Sider

tirsdag 1. januar 2013

Nyttårsfeiring 2012

Dagen på nyttårsafta bruka me til å farte rundt på litt shopping. Me skulle ordne diverse for selskapligheiter på kvelden og ein av tinga me var mest nøgd med å få tak i (fordi me tykte den var fin, men ekstra morro når me følte me gjorde eit skikkeleg kupp....??) var denne champagnekjølaren:)
Etter ein laaang middag var det endeleg tid for pepperkakehusknusing, med gode verktøy tok det ca 1,3 sekund før begge husa var "jevna med jorda":
I år som ifjor tok me turen ned til the Bund for å gå inn i det nye året ilag med nokon milionar andre (?).  Me ankom i litt betre tid i år,( då det ifjor var kring 15 sekundar igjen når me jogga opp trappene for å nå promenaden), men følte meg litt snytt då dei hoppa over nedteljinga og gjekk rett på lysshow på skylinen samt fyrverkeri (eg hadde bygd opp forventning om den nedteljinga, for i fjor stod alle dei menneska og telte ned frå 30 til 0 i lag, og det var høgt og det var stemning, og eg ville gjerne gjere det i år igjen...). Fyrverkeri:
Solveig holdt ut til 01.... medan Fredrik tok det å bli vekt opp "midt" på natta på strak arm så lenge han fekk sitja på skuldra:) Følte oss skikkeleg heldige med dette bilete då Aurora bygget hadde heilt rett lyssetting:) (I love Shanghai) :

1 kommentar:

  1. Godt nytt år!! Flott bilde og "I love SH" er jo sanne ord Arna:) We LOve!!

    SvarSlett