Sider

mandag 28. januar 2013

Chongming Island Wetlands Park

Etter nokon triste veker anngåande luftkvalitet her i Shanghai, kunne me i helga konstantera blå himmel og god sikt, og dertil planleggja mykje tid ute (har vore så ille at me har ungått å vera ute med borna, og sikten har begrensa seg til nokon hundre meter.... skikkeleg trist og urovekkjande....). 

Sundag tok me turen til Chongming Island Wetlands Park. Chongming Island ligg i utløpet av Yangtze River, så for å koma krysser me Yangtze fyrst i tunell under elva deretter bru. Me har vore på Chongming Island ein gong tidligare, då i ein forrest park, så no skulle me sjekka om wetland park`en var like fin. Det blei ein strålandes dag. 6 grader i skuggen, men sola varma godt, og der me fant le for den sure vinden, kunne me sitja og nyte sola. Ungane hadde med syklane sine, og då eg og Lars Petter fekk leigd sykkel fekk me oss ein flott sykkeltur i eit landskap som ifylge Solveig var nesten som Krok:) 

Eit "tårn" i sikte: 
Fredrik fekk sykla rundt så fort han klarte, utan å bli forstyrra av mopedar eller andre motoriserte køyretøy ein heil dag, eeendeleg.... Det resulterte i nokre knall og fall for både Solveig og Fredrik, men ikkje verre enn at dei alle gongane etter litt trøyst og lite eller ingen ting blod å sjå, kunne sykla vidare:)

Utsikt frå "tårnet", som de ser mest ikkje andre folk å sjå (merkeleg kva ein set pris på...), ingen høge hus og blå himmel....:
Ei av mange vakre bruer:
 Deler av sykkelturen gjekk på vegar bygd opp av plankar:
 så me er glade for at det ikkje blei noko fall ut i elva som rant gjennom parken...
 Skog og sti:

og grusveg:
Som "vanleg" så blei me fasinert av andre på tur i parken, over klestøy men mest av alt skotøy:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar