Sider

tirsdag 18. desember 2012

Regntid

Så var me attende på Sentosa, det er fjerde gongen på halvanna år, så me kjenner at me byrjar å bli greit kjend i området... Til forandring frå dei andre gongene så har Lars Petter denne gongen ferie (stort sett ihvert fall) og så har farmor, farfar, tante Lise og onkel Arild kome. Eg trur det var ein heilt ubeskriveleg lukkefølelse for begge borna når dei eeeendeleg kom ut av flyplassen...:) Det betyr jo og at for min del blir dette oppholdet også heilt anleis. No er eg ikkje åleina om å leggja opplegget for dagen, ei heller passa på og underholda ungane 24-7 så de kan tru eg nyt livet på solsenga:) 

Varmen kjem imot deg når du går ut av flyet, og ein pakkar fort vekk ullskjerfet og andre varme klede ein måtte lurt med seg frå Shanghai. Tidligare har det vore sol frå blå himmel dei aller fleste dagane, har vore ei regnskur innimellom, men denne gongen så har det stort sett regna heile ettermiddagen, dvs frå 13-14 og utover. Då er det ikkje snakk om litt duskregn heller, det bøtta ned når me var på litt sightsing inne i byen: 
Ein kunne telja til 3 så var kledna heilt gjennomvåte, men det gjer jo ingen ting, for det skal trass alt litt meir til før ein byrjar å fryse...
Det blir pynta veldig til jul i byen og på hotellet her. Heile paradegata, Orchard Road, er full overfylt av julepynt: 

 Og hotellet me bur på har gjordt seg stor flid i lyssettinga på kvelden:


Lyset på kvelden er kjempeflott, men ellers så kan eg ikkje koma lengre unna "julestemning" enn her eg befinn meg no. Det blir nok jul i år og, men ei heilt anleis jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar