Sider

fredag 18. januar 2013

Endå eit marked

Har vitja endå eit marked.... kallar det for "gardin og sengetøymarked", men kan godt vere det har eit heilt anna navn blandt dei lokale. Det var stort det!! eg blei heilt overvelda og lurer felt på kor mange bodar og kor mange 1000 kvm det var snakk om... To bygningar der fyrste etg var via til gardiner i eine bygget og stoff og sengetøy i det andre. I andre etg var det market av alt av klede og sko og vesker osv, rakk såvidt å kikke innom, så det kan vera mykje meir og som eg ikkje fekk med meg. 

Det var puter som stod på programmet, så var det berre å prøva å velja...
 Tett i tett med stofftypar over alt, så det er litt enklare om ein har nokon kriteriar å gå utifrå:
Så blir det sydd til deg på timen. Fredrik fekk "Dalmantin" sengetøy til bursdagen sin idag samt eit sengeteppe med fotballar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar