Sider

torsdag 22. november 2012

Zhujiajiao

Starten på Shanghailivet i august ifjor var hektisk og overveldande. Men heldigvis tok det ikkje mange dagane før me kom i kontakt med andre norske (takk til Janicke som inviterte oss heim til seg på vår 3 dag her, ungane fekk leika og eg og Janicke fant ut at me hadde ganske mykje å snakka om:)), og etterkvart frå andre nasjonar.  Har tenkt at den viktigaste årsaken til at eg har trivdes så godt i dette anleis livet, er menneska eg har møtt. Det gjer og at det som er mest trist med dette "expat" livet er når nokon reiser. Nokon heimreiser veit me om i god tid, andre skjer brått og uventa. Rixt, som eg blei kjent med gjennom skulen til ungane, er ein av dei som har forlatt Shanghai brått. Denne veka har Rixt vore attende i Shanghai for å sei "hadet" til blandt andre meg;) og rase gjennom alle dei supre tinga Shanghai har å by på. Forresten, eg seier aldri "hade"men "på gjensyn" det er mykje kjekkare!:) 

Sidan Rixt ikkje hadde rekt å ta turen til ein vannby i tida ho budde her, tok me ein formiddagstur til Zhuijaijao, som er ein vannby som ligg 3 mil utafor Shanghai. Her er me godt nøgde med å funne ein triveleg kinesisk kar som kunne ta bilete av oss, og ikkje minst, me fant ein god kaffibar midt i Zhuijajiao:) 
Etter ein oppteljing har eg no vore i 7 vannbyar kring Shanghai. Kor mange vannbyar det er kjem vel litt an på kven ein spør og kva ein definerar som vannby. Men uansett, så er det eit godt tal og eg er veldig nøgd (i ei bok eg har er det lista 10 vannbyar). Dei har alle sin eigen sjarm, samstundes som det er mykje likt. Zhuijaijao sett frå elva: 
Ingen ting å sei på maten som blir tilbydt: 
 - eller på antal lokale restaurantar å velje mellom (me holdt oss til kaffien og tok lunsjen når me var attende i Shanghai) Sjølv om eg byrjar bli mykje meir vant til lokal mat, så ser ein av og til litt for mykje inn på kjøkkena, der maten blir laga og kor oppvasken blir tatt, så ein klarar fint å venta litt med neste måltid):
 Om det er denne fisken som blir servert så er det greit å venta...:
 Her fiskar dei, artig å sjå på korleis dei handterte garnet opp og ned:
Ein som står og vaktar:
Eit tempel. Ein kunne kjøpa eit slikt raudt silkebånd, der det stod for eksempel "eit langt og godt liv", "god helse"osv og hengje opp i treet, så vil bønnene bli høyrt av dei som måtte passe på denne staden.

Eit ganske idyllisk bilete frå byen til slutt. Dama som sit og et lunsj på fortauet her har levd lenge og opplevd litt av kvart vil eg tru. Hadde vore artig om ein kunne fått høyrt livshistorien til nokon av dei ein møtte på!

1 kommentar:

  1. Så kosleig at Rixt har vært på besøk og at dere fikk sagt et skikkelig på gjensyn:) Herlig å få nye venner og trist å måtte ta farvel eller på gjensyn etter å oppleve noe så spesielt sammen som å bo i KIna:) Heldige er vi på godt og vondt:)

    SvarSlett