Sider

onsdag 21. november 2012

Få hender på barneheimen

Var på barneheimen på fredag og har brukt litt tid på å fordøya opplevingane... Eg tykkjer det er så uendeleg trist og urettferdig. Fredag var eg for fyrste gong "åleina" på det rommet som eg går til, og då merka eg kor godt det er å vera der fleire ilag. Då pratar me oss litt imellom og "bearbeidar" det me ser litt med ein gong. Det skjedde ikkje noko spesielt, eller kva skal eg sei, noko eg ikkje har sett før, men det er så vanskeleg å forstå at barn skal bli "force feeda" (lagt på rygg, om dei ikkje samarbeidar, dvs svelger unna maten i ein fei, blir dei holdt for nasen og nokon og lagt ein klut for augene), kasta i seng bokstaveleg talt (dunk høyrer me) og tilbringa mesteparten av døgnet i senga eller i ein stol. 

Denne fantastiske guten er ein solstråle, alltid smilandes og blid. Me var ein tur på leikerommet og han fekk gått litt og rørt på seg. Når me kom inn til maten, blei eg tildelt ein annan å mate fyrst, eg bruker jo aaaalt for lang tid, og innan eg var ferdig var solstrålen ferdig mata, på den harde måten, og det var kanskje det som blei for tøft for meg. Han har ete sitjandes dei andre gongene, men det var det ikkje nok hender til denne dagen. Han grein og kjempa litt imot og eg grein med han: 
Ein annan solstråle, ei frisk jente som ventar på at foreldra skal kome og hente ho, eg håpar kvar gong at ho ikkje er der meir, at ho har fått kome heim...:
 Eit bilete som ikkje treng så mange ord:
Jenta her strakte seg etter lyset, så satte ho seg ned igjen og kikka mot vindauget ei stund før ho igjen snudde seg rundt og sov litt vidare...:
Eg har sagt det fleire gonger før, men seier det igjen. Det er ikkje til å holde ut at barn skal ha det slik...

På slutten av besøket møtte eg ei anna norsk som hadde vore på eit anna rom. Me føler oss vel like hjelpeslause alle som har vore på besøk der. Men det hjelp å snakke om det.

2 kommentarer:

  1. Åhhhhh Arna, jeg skulle så ha vært der med deg!!! Stakkars guttebassen vår, de kan ikke være "slemme" mot han!!!!!! Han spiser om han får tid på seg, ser ikke behovet for å force feede han!!! Grrrr!!! Stå på ARna, du er enestående!!

    SvarSlett
  2. Huff! :( Gråter litt*
    Ann-Elén

    SvarSlett