Sider

lørdag 15. desember 2012

To nye matopplevingar

Forrige veke var det gledeleg gjensyn med Thea i Shanghai. Etter 6 månedar i Norge kom ho attende til  Shanghai på husmorferie (?) og forutan cafebesøk, meir "sample sales" på Skigutane, og masse prat, så blei det fleire nye matopplevingar for min del. Fyrste middagen var på koreansk barbecue "Ben Jia". Der var det ein grill midt på bordet der kjøttet blei grilla så vart det servert mange ulike sortar av tilbehør som var "standard". Det var mange nye smakar for min del, liknar på måten kinamaten blir servert på, men smaken og tilbehøret var ganske anleis. Vart dårleg med bileter denne kvelden, men eit lite innblikk, grillen byrjar bli varm og er straks klar:
Dagen etter var det "på gjensyn"-middag med Janicke. Janicke med famile reiser frå oss og Shanghai i desse dagar. Det er både kjipt og trist, men det fine er at me ikkje har så mykje lengre avstand mellom oss i Norge enn det me har hatt i Shanghai når me og flyttar heim (dvs når ein tek trafikken med i reknestykkje. Blir såklart lengre å sykla på besøk....). Me måtte prøve ut "Lammerestauranten" som den har blitt døypt av hjå dei som "oppdaga" den. Når de ser på bilete så kan de kanskje ana kvifor:
Lammekjøtt blir servert som eit heilt stykkje, og ein får utdelt hanskar til å forsyne seg med... Høyrest og ser vel ikkje heilt toppers ut, men når ein er litt forberedt på kva som ventar, så blei ikkje overraskinga så stor, og maten var supergod.

Lammerestauranten hadde meir å by på enn god mat. Det var live dans på scena. Scena var ca 10 cm frå vårt bord så når det blei bydd opp til dans frå dei proffe, var me dei fyrste som blei plukka ut til å entre scena. I minutta forut for dette fortalde Siri historen om ei norsk som hadde vore her og nekta å bli med opp på scena, men den som ikkje skal den må, so etter historien å tru, blei ho då bært opp på scena... Så når me då blei vinka opp, var det ingen som var lystne på å gjenta den historien, så me blei enkle å be:)  (bordet nærmast er vårt...):
Når så Siri og Siri prøvde å snike seg unna halvvegs i danseshowet blei dei fort plukka opp igjen på scena:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar