Sider

tirsdag 29. januar 2013

Longhua Martyrs` Memoriall Hall

Var på joggetur i byen igår og tok eit litt anna vegval ned til elva enn eg pleier. Det blei dagens opptur, "fant" plutseleg ein superflott park som minna meg veldig om "The National Mall" i Washington DC, og litt lengre inn i parken var det ein pyramide... :) 

Medan eg fortsatte på turen funderte eg på kvifor eg blir så oppstemt når eg finn slike nye stader rimleg nærem her som me bur. Er det eit teikn på at eg har vore for lenge i Kina? hadde eg tykt denne parken var like fin om eg hadde gått inn i den i Norge?:) Kanskje kanskje ikkje, men uansett, parken var flott!

Longhua Martyrs Memoriall Hall er ein park til minne om alle som har kjempa og døydd for Kina i ulike periodar av historien. Difor lurte eg på om det også var navn på personar som var lista opp på denne steinveggen de ser i fyrste bilete (slik det er i The National Mall). Men etter å ha visst Leon nokre nærbilete av veggen, høyrtes det ut som at det var meir poesi/ dikt som var teikna her: 
Her, som på kvart eit anna hjørne og kvar ein park, var det brettspel på programmet: 
Ein ale som fører opp til pyramiden:) 
Pyramiden på litt nærmare hold, legg også merke til den nydelege dagen i Shanghai, strålandes sol frå blå himmel!
Vel ute av parken, i nabobygget var det eit tempel, " Shanghai Long Hua Temple", med ein tilhøyrande Pagoda. Pagodaen hadde eg sett på avstand tidlegare og det har vore eit mål ei stund å koma nærme, og så plutseleg var eg der: 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar