Sider

søndag 10. februar 2013

Fyrverkeri og dragedans

"Nyttårsafta" blei som sagt tilbragt på andre sida av elva med fantastisk utsikt til The Bund. På ettermiddagen var me ute på ein liten spasertur for å nyte ein vakker by, godt ver og ein fin solnedgang: 
                         
også ilag med andre fotografar:) 
Sola har forsvunne i horisonten og noko av lysshowet som er på kveldane kan de sjå her:
Me hadde ikkje kjøpt noko fyrverkeri, men då dei stod og solgte "kinesiske lykter" nede ved elva, var det veldig artig å prøve ut. Tenner på ein tennbrikke inne i denne papirduken, og ventar til det blir oppvarma før ein slepp... Var fleire slike lykter som ikkje fauk opp i lufta heilt etter planen- men så langt me såg gjekk det greit med alle til slutt...
Eg hadde tenkt å dokumentera fyrverkeriet litt betre enn deg eg lukkast med her i dag. Filmen eg tok er ikveld umogeleg å lasta opp her. Men eg kan sei litt om det... Fyrverkeri og for det meste kinaputtar høyrer me ganske mykje til. Det blir brukt i mange festlige anledingar som bl.a bryllup som det jo er dagleg av her:) Men i forbindelse med kinesisk nyttår så når dette nye høgder. Det byrja å bli meir og meir smelling for nokre dagar sidan og i går byrja det å bli veldig mykje rundt fem tida. Det smeller på alle kantar, ein ser nødvendigvis ikkje så innimarien mykje, men det er mykje støy. Me trudde det skulle vera eit opplegg med fyrverkeri frå myndigheitene si side frå elva (slik som det var på nyttårsafta "vår"), men det visste seg å vera feil. Uansett, når klokka nærma seg midnatt så gjekk det frå stadige mindre og høge drønn til å bli meir intenst og det var verkeleg mange "private" som jobba hardt med å tenna på alt dei hadde kjøpt inn. Det var og mange av utestadene langs The Bund som hadde flotte tiradar. Eg har eit aldri så lite bidrag her frå vindauget vårt frå hotellet, eit stakkars lite fyrverkeri som går opp i venstre biledkant her... he he:
For å underbyggja min påstand om massevis av fyrverkeri, så har eg tatt ut dette bilete av luftkvalitetsmålingar av Shanghai før, under og etter midnatt. Det har vore mykje fokus på dårleg luftkvalitet her i det siste og det som er nytt (kanskje) er og kinesiske myndigheiter sin offentlege interesse for dette, der ein "innrømmer" at dette er eit kjempeproblem. Det var forut for nyttårsfeiringa no ein debatt om ein skulle forby fyrverkeri då det er så store mengder av det at det forringar luftkvaliteten for innbyggjarane enormt. Dagen i går var veldig bra, men etterkvart som tida går mot midnatt og det er lite med vind i byen, så blir det verre og verre og ved midnatt så går målingane over skalaen ein opererar med.. Eg stemmer for nei til privat fyrverkeri!! I skrivandes stund og straks 24 timar etter det nye året starta, høyrer me massevis av fyrverkeri som blir fyrt av på alle kantar rundt her me bur...
På morgonen i dag var det dragedans på hotellet, artig underholdning, spesielt for ungane:

Så var det på tide med den o-store-sykkelturen heim. Me diskuterte fleire vegval, men etter at me kom igong og fant ut at dei aller fleste kinesarane nyt fridagane sine til sightseing i eigen by (eller at dei kjem frå resten av landet for å beundra Shanghai) så la me ruta utanom dei aller mest populære gatene. Her står kinesarane og ventar på å kome ombord på ferja (me går iland....): 
Det blei ein litt lengre tur heim enn me hadde tenkt, og det var godt med litt pause på vegen:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar