Sider

lørdag 29. desember 2012

Minner frå Bali

Då har me landa godt i Shanghai igjen, og juleferien i Singapore og Bali er brått blitt historie... Etter to veker i tropevarmen har me i dag opplevd regn og for fyrste gong snø i Shanghai (ok, sludd, som smelta før det traff bakken). Me har drukke kaffi på Costa i Zhenning Lu (for dei som kjenner til gatene her), handla på Pines i Anfu Lu og vaska og vaska og vaska klede, men til slutt, og takk og pris, kom Ola og Håkon på ein liten ettermiddagsbesøk og redda "antiklimaksdagen" for Solveig og Fredrik. Eg las i Shanghai Daily at Shanghai Tower (den nye høge huset) har passert 90 etasjar no og 425 meter over bakken, dei reknar med å vera ferdig med ein ny etasje kvar 7 dag... Lovar godt for at me skal få sjå det voksa inn i himmelen før me forlet Shanghai...:) Skal koma attende med bilete av den på den fyrste godversdagen:) 

Me kjem til å sakna mykje frå dagane på Nusa Dua, men det beste med å koma attende til Shanghai er å sleppe unda den høge luftfuktigheita og sova i eit kaldt rom (i hvert fall eit par månedar framover:)). Her er Solveig og Fredrik på stranda på dagen på julafta, skulle vel gått ut som eit "god jul" bilete litt før, men det er merkeleg så travelt ein har det på ferie...: 
På sjølve julekvelden var det eit flott opplegg på hotellet med mykje god mat og flott underholdning med blandt anna eit stort barnekor:
Julenissen kom!! og hans (sexy) hjelpar var med og delte ut gåver til borna. Stakkars nisse, må ha vore heilt forferdeleg varmt:
 Fredrik har eit litt anna søvnbehov enn Solveig, og tok seg ein liten power nap mest kvar dag:

 Frå stranda i Seminyak der me ville få med oss solnedgangen:
 og bading i bylgjene var ein stooor suksess:
Himmelen var berre vakker, restauranten "Ku De Ta" i bakrunnen, same navnet som me hadde middag på på toppen av Marina Bay Sands i Singapore:)
Her er nokre apekattar me fekk helst litt meir på enn nokon av oss tykte var heilt greit. Me vitja eit tempel på Uluwatu Cliff der ein del av attraksjonen var "naughty monkey". Apekattane blir mata av alle som kjem på besøk, og dei er så vand med mennesker at dei klatrar rundt på deg i jakten på meir føde, eller dei finn noko anna dei kan ta med seg, solbriller t.d. Det hjalp ikkje å hyssje dei vekk eller klappe i hendene, dei fresa litt og kom bort til deg alikavel... Det kom ein apekatt og klatra på Solveig og både ho og eg blei lettare satt ut, og etterpå klorte ein annan apekatt Fredrik i armen i sin iver på jakt etter meir mat. Det spørst vel kven som er mest naughty i dette spelet, menneska som har byrja å mata apekattane eller apekattane som fylgjer innstinktet sitt, minste motstands veg i jakten på føde....:
 Utsikt frå toppen mot klipper og bylgjer og sjø:
 Her er heile reisefylgjet samla, alle vaksne fekk utdelt sarong å gå med då dette jo var eit tempel:
 "Gutta på tur":
 Ein av dei finaste naturopplevingane på turen var Uluwatu beach:

 og etter ein dag med sightseeing og bading er det ingen ting som slår ein kald coca-cola!!?:)
Mange stader på hotellet og i nærleiken var det skilt som varsla om korleis å forholda seg i tilfelle tsunami... Ein lite triveleg tanke, og der dette skiltet var satt opp skulle du springa rimleg fort for å redda deg sjølv, var ihvert fall eit par-tre kilometer til høgare grunn...:
No er det kun eit par dagar att av 2012, me har framleis juleferie heile gjengen her i 1182 (nr på leiligheiten vår), så ettersom værmeldinga lovar sol og mellom 5-10 grader håpar me på nokon fine utflukter i dagane som kjem. Fortsatt god romjul til alle!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar