Sider

søndag 13. januar 2013

Tango Desire

På "to do lista" i Shanghai er blandt anna å vitja mange av dei imponerande bygningane som er her. At det nokon gonger også byr på kulturoppleving er supert. Laurdag kveld fekk ein god nabo meg med på "Tango Desire" på Shanghai Grand Theatre, bygningen de ser fremst i bilete: 
Det blei dansa tango, sunge og musikarane: fiolinist, flygel, kontrabass og toradar, gjorde det til topp underholdning. Ein annan ting var og eit dusin lekre kjolar på desse damene, med høøøg splitt:)
Her bukkar dei og takkar for kvelden: 
Men dei var ikkje heilt ferdige med det, musikken byrja å spele igjen, så gjekk alle dansarane ut i salen og plukka ut tilfeldig publikum for siste dans på scena:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar