Sider

lørdag 9. februar 2013

Med sykkel inn i Slangens År

I dag har kinesarane si nyttårsafta og alle har langfri. Skulane er stengd i opptil 3 veker (vår skule har 1 ferieveke) og dette er dei viktigaste fridagane i året. Det meste av butikkar og bygningsarbeid osv tek pause, det er som jula for oss, ei familiehøgtid, og dei som ikkja har familie i Shanghai reier heim til sin heimstad. Har lest fleire historiar i dag om bygningsarbeidara i Shanghai som i desse dagar reiser heim til ektefelle og born, dei aller fleste har ikkje sett dei på eit år.... 

Det er i dag siste dagen i Dragens år, og i morgo startar Slangens år (vannslange... i tillegg til 12 ulike dyr så har kvart dyr 5 ulike graderingar, som gjer at den kinesiske kalendaren har ein syklus på 60 år....). Veldig mange i vår situasjon (les expat-familiar) har ferieplanane klare for denne høgtida i god tid forut, me hadde i år ikkje noko på programmet, før me for eit par dagar sidan planla ein langtur på sykkel og hotellovernatting på andre sida av elva (Huangpu River). 

Det starta ikkje heilt bra, sykkellåsen nekta å gå opp, så Lars Petter måtte til med baufil og muskelkraft for å få transportmiddelet klart til bruk:   
 Men så var me klare for langtur, godt kledde heile gjengen:)
Det var eit heilt anna trafikkbilete i dag enn det pleier (som forventa, også difor me tenkte det kunne gå greit for ein 4- og 5-åring og sykla 8-9 km gjennom ein 24-millionars-by...), rolige gater og me hadde fin fart langs gatene:
Nokon byrja å gå litt tom for krefter etterkvart så då var det supert når me ankom ferjekaien og kunne ta ein pust i bakken og blei 4 kroner fattigare på ferjebilletten over (for alle 4 inkl syklar):
 Ein nydeleg dag i Shanghai og topp luftkvalitet:
 Stor stas å nærma seg Pudong og dei høge husa:
Det blei litt "oppstandelse" når me sykla inn hovudinngangen på Shangri-La-hotellet og prøvde å parkera våre 400-kroners-syklar attmed ein aldri så liten park av Ferrari`ar... Vaktane trudde me var på villspor og prøvde å få oss til å ta ein annan veg, og blei heilt fortumla når me sa me kom for å sjekka inn. Det var ein liten periode 6 personar som stod rundt oss og diskuterte korleis ein skulle løyse denne floka:)
Vel inne på hotellrommet (og syklane godt parkert i parkeringskjellaren), kunne me sleppa jubelen laus, fantastisk rom med utsikt til det flottaste bygget i Shanghai (i fylgje Sovleig og Fredrik) "Pearl Tower" og ellers til store deler av området rundt her og til The Bund: 


 Pearl Tower i bakgrunn og hotellet me bur på rett framfor:
I skrivandes stund er det to timar att av Dragens år og det dundrar på med fyrverkeri på alle kantar utforbi. Me er spente på om det vedvarar slik heile kvelden eller om det blir ein topp i det klokka rundar 12...?? fortsetjelse fylgjer i morgo (?) :)

1 kommentar:

  1. For en flott utflukt og tøffe foreldre som tar med hele gjengen på hver sin sykkel i storbyen Shangai! Dere er forbilder!! KOser meg med bildene og rommet ser jo gigantisk ut. Happy new year!!!

    SvarSlett