Sider

tirsdag 8. januar 2013

Kinesisk bryllup

Fyrste dagen i det nye året var eg i kinesisk bryllup. Eg og familien og alle mine venner (?) blei invitert i giftarmål til kinesisklæraren min, Rainbow. Det endte med at eg gjekk åleina, og så var det ikkje så kinesisk bryllup som eg kanskje hadde håpa. Hadde vore stas å vore i eit skikkeleg kinesisk bryllup før eg reiser herifrå. Rainbow er kristen og hadde då ei kyrkjeleg vigsle, nogså lik den me praktiserar i Norge, og så istaden for "fest" etterpå holdt dei ein konsert for alle inviterte i kyrkja. Rainbow og mannen er begge musikara, og i lag med fleire andre venner holdt dei ein fantastisk flott konsert for meg og dei andre 1000 inviterte i kyrkja..... (no tok eg nok litt i, men kyrkja var stappfull og eg måtte verkeleg kjempa litt for å få eit glimt av bruden). Her kjem bruden og brudens far:) 
Ei anna prinsesse me har helst på siste veka, er denne prinsessekaka frå ein bursdagsfeiring:)
Men kanskje det som har vore mest stas i det nye året er at me har knekt koden for å sjå norsk tv!! hurra for oss, og hurra for skisport på tv igjen:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar