag 12. november 2012

Chongming Island og motorhavari

I går var me ute på tur og ferden gjekk under og over Yangtze River til Chongming Island. Fyrst ein tunell under elva til Changxing Island deretter ei bru på 9968 meter til Chongming Island:
Desse to øyene ligg akkurat i utløpet der Yangtze River møter East China Sea. Når me køyrte over brua og nærma oss øya, var det ingen høge hus å sjå. Det er løge kva ein blir vand til, for oss føltes det som å koma godt ut på landet og det var herligt å ikkje ha alle høge husa overalt. Eg var den som vart mest begeistra for dette, då kom det nøkternt frå bakerste sete at det var jo ikkje noko spesielt, "på Krok er det jo ingen høge hus..."
Sjølv om hausten kom brått på oss i forrige veke og temperaturen gjekk frå over 20 til rundt 10 grader, er det framleis grønt og frodig, og ute på Chongming Island var det ekstra grønt, det var ein strålandes dag med blå himmel og masse flott natur å nyta:
Der ute som ellers i dette landet, er det ikkje fult før det renn over...:
Etter mest 1,5 time i bilen var me framme ved Chongming Island Forest Park, og det var tid for å sleppa laus litt energi. Dagens framkomstmiddel blei sparkesykkel:
 Stort sett gode vener:
 Til stor glede fant Fredrik eit supert klatretre, eit tre som for meg såg ut som ein kjempe-rhododendron,
 Det baud på så bra utfordring at det måtte ein liten redningsaksjon til når ein skulle kome ned igjen:
 Og ellers kom sparkesykkelkameratane seg godt og raskt fram:
 Ein nydeleg dag. Fekk godt med vind i håret og det var herligt å vera ute heile dagen:
 Plutseleg fekk me auge på denne innimellom skogens trær:
Så var det tid for å reise heim. Det gjekk greit over den lange flotte brua, så møtte me på kø i tunellen under Yangtze og me snirkla oss framover. Etterkvart tok alle i baksete seg ein blund og det blei bråvåkning når me høyrte "boff" og det oste røyk ut av panseret. Leon vart litt redd for at bilen skulle gå opp i røyk trur eg, og det var absolutt eg og... "I think you all should get out of the car", som sagt så gjordt. Me ut av bilen, midt på motorvegen, med tett tett trafikk. Takk og pris for at me var kome ut av tunellen. Ingen som stoppar for å høyre om me trengde hjelp, heller ingen som tilbydte oss skyss ut av motorvegen, nei, istaden var det tuting og irriterte bilistar for at me stoppa akkurat der... Etter hektisk prat i telefonen for Leon sin del, og litt frustrasjon for våras del, kom det plutseleg ein taxi forbi som faktisk stoppa. Me raska med oss dei viktigaste eigendelene og kunne forlate heile sirkuset og overlate problemet til Leon... Nokon fordeler er det jo å ha privatsjåfør:)




1 kommentar:

  1. Høres ut som en flott dag, men ser for meg kaoset da bilen streiket.. Bra dere fant en taxi og kom dere vel hjem.

    SvarSlett