Sider

tirsdag 15. januar 2013

Fiskemarked

Ryktet nådde meg, så for eit par dagar sidan la eg ut på jakt på "eit lite stykkje Norge i Shanghai", nemleg norsk laks, ikkje berre norsk laks, men fersk norsk laks...:)? 

Fekk adressa til fiskemarkedet og tenkte det ville gå greit å finna staden med "Lerøy" boksane utfor, men så var markedet, selvfølgeleg, mykje større enn eg trudde, og ganske håplaust å byrja å leita... Angra på ei stund at eg ikkje hadde blitt med på ein guida tur med dei som har vore der før, men etter litt guiding pr telefon og ein times spasertur fant eg fram....

Medan eg gjekk og leita var det mange motiv som dukka opp, her heng hanskar til tørk etter dagens jobb med krabbar: 
 Nokon som kan fortelje meg kva dette er? såg levandes ut... rørte på seg!
 Her er ein som har, om ikkje tung, så ihvert fall stor bør med seg på tur...:
 Innimellom butikkane heng det diverse klesvask:)
og sko til lufting: 
 Eg nermar meg eg nermar meg!! ein katt som passar på fisken... kan det vera det beste val av security?
 Litt meir fisk til tørk:
 før eg "fant eg fant"!!
 Og sjå på storleiken! og denne butikken ville berre selja heil fisk....
Fekk spørsmål på vegen heim frå fiskemarkedet om det var ekte norsk laks...?? fake eller ekte, eit heilt vanleg spørsmål å stilla i Kina. Uansett, det blei laks til middag, og det smakte som ekte norsk laks, heilt supert!!


2 kommentarer:

  1. Flink du er ARna, du finner frem!! Tener det lukta stramt på markedet:) Hva er det Kina ikke har?

    SvarSlett
  2. Kina har alt, men saknar deg Linn!!:)
    Fiskemarkedet var jo endå ein artig plass!

    SvarSlett