Sider

lørdag 22. desember 2012

Ting som bør prøvast på stranda

Alle som har vore her på Bali (eller mange andre liknande "syden" stader) veit at det kan vera ganske hektisk med selgara om ein rører seg ned til stranda. No bur me på Nusa Dua som er ein resort avdling (slik eg har oppfatta det) på Bail, og deretter regulert litt meir av reglar som skjermar oss litt frå alt kjøpepresset. Men litt har det vore her, og litt er jo morro! Er godt med litt fartstid i Kina, både med prutekompetanse og prisinnsikt..... Uansett blir me nok litt lurt heile tida, og det er greit å tenkja på at desse flittige damaen har gjordt ein god handel:) Her får Solveig fletta håret sitt: 
 eg har fått ein orkideklemme i håret:
På Kuta Beach fekk Solveig blomsterneglelakk på hendene (som forsvant ved fyrste bad etterpå!!???) og jordbær på beina (som framleis er der), medan Fredrik brukte gooood tid på å finne den "kuleste" tatoveringa som absolutt skulle vera på magen:
 Så var dei igong, og det var kjekt med det same:
 kjempekjekt!:
 men plutseleg så vart det litt kjedeleg å sitje å vente på at tatoveringa skulle bli ferdig....:
 Her er Solveig hårfin på kveldens middag, eg vurderer no om eg og skal få fletta håret mitt slik:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar