Sider

søndag 3. februar 2013

Smak av vinter

Våkna til tidenes beste luftkvalitet i dag!:) Det vil sei så lenge min "luftkvalitetsapp" har vore i drift... I dag kunne Shanghai lufta konkurrera med lufta i Norge, stor glede for oss med slike bekymringar i kvardagen....:) Så då måtte me leggje opp til ein dag med mykje uteaktivitet. 

Det blei litt tennis på morgonen: 

Før me satte kursen over til Pudong sida og Mercedes-Benz Arena. Der har dei skøyteis i kjellaren, og i mangel på ski og andre vinterforhold, tenkte me at det kunne vera ein artig (?) og utfordrandes aktivitet for oss alle:) Det var det fleire som hadde tenkt, alt for tett med ustø skøyteløpara for vår smak (inkludert oss sjølve!). Så var me plutseleg på ein slik skøyteis då, som eg har sett på filmar og som eg har tenkt at det gidd eg ikkje:
Me måtte holda oss litt ikvarandre istarten:
 Før me blei meir stødige og klarte oss på eigen hand:)



 Og ja, me er jo trass alt på Mercedes-Benz Arena:
 Rundt omkring arenaen var det derimot godt med boltreplass, til stor glede for to unge syklistar:
 som begge har konkurranseinstinktet godt inntakt:)

1 kommentar:

  1. Flinke dere er på å komme dere ut på aktiviteter!!! FLotte barn og herlige Marius effekter.

    SvarSlett