Sider

søndag 2. desember 2012

2012 Shanghai International Marathon

Dei siste to-tre vekene har det tikka inn med den eine meldinga etter den andre frå arrangøren av Shanghai Marathon. Det har vore tips til oss i dei fleste kategoeriar, frå at me bør trena etter vitenskaplige metodar (takk skal du ha, kunne vel ha tipsa om det litt meir enn 2 veker før... he he), kva me skal eta og ikkje eta, korleis me skal forholda oss til eit evt hjerteinnfarkt (fekk og utdelt hjertemedisin i deltakarbagen.... wow!!) og i natt tikka det inn ein mld kl 04.30 med spørsmål om eg hadde ete frukost... Eit knippe av mld: 


Då me vakna i dag, var det mørkt og trist ute (pleier å vera lyst når me står opp i denne verdensdelen, også på denne tida av året:)), det regna og lysta til å leggje ut på ein litt lengre joggetur enn eg er vandt til var heller laber. Men det var vanskeleg å trekka seg slik i siste liten. Til og med luftkvaliteten var super denne dagen, beste eg har målt på min app i haust (?? flaks, sant eller usant? uansett, veldig greit å tru at det stemte). Så når klokka nerma seg 07 nærma me oss startstreken. Dei kring 20 000 andre deltakarane hadde allereie stått og stampa i køen ei stund, men me følte oss skikkeleg lure og heldige der me rusla rett forbi dei fleste sperringane og fekk plass rett bak eliten:)  
På forrige bilete såg de eliteløparane som joggar rundt med rimleg romsleg plass kringomseg, så snur eg iphonen for å ta bilete andre vegen, så ser de korleis folka stod som sild i tønne:

Medan me stod på sidelinja og venta på startskotet og plana å hoppa inn i feltet slik i akkurat passleg tid. Her står Lars Petter og kollega Simen som begge skulle ut på HEIL marathon. Eg var og er framleis lukkeleg for at eg skulle ut på halvparten.....:)
Skulle gjerne fått tatt fleire bileter, men pga regnet hadde eg eit stort rituale med å pakke telefonen inn i plastikkpose osv, så det blei ein for stor jobb å ta den fram fleire gongar. Dei fyrste 5 km jogga eg tett intil dei andre tusenar som var rundt meg. Eg var veldig overraska over kor lang tid det tok før feltet løyste seg opp slik at ein verkeleg kunne springe sitt eige løp. Det var ikkje før eg nærma meg 10 km at det hadde vore lett å sette opp farten skikkeleg, utan å måtte kjempe seg forbi sikk-sakk-sikk-sakk. Men når eg var komen dit, byrja eg å bli ganske sliten og var nøgde med å liggja der eg låg....:)

For dei som er interesert i tida, kom eg i mål på 1.56 og Lars Petter på 4.11, og ja, eg tykte det var kjempeartig!! masse folk,  god stemning rundt løypa og få springa i gatene her utan trafikk var noko av faktorane som gjorde det til ei flott oppleving! Det verker i beina i kveld og har ikkje håp om at det er noko særleg betre i morgo.. men på onsdag er alt tilbake til normalen. Her blir det tidleg kveld på meg og ungane, medan Lars Petter no sit på flyet til Sydney.


1 kommentar: