Sider

fredag 22. februar 2013

Duolun Road

Det er kjekt å "oppdage" nye stader å utforske i Shanghai. Ved ein tilfeldigheit las eg om Duolun Road når eg var innom ei nettside for expats i Shanghai, og den såg såpass interesant ut at eg måtte ta ein tur for å sjekke ut: 
Gata er berre 550 meter lang og eg les på wikipedia at det er ei berømt gate for turistar.....??:) eg er ein ivrig Shanghai turist på andre året, men eg hadde ikkje høyrt om staden. Gata er bygd i 1911 og hadde si storheitstid på 1920-1930 talet då dette var staden for forfattara og den sosiale eliten "which made the area vibrant with thoughts and literature" (Wikipedia). Inngangspartiet på begge sider er storslått, og ettersom det kun er adgang for bebuara til å køyre inn/ut og at gata er brusteinsbelagt gjer at det er både roleg og stemningsfylt der.
Etter si storheitstid kom det mange år med større og midre tilbakeslag for dei som budde der. Det er mange statuer av kjende forfattara og det blir nevnt i fleng mange navn, men me kan jo tenkja oss kva som etterkvart skjedde med den frie tanken, skrivelyst og leselyst...

I dag er gata fylt opp med museum, gallerier, kafear og små og litt større butikkar der ein kan kjøpe kunst og antikk (?). Her er tre store tenkjara som har blitt verande i gata:
 Den kjende forfattaren Shen Yimo:)
Eg var der tidleg på morgonen, det vil sei ankom rundt 9.45. Det var fint, heilt stille i gata men få av butikkane og museuma/galleria var opne. Det kan skuldast etterdønningar av kinesisk nyttår (som varer ut denne veka), men mest truleg at det mest her opnar nærmare 11. Så neste gong skal eg ikkje vere så ivrig frå morgonen av. Nokre bileter frå gata:


 Og oppå ein veranda stod mange utgåver av kinas sterke mann...:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar