Sider

lørdag 22. desember 2012

Bading på Bali

Då har me ankome årets juledestinasjon, Hotel Melia, Nusa Dua, Bali (Indonesia). Me er på slutten av andre dagen her og har kome godt igong med slaraffenlivet med frukost, bading, lunsj, bading, bading, bading, middag og passleg tidleg i seng... 
Det var ikkje berre enkelt å sjekka inn på hotellet sidan me ikkje hadde printa ut bookinga vår. Tok vinter og vår før resepsjonisten var med på notene og kunne plassera oss på rom og skriva ut ein haug med vouchera (altså, kvar rom fekk ein voucher kvar pr dag til å bruka på eit knippe utvalg av hotellets facilitetar...høyrest så veldig fint ut, til ein skal byrje å bruke dei, så gjeld dei ikkje pga andre tilbud akkurat i det tidsrommet, gjeld ikkje på den restauranten, gjeld berre etter det klokkeslettet osv... Det var det eine, det andre som irriterar oss grønne her er internett opplegget som er veldig innvikla eller utvikla eller alt ettersom, uansett, det får me ta ein annan gong). Her står heile familien Blikom og prøver å få sjekka inn: 
 Medan eg kikka litt på omgivnadane i resepsjonen som jo var vakre:
og dei to minste tok ein liten pust i bakken. Dei var lure og forholdt seg roleg i desse 35 gradene i den timen det tok oss å få eit hotellrom:
 Men så er livet på Bali i gong, litt badebileter, Lise øver på snorkling:
 Arild alt under vatn, så han viser litt kunster på overflata:
 Solveig tek ein pause frå snorklinga og sit litt på ryggen:
 Så var det bylgjer på stranda, pass deg Fredrik!!:
 kjempemorro:
Fredrik har kanskje byrja å få inn "barefoot" teknikken på springina, medan Solveig må jobba litt vidare med å ikkje landa på hælen:):




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar