Sider

tirsdag 6. november 2012

Dobbeltbesøk

Det er stas med besøk frå Norge. Nokre dagar etter at Einar og Ingjerd var på plass, gleda Åshild og Gry Hege oss med sin ankomst. Begge "reiselaga" la inn ein tur til Beijing i tida dei var her, men nokon kveldar var me alle ilag. Den fyrste brukte me til å ta med heile gjengen på Teppanyaki. Dette var nytt for alle gjestene noko som jo er morro både for dei og for oss, og så smakte det som vanleg heilt supert!:) 
Eg som er sjefsguiden i huset, hadde litt problem med å hugsa kva eg hadde visst til kven på nokon tidspunkt... Men eg meinar me kom oss igjennom det viktigaste på den tida som var til rådigheit.

Eg, Einar og Ingjerd hadde ein flott dag på taket i Yu Garden, med sol, blå himmel og ein halvtimes pause med innlagt "tea time":

På "taket" i Yu Garden (som er sjølve "turist- gamlebyen" i Shanghai) var det ombygging på gang, og ingen andre som hadde funne vegen dit. Så i ein ellers veldig travel turistplass, fekk me heile takterassen for oss sjølv! Me gjekk frå eit myldrande folkeliv, til den beste plassen på heile Yu Garden, så er det ingen andre der!! he he. 10 poeng til oss. Litt av utsikten:
Så frå "turist" gamlebyen til den "ekte" gamlebyen. Det eg meinar når eg snakkar om gamlebyen, er dei områda i Shanghai der bygningane som er eldre enn 1980 står... Er vel hus frå starten av 1900 talet og framover tippar eg, sjeldan meir enn 2 etasjar høge. Dei aller fleste av desse husa er reve til fordel for skyskrapara, og er det sant som det blir sagt, så vil det om nokon få år knapt vera å finna slike områder her...? Når me går her, kjem me verkeleg tett inn på livet til dei som lev her. Ein ser rett inn på senga, vasken og kjøkkenet deiras. Kjøkkenet og vasken er som oftast ute på fortauet, der også klesvasken heng. Det er enorme kontrastar å sjå, både i Shanghai som by, men og på deira liv kontra vårt...:
Den rosa og blå prikken bakerst i bilete er Åshild og Gry Hege som kjem på sykkel. Me hadde ein sykkel- sightsing-dag. Der siste delen var gjennom deler av gamlebyen:
 Sykkla gjennom Yu Garden, der Åshild fekk tatt litt bileter:
Dei fleste som kjem hit har ein formeining om kva kinamat er og korleis det smakar. Me måtte jo visa litt av det som ikkje blir servert på kinarestaurant i Norge, det er sååå godt!! (og det som er så fint at alle rettane blir satt på bordet, så kan alle eta av alle rettane, så slepp ein å vera skikkeleg misfornøgd med sitt dårlige val):
 Åshild og Gry Hege godt i gong med å eta med pinnar:
Sånn skal det gjerast: 
Då Einar ikkja hadde noko behov for å bli med på massasje eller annsiktsbehandling, var han gladeleg heima og leika med ungane: 
 det gjorde jo eg berre slik til: - og var lukkeleg guide til Dragonfly:)
 Det blei og tid for å reise ein tur til vannby. Me tok den som låg nærmast, Zhouzhuang:
 Berre vakkert...:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar