Sider

onsdag 9. januar 2013

Vinter i Shanghai

Det har vore skikkeleg kaldt her dei siste vekene. Kring 0 grader på dagtid og minusgrader på natta. I helga hadde me snø i lufta fleire dagar på rad, og me klarte også og lage eit par snøballar på leikeplassen. Leiligheithen vår (og dei aller fleste andre i vår situasjon) er også kalde. Det er ikkje golvvarme, bada som har steingolv er superkalde der det også kjem kald luft inn gjennom bra store hol i ei vifte som er i vindauget. Ellers siv det mykje frisk (?) kald luft inn rundt alle vindauger...Men me har aricondition som bles varm luft ut og ein elektrisk ovn i stova og ikkje minst masse gode ull klede! Det er verre for dei aller fleste andre her i byen som bur i kalde steinhus, utan varme og med lite eller ingen ull kring kroppen.... Eg tenkjer på barna på barneheimen. Det er lenge sidan sist no, men om nokre dagar skal eg tilbake. Eg veit det er kaldt der, etter at ein har vore der ein times tid blir ein skikkeleg kald, trass ullklede og boblejakke... der bur dei. Kalde hender. Eg kvir meg, men kjenner og at eg gledar meg  til å sjå borna att....

Var ute og gjekk igår, og tenkte på kor flott det var kringom meg. Sjølv om det er januar og det har vore kaldt, er det mykje friske blomar rundt omkring. I ein park eg gjekk gjennom klipte dei plenen, og det lukta nyklipt og vår... Sola skinte og der den kom til var det varmt, men i skuggen kaldt. Denne skulpturen på People Square hadde eg ikkje heilt lagt merke til før: 
Når eg snudde meg rundt og gjekk vidare såg eg denne oppakkinga, ein som hadde alt han eigde på ein benk, men hadde teke seg ein tur ut i sola for å få litt varme:
 Litt av blomstringa langs turen min;



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar