Sider

søndag 13. januar 2013

Barneheimen

Var på barneheimen på fredag, men desverre lite nytt å melda.  Var kjekt å sjå borna igjen, trist å reisa ifrå dei... Vanskeleg for å seia "godt nyttår" her, og vondt og klump i halsen og alt, når ein tenkjer på kva for moglegheiter som vil by seg for dei i året som kjem...

Det er vinter og ifjor opplevde eg det veldig kaldt inne på rommet, men det var grei temperatur denne dagen (eg hadde ulltrøye og boblejakke på heile tida). Borna har mange lag av diverse materiale og ser ut som små "micheling born"... men det var få kalde hender. Har blitt slik at eg alltid går på same rommet. Tenkjer at om nokon kjenner meg igjen (eg innbiller meg jo det) så er det bra for dei små, men kanskje eg gjer det lika mykje for min eigen del då eg veit kva som ventar meg. Hadde vore fint om me fekk vera der litt lengre enn den tilmåldte tida me har no, så kunne ein vore ei stund på eit par rom. 

Ein ting som var fint denne dagen, var at når eg kom ut og ringde til sjåføren, så høyrte eg barnestemmer kring han, og så kom han og ei jente rundt hjørnet. Sjåføren, Leon, som jo har vore der like mange gonger som meg siste halvanna året (venta uteafor i bilen, vore inne og kikka eit par gonger) hadde denne dagen tatt med seg jenta ut på ein leikeplass. Ho hadde fortalt han litt om livet sitt, at ho var 7 år og heilt frisk, at det var tre andre heilt friske der som ho, og at ho ikkje fekk gå på skule... 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar