Sider

lørdag 29. desember 2012

Minner frå Bali

Då har me landa godt i Shanghai igjen, og juleferien i Singapore og Bali er brått blitt historie... Etter to veker i tropevarmen har me i dag opplevd regn og for fyrste gong snø i Shanghai (ok, sludd, som smelta før det traff bakken). Me har drukke kaffi på Costa i Zhenning Lu (for dei som kjenner til gatene her), handla på Pines i Anfu Lu og vaska og vaska og vaska klede, men til slutt, og takk og pris, kom Ola og Håkon på ein liten ettermiddagsbesøk og redda "antiklimaksdagen" for Solveig og Fredrik. Eg las i Shanghai Daily at Shanghai Tower (den nye høge huset) har passert 90 etasjar no og 425 meter over bakken, dei reknar med å vera ferdig med ein ny etasje kvar 7 dag... Lovar godt for at me skal få sjå det voksa inn i himmelen før me forlet Shanghai...:) Skal koma attende med bilete av den på den fyrste godversdagen:) 

Me kjem til å sakna mykje frå dagane på Nusa Dua, men det beste med å koma attende til Shanghai er å sleppe unda den høge luftfuktigheita og sova i eit kaldt rom (i hvert fall eit par månedar framover:)). Her er Solveig og Fredrik på stranda på dagen på julafta, skulle vel gått ut som eit "god jul" bilete litt før, men det er merkeleg så travelt ein har det på ferie...: 
På sjølve julekvelden var det eit flott opplegg på hotellet med mykje god mat og flott underholdning med blandt anna eit stort barnekor:
Julenissen kom!! og hans (sexy) hjelpar var med og delte ut gåver til borna. Stakkars nisse, må ha vore heilt forferdeleg varmt:
 Fredrik har eit litt anna søvnbehov enn Solveig, og tok seg ein liten power nap mest kvar dag:

 Frå stranda i Seminyak der me ville få med oss solnedgangen:
 og bading i bylgjene var ein stooor suksess:
Himmelen var berre vakker, restauranten "Ku De Ta" i bakrunnen, same navnet som me hadde middag på på toppen av Marina Bay Sands i Singapore:)
Her er nokre apekattar me fekk helst litt meir på enn nokon av oss tykte var heilt greit. Me vitja eit tempel på Uluwatu Cliff der ein del av attraksjonen var "naughty monkey". Apekattane blir mata av alle som kjem på besøk, og dei er så vand med mennesker at dei klatrar rundt på deg i jakten på meir føde, eller dei finn noko anna dei kan ta med seg, solbriller t.d. Det hjalp ikkje å hyssje dei vekk eller klappe i hendene, dei fresa litt og kom bort til deg alikavel... Det kom ein apekatt og klatra på Solveig og både ho og eg blei lettare satt ut, og etterpå klorte ein annan apekatt Fredrik i armen i sin iver på jakt etter meir mat. Det spørst vel kven som er mest naughty i dette spelet, menneska som har byrja å mata apekattane eller apekattane som fylgjer innstinktet sitt, minste motstands veg i jakten på føde....:
 Utsikt frå toppen mot klipper og bylgjer og sjø:
 Her er heile reisefylgjet samla, alle vaksne fekk utdelt sarong å gå med då dette jo var eit tempel:
 "Gutta på tur":
 Ein av dei finaste naturopplevingane på turen var Uluwatu beach:

 og etter ein dag med sightseeing og bading er det ingen ting som slår ein kald coca-cola!!?:)
Mange stader på hotellet og i nærleiken var det skilt som varsla om korleis å forholda seg i tilfelle tsunami... Ein lite triveleg tanke, og der dette skiltet var satt opp skulle du springa rimleg fort for å redda deg sjølv, var ihvert fall eit par-tre kilometer til høgare grunn...:
No er det kun eit par dagar att av 2012, me har framleis juleferie heile gjengen her i 1182 (nr på leiligheiten vår), så ettersom værmeldinga lovar sol og mellom 5-10 grader håpar me på nokon fine utflukter i dagane som kjem. Fortsatt god romjul til alle!! 

lørdag 22. desember 2012

Ting som bør prøvast på stranda

Alle som har vore her på Bali (eller mange andre liknande "syden" stader) veit at det kan vera ganske hektisk med selgara om ein rører seg ned til stranda. No bur me på Nusa Dua som er ein resort avdling (slik eg har oppfatta det) på Bail, og deretter regulert litt meir av reglar som skjermar oss litt frå alt kjøpepresset. Men litt har det vore her, og litt er jo morro! Er godt med litt fartstid i Kina, både med prutekompetanse og prisinnsikt..... Uansett blir me nok litt lurt heile tida, og det er greit å tenkja på at desse flittige damaen har gjordt ein god handel:) Her får Solveig fletta håret sitt: 
 eg har fått ein orkideklemme i håret:
På Kuta Beach fekk Solveig blomsterneglelakk på hendene (som forsvant ved fyrste bad etterpå!!???) og jordbær på beina (som framleis er der), medan Fredrik brukte gooood tid på å finne den "kuleste" tatoveringa som absolutt skulle vera på magen:
 Så var dei igong, og det var kjekt med det same:
 kjempekjekt!:
 men plutseleg så vart det litt kjedeleg å sitje å vente på at tatoveringa skulle bli ferdig....:
 Her er Solveig hårfin på kveldens middag, eg vurderer no om eg og skal få fletta håret mitt slik:

Bading på Bali

Då har me ankome årets juledestinasjon, Hotel Melia, Nusa Dua, Bali (Indonesia). Me er på slutten av andre dagen her og har kome godt igong med slaraffenlivet med frukost, bading, lunsj, bading, bading, bading, middag og passleg tidleg i seng... 
Det var ikkje berre enkelt å sjekka inn på hotellet sidan me ikkje hadde printa ut bookinga vår. Tok vinter og vår før resepsjonisten var med på notene og kunne plassera oss på rom og skriva ut ein haug med vouchera (altså, kvar rom fekk ein voucher kvar pr dag til å bruka på eit knippe utvalg av hotellets facilitetar...høyrest så veldig fint ut, til ein skal byrje å bruke dei, så gjeld dei ikkje pga andre tilbud akkurat i det tidsrommet, gjeld ikkje på den restauranten, gjeld berre etter det klokkeslettet osv... Det var det eine, det andre som irriterar oss grønne her er internett opplegget som er veldig innvikla eller utvikla eller alt ettersom, uansett, det får me ta ein annan gong). Her står heile familien Blikom og prøver å få sjekka inn: 
 Medan eg kikka litt på omgivnadane i resepsjonen som jo var vakre:
og dei to minste tok ein liten pust i bakken. Dei var lure og forholdt seg roleg i desse 35 gradene i den timen det tok oss å få eit hotellrom:
 Men så er livet på Bali i gong, litt badebileter, Lise øver på snorkling:
 Arild alt under vatn, så han viser litt kunster på overflata:
 Solveig tek ein pause frå snorklinga og sit litt på ryggen:
 Så var det bylgjer på stranda, pass deg Fredrik!!:
 kjempemorro:
Fredrik har kanskje byrja å få inn "barefoot" teknikken på springina, medan Solveig må jobba litt vidare med å ikkje landa på hælen:):




onsdag 19. desember 2012

Marina Bay Sands

Då var dagane i Singapore forbi og me sit på på flyplassen klare for take off til Bali. Siste dagen var me på bytur og båttur der me fekk godt utsyn til dette flotte byggverket; "Marina Bay Sands", der det er bar, restaurantar og basseng med tilhøyrande palmar på toppen: 
 På ettermiddagen var det dametur opp på toppen der me kosa oss med flott utsikt og ein cocktail:
og me kan bekrefta at det var basseng på toppen, stort var det og! men begrensa tilgang for skuelystne for å skjerma hotellets gjester: 


På kvelden fortsatte me å nyte livet på fyrste klasse, med middag på Ku De Ta på toppen av Marina Bay Sands:


tirsdag 18. desember 2012

Regntid

Så var me attende på Sentosa, det er fjerde gongen på halvanna år, så me kjenner at me byrjar å bli greit kjend i området... Til forandring frå dei andre gongene så har Lars Petter denne gongen ferie (stort sett ihvert fall) og så har farmor, farfar, tante Lise og onkel Arild kome. Eg trur det var ein heilt ubeskriveleg lukkefølelse for begge borna når dei eeeendeleg kom ut av flyplassen...:) Det betyr jo og at for min del blir dette oppholdet også heilt anleis. No er eg ikkje åleina om å leggja opplegget for dagen, ei heller passa på og underholda ungane 24-7 så de kan tru eg nyt livet på solsenga:) 

Varmen kjem imot deg når du går ut av flyet, og ein pakkar fort vekk ullskjerfet og andre varme klede ein måtte lurt med seg frå Shanghai. Tidligare har det vore sol frå blå himmel dei aller fleste dagane, har vore ei regnskur innimellom, men denne gongen så har det stort sett regna heile ettermiddagen, dvs frå 13-14 og utover. Då er det ikkje snakk om litt duskregn heller, det bøtta ned når me var på litt sightsing inne i byen: 
Ein kunne telja til 3 så var kledna heilt gjennomvåte, men det gjer jo ingen ting, for det skal trass alt litt meir til før ein byrjar å fryse...
Det blir pynta veldig til jul i byen og på hotellet her. Heile paradegata, Orchard Road, er full overfylt av julepynt: 

 Og hotellet me bur på har gjordt seg stor flid i lyssettinga på kvelden:


Lyset på kvelden er kjempeflott, men ellers så kan eg ikkje koma lengre unna "julestemning" enn her eg befinn meg no. Det blir nok jul i år og, men ei heilt anleis jul.

lørdag 15. desember 2012

To nye matopplevingar

Forrige veke var det gledeleg gjensyn med Thea i Shanghai. Etter 6 månedar i Norge kom ho attende til  Shanghai på husmorferie (?) og forutan cafebesøk, meir "sample sales" på Skigutane, og masse prat, så blei det fleire nye matopplevingar for min del. Fyrste middagen var på koreansk barbecue "Ben Jia". Der var det ein grill midt på bordet der kjøttet blei grilla så vart det servert mange ulike sortar av tilbehør som var "standard". Det var mange nye smakar for min del, liknar på måten kinamaten blir servert på, men smaken og tilbehøret var ganske anleis. Vart dårleg med bileter denne kvelden, men eit lite innblikk, grillen byrjar bli varm og er straks klar:
Dagen etter var det "på gjensyn"-middag med Janicke. Janicke med famile reiser frå oss og Shanghai i desse dagar. Det er både kjipt og trist, men det fine er at me ikkje har så mykje lengre avstand mellom oss i Norge enn det me har hatt i Shanghai når me og flyttar heim (dvs når ein tek trafikken med i reknestykkje. Blir såklart lengre å sykla på besøk....). Me måtte prøve ut "Lammerestauranten" som den har blitt døypt av hjå dei som "oppdaga" den. Når de ser på bilete så kan de kanskje ana kvifor:
Lammekjøtt blir servert som eit heilt stykkje, og ein får utdelt hanskar til å forsyne seg med... Høyrest og ser vel ikkje heilt toppers ut, men når ein er litt forberedt på kva som ventar, så blei ikkje overraskinga så stor, og maten var supergod.

Lammerestauranten hadde meir å by på enn god mat. Det var live dans på scena. Scena var ca 10 cm frå vårt bord så når det blei bydd opp til dans frå dei proffe, var me dei fyrste som blei plukka ut til å entre scena. I minutta forut for dette fortalde Siri historen om ei norsk som hadde vore her og nekta å bli med opp på scena, men den som ikkje skal den må, so etter historien å tru, blei ho då bært opp på scena... Så når me då blei vinka opp, var det ingen som var lystne på å gjenta den historien, så me blei enkle å be:)  (bordet nærmast er vårt...):
Når så Siri og Siri prøvde å snike seg unna halvvegs i danseshowet blei dei fort plukka opp igjen på scena:

tirsdag 11. desember 2012

Julevask

Her blir det ikkje berre vaska inne til jul, igår møtte eg på ein gjeng smilande damer som sytte for at rekkverka langs ein 4 felts bilveg skulle bli litt kvitare (lukke til! om ein time eller tre vil eg tru det er attende til utgangspunktet, men ikkje veit eg, kanskje dei vaskar der kvar dag): 

"Christmas around the world"

Så var det det o`store juleshowet vel overstått. Det har blitt øvd på skulen i lang lang tid, og ungane har holdt så mykje dei har klart hemmleg for oss vaksne. Viser her nokre bileter frå laurdagens store happening i Shanghai:) 

Her har alle barne kome seg fram til scena og dei opnar showet med ulike julesongar: 
 Solveig sin klasse hadde to oppvisningar, her fyrst viser dei kunster frå kickboksing timane dei har på skulen sin til "We will rock you":
 Fredrik dansa og sang og skulle vera ein snømann:

 Så sit løvene i klassen til Solveig klare for å visa sitt andre nummer:
 Solveig og Ola, naboar og bestevenner, var "partners" i deler av løvedansen:

 Ei veldig glad og stolt løve som kunne pusta letta ut når alt var overstått: