Sider

mandag 25. februar 2013

Nanjing

Laurdag reiste me på tur til Nanjing, ein by som ligg ca 30 mil nordvest for Shanghai. Nanjing har vore hovudstad fleire gonger opp gjennom historien, fyrst under Ming Dynastiet (midt på 1300-talet) og sist på tidleg 1900-talet som hovudstad i Republikken Kina. Nanjing vart rekna for å vera verdens største by frå 1358 til 1425. 

Eg såg bileter på internett av flotte fjellområder, mykje grøntareal og google maps såg lovandes ut mtp avstandar frå hotellet me skulle bu på til diverse turistattraksjonar (eg tenkte gangavstand:)) Eg hadde liksom ein tanke at me skulle ut på "landet", før det plutseleg gjekk opp for meg at me faktisk skulle til ein av verdens største byar- og ein av dei største byane eg har vore i... he he. Nanjing har mellom 8-9 milliona innbyggjara! Ofte så får eg inspirasjon til å lese meir om stader etter eg har vitja dei, så også med Nanjing. Når eg igår søkte litt på internett fant eg desse oversiktsbileta av byen som gjev eit inntrykk av storleik: 
Det gir og eit inntrykk av blå himmel sol og god sikt... (les, ikkje heilt slik me oppfatta Nanjing dei to dagane me hadde gleden av å vere der). Legg merke til det høgste huset i skylinen under, Zifeng Tower: Det er verdens 7. høgste bygning og frå 45.-80. etg er det hotell og der budde me i 69. etg:) Dette fant me ut etter at me kom til Nanjing!...: 
Så over til realiteten i Nanjing, det kunne vore ein strålandes dag med sol og blå himmel som bileta over, men dette var verkelegheiten, frå 45. etg i Zifeng Tower fekk me denne utsikten: 
Det letta litt utover laurdag ettermiddag, Zifeng Tower sett frå bakken:
Etter at me var innstallert på hotellet, og litt "høge" på eit supert godt val av hotell (takk til Siri (reisefylgje) som fant dette og takk og pris for at det blei valgt!! Interkontinental) var det tid for å traske ut på tur. Fyrste mål var "Ming City Walls". Det var grei gå avstand for å kome seg til denne muren, men me hadde ikkje tatt høgde for at ein ikkje kunne kome seg oppå den "overalt" så det blei ein bra gåtur før me endeleg fant ein "inngang".  Men veret var fint og ungane holdt ut, og det er jo alltid litt av kvart å kikke på langs vegen. Her ein "syklubb" som kunne holde møte ute denne dagen, fint i solveggen:)
Medan mannfolka held seg til brettspel:
Ming City Walls var imponerande. Bygd under den fyrste keisaren under Ming Dynastiet: Zhu Yuanzhang. Muren blei "bygd på 21 år mellom 1366 og 1393" - noko som tilsvarar 27 år... Eg les litt på Wikipedia og litt i Lonely Planet, 21 år og 27 år er ikkje den heilt store forskjellen, mest godkjent sidan det er så lenge sidan og ulike kilder opererar sikkert med litt ulike tal. Men Lonley Planet oppgir at det var over 1 million arbeidara som bygde denne muren, medan Wikipedia skriv 200 000 - noko som er litt vel stort sprik i fakta... Uansett, ein skulle kanskje tru det var bruk for bortimot ein million mennesker for å byggje denne muren, som blei 12 meter høg, 7 meter brei og 35 km lang!! I tillegg er det rom under som kunne huse opp til 3000 soldatar!
Eg finn og litt ulike skildringar som at det var verdens lengste bymur bygd på den tida- og verdens lengste bymur gjennom tidene... Eg fekk noko av same følelsen som når me var på den Kinesiske Mur i Beijing. Skulle så gjerne fått ein lengre tur på denne muren, helst ein joggetur dei 35 km, men det får eg ha til gode til neste gong...(?). Nokre bileter frå muren: 

Langs muren på begge sider er det flotte parkanlegg:

Som de ser, ikkje akkurat trangt oppå muren... På neste bilete kjem Lars Petter joggande attende frå ein rekogniseringstur. Me lurte på om me måtte gå ned igjen same staden som me gjekk opp på muren, eller om me kunne fortsetja. Undervegs prøvde me å spørje møtande på ein blanding av engelsk/ norsk/ kinesisk/ teiknspråk:) , nokon sa ja, andre sa bestemt nei - at me berre måtte snu fyrst som sist. Med born som byrja bli grinete av ein lang dags marsj, var me frykteleg i tvil, men alle vaksne var einige om at det er kjedeleg å gå attende same vegen som me kom, så me tok sjansen og etter ein god km til her, så kom me til ein "utgang" - takk og lov! 
Sundag starta me med å vitja "Memorial Hall of the Nanjing Massacre". Ein frykteleg skamplett i menneskehistorien... På ein måneds tid blei 300 000 kinesera drept av japanske soldatar, i grupper, som individ, eller i enorme massakre. Museumet blei bygd i 1985, men renovert og utvida i 1995. Det var eit imponerande byggverk, vakkert, masse statuer, museumet og historen som blei fortalt inne i hovudbygget er gripande, grusom... finst ikkje ord for at mennesker kan gjera slikt mot kvarandre. Det var masse bileter, filmar (bileta og filmane skal vera frå japanske krigsfotografar...), overlevande som fortalde om sine opplevingar på film osv....
Denne veggen seier nok:
Sundagen blei avslutta med ein tur til Sun Yatsen Mausoleum. Sun Yatsen er annerkjent som grunnleggjaren av det moderne Kina.  Då han døde i 1925 blei det utlyst ein arkitekt konkurranse for å byggje eit mausoleum etter han. Resultatet blei ein 480 meter lang trappealè, med 392 trappetrinn, der ein på toppen kjem til maosoleumet. Som alt anna, imponerande byggverk! Det gav meg dessutan ein herlig følelse å koma til toppen:) Me var under litt tidspress, så det blei ein rask tur opp og ned, der eg tok bileter i fart og blei sveitt på ryggen...:)
Nanjing kan absolut anbefalast. Me fekk sett ca halvparten av dei tinga eg hadde lyst å sjå. Om sjansen byr seg, reiser eg gjerne attende dit.

fredag 22. februar 2013

Duolun Road

Det er kjekt å "oppdage" nye stader å utforske i Shanghai. Ved ein tilfeldigheit las eg om Duolun Road når eg var innom ei nettside for expats i Shanghai, og den såg såpass interesant ut at eg måtte ta ein tur for å sjekke ut: 
Gata er berre 550 meter lang og eg les på wikipedia at det er ei berømt gate for turistar.....??:) eg er ein ivrig Shanghai turist på andre året, men eg hadde ikkje høyrt om staden. Gata er bygd i 1911 og hadde si storheitstid på 1920-1930 talet då dette var staden for forfattara og den sosiale eliten "which made the area vibrant with thoughts and literature" (Wikipedia). Inngangspartiet på begge sider er storslått, og ettersom det kun er adgang for bebuara til å køyre inn/ut og at gata er brusteinsbelagt gjer at det er både roleg og stemningsfylt der.
Etter si storheitstid kom det mange år med større og midre tilbakeslag for dei som budde der. Det er mange statuer av kjende forfattara og det blir nevnt i fleng mange navn, men me kan jo tenkja oss kva som etterkvart skjedde med den frie tanken, skrivelyst og leselyst...

I dag er gata fylt opp med museum, gallerier, kafear og små og litt større butikkar der ein kan kjøpe kunst og antikk (?). Her er tre store tenkjara som har blitt verande i gata:
 Den kjende forfattaren Shen Yimo:)
Eg var der tidleg på morgonen, det vil sei ankom rundt 9.45. Det var fint, heilt stille i gata men få av butikkane og museuma/galleria var opne. Det kan skuldast etterdønningar av kinesisk nyttår (som varer ut denne veka), men mest truleg at det mest her opnar nærmare 11. Så neste gong skal eg ikkje vere så ivrig frå morgonen av. Nokre bileter frå gata:


 Og oppå ein veranda stod mange utgåver av kinas sterke mann...:

onsdag 20. februar 2013

Treningsidyll i Shanghai

Etter 30 min køyring så kan ein gå ut av bilen og jogge rett inn i bambusskogen i She Shan National Forest Park/ She Shan Hills. Ettersom heile Shanghai ligg ca 3 moh, så er dette området for fjelltoppar å rekne for shanghainesarane:) Det er mange større eller mindre "fjelltoppar" i området, der dei to største som ligg rett ved kvarandre kan skilte med henholdsvis 74 og 97 moh:) Den på 74 moh er kjent for sin bambusskog, medan den høgste (som er det høgste geografiske punktet i Shanghai) er mest kjent for ei stor kyrkje som ligg på toppen, SheShan Basilica/ Marian Basilica. 

Det er fantastisk å finne nye moglegheiter og alternativ til tredemølle og trappetrening  (opp og ned dei 38 etasjane i blokka me bur i, inne i ein grå og ganske trist trappeoppgang). I mangel på anna natur blir me superglade undervegs og kunne holdt på heile dagen... (?). Her rasar treningskameratane mine avgårde og det var såvidt eg rakk å ta bilete:):
 Bambusskog og steinlagt sti:
 Bambusskog med drøymeunderlag!:
Me kom oss til toppen, ikkje berre ein men opptil fleire gonger:) Er jo ikkje så veldig store områder det er snakk om, ei heller alt for mange høgdemeter... Men ein herlig dag i Shanghai, med god, sikt god lufkvalitet og flott temperatur! (ca 6 grader. Til stor kontrast til gårsdagen som var prega av snø og slaps): 

søndag 17. februar 2013

Shanghai Wild Animal Park

Sundag og tid for ny utflukt... Me prøver å finne nye stader å vitje til interesse for både store og små. Som regel lukkast me ganske greit, så også denne dagen, men å kalle det wild animal park var jo å overdrive det litt... Me reiste med eit håp om å sjå ville dyr i sitt naturlige element, men det kan me ikkje sei at var noko anleis enn i den andre dyreparken, Shanghai Zoo, sjølv om det var lagt ned betydleg meir innsats for å få det til her... 

Dyreparken opna flott med store områder med parkanlegg der dei hadde markert slangens år veldig fint: 
 Me kunne "vandre saman" og nyte natur i rolige omgivelsar:)
 Mange vakre bruer her og:
Mange av dyra såg ut til å ha det fint: 
Men så skulle me over til det som var hovudattraksjonen her, dei ville dyra, løver, tigera, kvittigera osv. Det var store bussar som køyrde i skytteltrafikk gjennom dette området med dyra. Ein busstype var inkludert i inngangsbilletten (vanleg stor buss) eller så kunne ein ta denne bussen om ein betalte 30 rmb ekstra. Me tenkte at me kom endå nærmare dyra i denne bussen så me betalte litt ekstra, legg merke til luka på andre vindauge telt framifrå: 
I den luka blei det nemleg slept ut ei levande høne til løvene og tigrane (tenk, på kvar einaste runde desse bussane køyrer...) som nok skulle vera til "glede" for oss tilskodara... Dyra var også berre slik passleg interesert, då svolten nok ikkje kneg dei ettersom dei fortærer ein del høner iløpet av dagen.. Høner som ventar på å kome på "siste buss heim":
I tillegg til at bussane køyrde alt for fort gjennom "reservatet" (som slett ikkje var av noko størrelse å skryta av for slike spreke dyr) så bråka motoren noko voldsomt og det var høgtalara på bussen som prata i eitt sett gjennom heile turen, kanskje til glede for dei som skjøna kva som blei sagt, men sum summarum var det altså så støyfult og trist heile denne opplevingen....

Men å sjå dyra på så nært hold gjer inntrykk og det er fantastisk flotte dyr! og i god kinesisk stil, så var det ikkje berre eit par tigera, neidå, trur eg telt opp mot 20 stk:
Løva har halve høna i munnen... 
 Var greit å koma seg ut av bussen og finna eit supert hoppeslott og avreagera på:
 og så fekk me og helst på pandaen:



fredag 15. februar 2013

Smak av vinter

For dykk som bur i Norge er jo ikkja akkurat nokon snøflak av sæleg interesse.... men for oss som bur her så blir me jo reint oppspilte når dette kjem dalande (spesielt når ein kjenner på skiabstinens etter fyrste vinteren i manns minne utan ski på beina) og endå meir når det faktisk blir liggjande på bakken!!
Temperaturen har svinga frå 2-4 grader til opp mot både 12 og 15 grader. Men eit par dagar før kinesisk nyttår så opplevde me nokre minusgrader og litt kjensla av vinter. Eg tok då beina fatt på vandring i byen for å ta bilete av denne begivenheita: 
 Forhåpentlegvis overlev blomane litt frost, snømengden kan ikkje akkurat seia å hjelpa på i så måte:

 Ut på ettermiddagen blei utsikten frå leiligheiten vår ganske så stemningsfylt:

Eg tok meg ein liten kveldstur ut for å traska litt i snøen, og det var reint både vakkert og stemningsfylt i Hua Shan Road:
 
Om ikkje snø er så interesangt for dykk å lesa om, så kanskje de byrjar å fryse litt uansett mtp på "split pants" moten som herjar i denne delen av verdenen. Den gjeld uansett verforhold og aktivitet...
Kan jo ikkje heilt samanlikna oss med dette når me snakkar om bleieslutt og alder... Mange kinesiske born rekk knapt å byrja med bleier.


onsdag 13. februar 2013

Ut med alle onde ånder!

No tek det heilt av med fyrverkeri utafor vindaugene våras! Det buldrar og bråkar på alle kantar. Tidligare har det vore mest dunder og bråk, men etterkvart som klokka no nermar seg midnatt, blir det meir og meir fargar på fyrverkeriet. "Nyttårsafta" var på laurdag, men denne kvelden er mest like stor har eg forstått. I dag skal ein skremma vekk alle onde ånder og leggja grunnlaget for eit godt og rikt år som kjem. Legg spesielt merke til bilane som køyrer forbi...: 
Ein må mest ha på høyrselsvern inne i leiligheiten, går me ut på verandaen må me det ihvertfall! Me bur i 18 etg, og nettopp måtte me flytta litt på oss då me følte fyrverkeriet kom heilt inn på kroppen (stod på verandaen altså... he he):



To facinerande


På veg heim frå nyttårsutflukten møtte me på to flotte damer som me klarte å knipsa eit bilete av. 
Denne dama gjekk langsmed der me kom syklande. Me høyrte ho på lang avstand. Ho gjekk og gestikulerte og prata (med seg sjølv?), med sneipen i handa og eit godt smil på lur:) 
Her eit "kinaanlete". Ho sat på Starbucks på bordet rett ved oss. Ho var så flott i alle sine fargar og gode samtale med venninna si om kva som foregjekk i Shanghai no om dagen og feiring av kinesisk nyttår (?):

søndag 10. februar 2013

Fyrverkeri og dragedans

"Nyttårsafta" blei som sagt tilbragt på andre sida av elva med fantastisk utsikt til The Bund. På ettermiddagen var me ute på ein liten spasertur for å nyte ein vakker by, godt ver og ein fin solnedgang: 
                         
også ilag med andre fotografar:) 
Sola har forsvunne i horisonten og noko av lysshowet som er på kveldane kan de sjå her:
Me hadde ikkje kjøpt noko fyrverkeri, men då dei stod og solgte "kinesiske lykter" nede ved elva, var det veldig artig å prøve ut. Tenner på ein tennbrikke inne i denne papirduken, og ventar til det blir oppvarma før ein slepp... Var fleire slike lykter som ikkje fauk opp i lufta heilt etter planen- men så langt me såg gjekk det greit med alle til slutt...
Eg hadde tenkt å dokumentera fyrverkeriet litt betre enn deg eg lukkast med her i dag. Filmen eg tok er ikveld umogeleg å lasta opp her. Men eg kan sei litt om det... Fyrverkeri og for det meste kinaputtar høyrer me ganske mykje til. Det blir brukt i mange festlige anledingar som bl.a bryllup som det jo er dagleg av her:) Men i forbindelse med kinesisk nyttår så når dette nye høgder. Det byrja å bli meir og meir smelling for nokre dagar sidan og i går byrja det å bli veldig mykje rundt fem tida. Det smeller på alle kantar, ein ser nødvendigvis ikkje så innimarien mykje, men det er mykje støy. Me trudde det skulle vera eit opplegg med fyrverkeri frå myndigheitene si side frå elva (slik som det var på nyttårsafta "vår"), men det visste seg å vera feil. Uansett, når klokka nærma seg midnatt så gjekk det frå stadige mindre og høge drønn til å bli meir intenst og det var verkeleg mange "private" som jobba hardt med å tenna på alt dei hadde kjøpt inn. Det var og mange av utestadene langs The Bund som hadde flotte tiradar. Eg har eit aldri så lite bidrag her frå vindauget vårt frå hotellet, eit stakkars lite fyrverkeri som går opp i venstre biledkant her... he he:
For å underbyggja min påstand om massevis av fyrverkeri, så har eg tatt ut dette bilete av luftkvalitetsmålingar av Shanghai før, under og etter midnatt. Det har vore mykje fokus på dårleg luftkvalitet her i det siste og det som er nytt (kanskje) er og kinesiske myndigheiter sin offentlege interesse for dette, der ein "innrømmer" at dette er eit kjempeproblem. Det var forut for nyttårsfeiringa no ein debatt om ein skulle forby fyrverkeri då det er så store mengder av det at det forringar luftkvaliteten for innbyggjarane enormt. Dagen i går var veldig bra, men etterkvart som tida går mot midnatt og det er lite med vind i byen, så blir det verre og verre og ved midnatt så går målingane over skalaen ein opererar med.. Eg stemmer for nei til privat fyrverkeri!! I skrivandes stund og straks 24 timar etter det nye året starta, høyrer me massevis av fyrverkeri som blir fyrt av på alle kantar rundt her me bur...
På morgonen i dag var det dragedans på hotellet, artig underholdning, spesielt for ungane:

Så var det på tide med den o-store-sykkelturen heim. Me diskuterte fleire vegval, men etter at me kom igong og fant ut at dei aller fleste kinesarane nyt fridagane sine til sightseing i eigen by (eller at dei kjem frå resten av landet for å beundra Shanghai) så la me ruta utanom dei aller mest populære gatene. Her står kinesarane og ventar på å kome ombord på ferja (me går iland....): 
Det blei ein litt lengre tur heim enn me hadde tenkt, og det var godt med litt pause på vegen: