Sider

mandag 25. februar 2013

Nanjing

Laurdag reiste me på tur til Nanjing, ein by som ligg ca 30 mil nordvest for Shanghai. Nanjing har vore hovudstad fleire gonger opp gjennom historien, fyrst under Ming Dynastiet (midt på 1300-talet) og sist på tidleg 1900-talet som hovudstad i Republikken Kina. Nanjing vart rekna for å vera verdens største by frå 1358 til 1425. 

Eg såg bileter på internett av flotte fjellområder, mykje grøntareal og google maps såg lovandes ut mtp avstandar frå hotellet me skulle bu på til diverse turistattraksjonar (eg tenkte gangavstand:)) Eg hadde liksom ein tanke at me skulle ut på "landet", før det plutseleg gjekk opp for meg at me faktisk skulle til ein av verdens største byar- og ein av dei største byane eg har vore i... he he. Nanjing har mellom 8-9 milliona innbyggjara! Ofte så får eg inspirasjon til å lese meir om stader etter eg har vitja dei, så også med Nanjing. Når eg igår søkte litt på internett fant eg desse oversiktsbileta av byen som gjev eit inntrykk av storleik: 
Det gir og eit inntrykk av blå himmel sol og god sikt... (les, ikkje heilt slik me oppfatta Nanjing dei to dagane me hadde gleden av å vere der). Legg merke til det høgste huset i skylinen under, Zifeng Tower: Det er verdens 7. høgste bygning og frå 45.-80. etg er det hotell og der budde me i 69. etg:) Dette fant me ut etter at me kom til Nanjing!...: 
Så over til realiteten i Nanjing, det kunne vore ein strålandes dag med sol og blå himmel som bileta over, men dette var verkelegheiten, frå 45. etg i Zifeng Tower fekk me denne utsikten: 
Det letta litt utover laurdag ettermiddag, Zifeng Tower sett frå bakken:
Etter at me var innstallert på hotellet, og litt "høge" på eit supert godt val av hotell (takk til Siri (reisefylgje) som fant dette og takk og pris for at det blei valgt!! Interkontinental) var det tid for å traske ut på tur. Fyrste mål var "Ming City Walls". Det var grei gå avstand for å kome seg til denne muren, men me hadde ikkje tatt høgde for at ein ikkje kunne kome seg oppå den "overalt" så det blei ein bra gåtur før me endeleg fant ein "inngang".  Men veret var fint og ungane holdt ut, og det er jo alltid litt av kvart å kikke på langs vegen. Her ein "syklubb" som kunne holde møte ute denne dagen, fint i solveggen:)
Medan mannfolka held seg til brettspel:
Ming City Walls var imponerande. Bygd under den fyrste keisaren under Ming Dynastiet: Zhu Yuanzhang. Muren blei "bygd på 21 år mellom 1366 og 1393" - noko som tilsvarar 27 år... Eg les litt på Wikipedia og litt i Lonely Planet, 21 år og 27 år er ikkje den heilt store forskjellen, mest godkjent sidan det er så lenge sidan og ulike kilder opererar sikkert med litt ulike tal. Men Lonley Planet oppgir at det var over 1 million arbeidara som bygde denne muren, medan Wikipedia skriv 200 000 - noko som er litt vel stort sprik i fakta... Uansett, ein skulle kanskje tru det var bruk for bortimot ein million mennesker for å byggje denne muren, som blei 12 meter høg, 7 meter brei og 35 km lang!! I tillegg er det rom under som kunne huse opp til 3000 soldatar!
Eg finn og litt ulike skildringar som at det var verdens lengste bymur bygd på den tida- og verdens lengste bymur gjennom tidene... Eg fekk noko av same følelsen som når me var på den Kinesiske Mur i Beijing. Skulle så gjerne fått ein lengre tur på denne muren, helst ein joggetur dei 35 km, men det får eg ha til gode til neste gong...(?). Nokre bileter frå muren: 

Langs muren på begge sider er det flotte parkanlegg:

Som de ser, ikkje akkurat trangt oppå muren... På neste bilete kjem Lars Petter joggande attende frå ein rekogniseringstur. Me lurte på om me måtte gå ned igjen same staden som me gjekk opp på muren, eller om me kunne fortsetja. Undervegs prøvde me å spørje møtande på ein blanding av engelsk/ norsk/ kinesisk/ teiknspråk:) , nokon sa ja, andre sa bestemt nei - at me berre måtte snu fyrst som sist. Med born som byrja bli grinete av ein lang dags marsj, var me frykteleg i tvil, men alle vaksne var einige om at det er kjedeleg å gå attende same vegen som me kom, så me tok sjansen og etter ein god km til her, så kom me til ein "utgang" - takk og lov! 
Sundag starta me med å vitja "Memorial Hall of the Nanjing Massacre". Ein frykteleg skamplett i menneskehistorien... På ein måneds tid blei 300 000 kinesera drept av japanske soldatar, i grupper, som individ, eller i enorme massakre. Museumet blei bygd i 1985, men renovert og utvida i 1995. Det var eit imponerande byggverk, vakkert, masse statuer, museumet og historen som blei fortalt inne i hovudbygget er gripande, grusom... finst ikkje ord for at mennesker kan gjera slikt mot kvarandre. Det var masse bileter, filmar (bileta og filmane skal vera frå japanske krigsfotografar...), overlevande som fortalde om sine opplevingar på film osv....
Denne veggen seier nok:
Sundagen blei avslutta med ein tur til Sun Yatsen Mausoleum. Sun Yatsen er annerkjent som grunnleggjaren av det moderne Kina.  Då han døde i 1925 blei det utlyst ein arkitekt konkurranse for å byggje eit mausoleum etter han. Resultatet blei ein 480 meter lang trappealè, med 392 trappetrinn, der ein på toppen kjem til maosoleumet. Som alt anna, imponerande byggverk! Det gav meg dessutan ein herlig følelse å koma til toppen:) Me var under litt tidspress, så det blei ein rask tur opp og ned, der eg tok bileter i fart og blei sveitt på ryggen...:)
Nanjing kan absolut anbefalast. Me fekk sett ca halvparten av dei tinga eg hadde lyst å sjå. Om sjansen byr seg, reiser eg gjerne attende dit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar