Sider

mandag 21. januar 2013

Happy Circus

Var på cirkus igår, det var artig! Det varte mest to timar og det var ikkje noko som vart kjedleg verken for store eller små. Ein kan snakka om kva cirkus er for dyra, men til evt som får vondt i magen av cirkus så kan eg fortelja at av alle dyr eg har sett i Kina, er det desse som har sett best ut.... 

Hadde ikkje med kameraet på tur igår, angra mange gongar... men iphonen klarte å ta nokon bileter som me kan visa fram. Showet heitte "Happy Circus" og blei holdt i circus theater vegg i vegg med mykje betre kjende "Era" akrobatikk show (som også er verdt eit besøk!)
Det var liksom ikkje måte på kva som underholdt oss. Forutan diverse klovnar og mange turn og akrobatikk opptredenar var det eit pent knippe utval av dyr som hadde show for oss. Av dyr kan eg nevna hundar, duer, selar (!!) hestar, pappegøyer, diverse fuglar eg ikkje veit navnet på..., og så kom ein bjørn fram! som kunne sykla og balansera på ein ball:
I ein liten pause heiste dei opp eit nett mellom scena og publikom, og så kom det jammen meg ei løva og to kvittigera... eg kjende pulsen stiga og følte meg ikkje så veldig mykje tryggare bak dei taustompane...Det var ein augonblikk der den eine tigeren ikkje gjorde akkurat som han fekk beskjed om og eg lurte på fluktmoglegheiter....:
Ein liten filmsnutt av dyra:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar