Sider

søndag 31. mars 2013

Ein ny hatt?

Våren er godt igong i Shanghai. Me har hatt mange dagar med over 20 grader, ein som mest var oppe i 30, men også nokon dagar mellom 5-10. Det gjer at me igjen kan få kjøpt oss ein ny hatt på gata:) 

Shanghai Propaganda Poster Art Center

Ikkje så mykje meir enn 100 meter borti gata for her me bur ligg "Shanghai Propeganda Poster Art Center". Det er slett ikkje høgt profilert, dette skiltet er ca 30x20 cm:  
og heng på ein vegg. Men for å koma dit må ein passera ein vakt med sin bom, og gå innover langs med ein murvegg som ein trur kun fører til nokre boligblokker, før ein, om ein er heldig, får auge på dette skiltet...Men der, inn ei dør og NED ei trapp, i kjellaren, ligg dette Poster Art Center.  Det er mykje å sjå på! Vel verdt eit besøk. Her kikkar Gunhild på nokon av plakatane som er utstilt: 
Dette er den raude arme som kjem marsjerande med "Mao`s lille røde" og kulturrevolusjonen slår fryktelege om seg....:

lørdag 30. mars 2013

6 voksne og 6 born:)

Siste veka har me hatt gleden av å ha to familiar på besøk her i Shanghai.  I tillegg til familien Brekke/Laskerud (altså Blaskerud....) så kom Ane, Christoffer, Josephine og Sebastian (vener som til dagleg bur i Drammen) til Shanghai forrige laurdag. Me har farta rundt i hensikt å vise fram det beste Shanghai har å by på:)

Sundag var me alle på "champagne brunsj". Kvar sundag er det ein stor greie her med store bufèar og fri flyt av champagne (og ellers kva ein måtte ynskje å få i glaset). Me har ikkje prøvd det før, så me måtte gå på den "hottaste" champagne brunsjen, og slik me har forstått det så er det "The West Inn"hotellet som står for den. Det bugna av herlig mat, dessert, sukkerspinn, diverse underholdning for store og små og som sagt champagne:) 
Ein annan sjåverdigheit me har vitja denne veka er akvariet, her studerar Fredrik pengvinane som sym og hoppar i vatnet:
Mandag kveld var me på "Era", også kjent som akrobatikkshow. Det er så imponerandes underholdning! Fantastiske prestasjonar som blir visst kvar kveld, like stor sukse for liten som for stor. 
Eg og Gunhild klarte å koma oss ut på tur åleine ein dag, og valgte då å ta sykkelen fatt for å få sjå mest mogleg. Gunhild fekk henta klede på stoffmarkedet, sykla gjennom fleire områder der ein såg nærmare på "gamle Shanghai", ein rask stopp i Yu Garden, ein god kaffistopp på Starbucks og innom eit par markeder til før me etter mest 3 mil på sykkelsete var vel heima att. Her er Gunhild på veg gjennom ein del av Shanghai som held på å dette ned, og som om få år sikkert ikkje er meir... kontrasten kjem godt fram her med dei høge husa ein ser heilt bakerst i bilete:
 Legg forresten også merke til dei nye solbrillene som ein kontrast... :)
Ungane har vore med å vandra i gatene, her er det nokon skilpadder og froskar som blir studert, men me var alle einige om at det ikkje frista så veldig å handle inn det for middagen....:
 
Me er her kome ned til The Bund, og må ta nokre bileter før ferden går vidare med ferje over elva. Gunhild og Andre:
 og oss damen på tur:
Fredrik og Ola på ferja over Huangpu elva, fylgjer med på høge hus og båtar på elva:
 Me nermar oss målet!:
Her er me kome til tops, 497 meter over havet, i 100 etasje.... Det er vindauger midt på golvet der ein ser desse 497 meterane rett ned på gata og her studerer Sebastian, Ola og Fredrik trafikken langt der nede...: 
Svært godt å slappe av med litt "Willy Wonka og sjokoladefabrikken" etter dagar med mykje sightseeing!!:
 To hoppande glade jenter:)
 At påskeharen kom til Shanghai var berre ikkje heilt til å tru:
 Sparkesykkel er morro for Solveig og Karin:
 og Christoffer...:
Men alt har ein ende. I dag måtte me sei "pågjensyn" til Karin, Ola, Gunhild og Andre... Det er ikkje noko stas. Men er ein god trøyst at ikkje alle reiser på same dagen og at me om ikkje så alt for mange vekene treffest att i Norge!!

lørdag 23. mars 2013

Beijing med familien Blaskerud

For å vera sikker på at familien Blaskerud (sjølvutnevnt navn frå besøket) skulle finna fram til dei rette tinga i rett tid, samt at me gjerne vil vera med dei heile tida når dei fyrst har teke turen hit til austens rike, så blei me med når turen gjekk til Beijing. Me hadde same turen for akkurat eit år sidan med familien Wike- Ljungblad og tenkte å ta ein reprise. 

Her er me klare til avgang frå Hongqiao togstasjon: 
Me var superheldige med verèt, masse nysnø, blå himmel, god luftkvalitet og 14 grader på dagen, noko som gjorde at snøen som kom iløpet av natta (10-15 cm!!) smelta fort:
Frå sommerpalasset:
Slik som me menneske har id kort, har alle trea i Sommerpalasset og i Den Forbudte By (og kanskje fleire stader) id "kort", der fargekoden står for alderen. Dei med grønt kort er meir enn 100 år, medan dei med raudt kort er meir enn 300 år gamle:
Snøen var til stor stas, spesielt for Solveig og Fredrik som ikkje har sett snø på eit år, og dei hjalp gladeleg til med snømåkinga inne på Sommerpalasset:
Etter ein rask tur på Sommerpalasset (det er viktig å vera effektive, både for å rekka mest mogleg, men også for å holda ungane i best mogleg humør. Bassenget på hotellet venta jo på oss!), gjekk ferden vidare til The Great Wall. Der var det bygd snømann av all snøfallet frå natta:
 Her er me klare før stigningen byrjar:
Så var me igong med klatringa: 
 Ganske så bratt...
Og så var det smalt og glatt! Pga snøsmeltinga og skugge, så blei det is, det kombinert med ein god del andre mennesker som også hadde teke turen til muren denne dagen, så blei det litt utfordrande å koma seg ned att...
I 2007 (eller så var det 2008) så var det massegiftermål på muren her, når det var gjordt så tok dei ein hengelås (der navn og dato på førehand var gravert inn) og hang på kjettingen som var hengt opp for anledningen. Deretter kasta dei nykkelen på fjellet, og hengelåsane heng der til evig tid som teikn på ekteskapet:) Dette kan ein sjå mange stader i Kina:
Tenk, så var me her ilag!:
Her er Solveig fotograf og det er god stemning inne i den Forbudte By (dagen etter, me har bada fleire gonger og sove ei natt før denne posten på programmet!):
Fredrik som ikkje var heilt i slag på turen fekk sitja på skuldra gjennom heile Den Forbudte By. Etter å ha kasta opp i taxien på veg hit, blei han godt pakka inn i min og Solveig sin jakke og fekk i seg litt ny energi...
I skrivandes stund sit me og ser på "Den siste keiser", og det er er arig å akkurat ha vore der som mykje av filmen er spelt inn:
 Nokon nydelege born som har fått seg ny hovudpryd:

mandag 18. mars 2013

Endeleg...

Det har storma av gjensynsglede her idag, endeleg er Ola og Karin, Gunhild og Andre på plass i Shanghai! Etter lite eller ingen søvn på nattflyet så  må me sei at dei har klart seg imponertandes godt gjennom resten av dagen. Etter litt mat og leik i heimen tok me turen til Fuxing Park, etterfulgt av is nede på The Bund med skylinen på andre sida av elva som alltid imponerar:) 

Her er Ola og Fredrik på sparkesyklar gjennom i Fuxingparken. Lurer litt på kva Fredrik snakka med denne jenta om:)
7 månedar sidan forrige gong dei møttest... skal rekkje å få tatt igjen mykje leik og morro dei neste to vekene!
Kina isen smakte ganske godt, men det er ikkje alltid lika kjekt å ta bilete. I tillegg til oss så blei det ein god gjeng med kinesara som ynskte å ta bilete samstundes noko som til tider kan vera litt forstyrrandes og irriterandes. Uansett, det var perletårnet som fekk mest oppmerksomheit, og det spørst om det er det tårnet som blir valgt ut til å gå til tops i seinare i veka:)
 Flotte Gunhild! The Bund promenaden og bygningar i bakrunn:


søndag 17. mars 2013

Do, or not do....

Var på tur litt ut av Shanghai for nokre dagar sidan. Etter nokre timar i bilen var behovet for å gå på do stort. Etter litt fartstid i dette landet så er me vandt til mykje men eg måtte le litt når dette var det som venta oss på denne do`en...:) 
Jammen godt det var lås på desse dørane!:)

Sykling i bambusskog

I dag var den store dagen komen, me skulle få besøk av gode vener frå Norge, både store og små, trudde me... Det kunne absolutt vore så mykje verre, dei kjem, men ikkje i dag:) Dei reiser frå Norge i dag, men då me har tenkt at dei skulle koma 17 mars dei siste 3 månedane og hatt nedteljinger både i dagar og timar, så kan det bli ei stor krise i livet...:) Så for å få dagen til å gå reiste me ut på tur, til She Shan, der det er nokre små fjelltoppar og bambusskog: 
 Det er flotte stiar i skogen og veldig flott å prøve seg litt på terrengsykling:)
Så no kryssar me fingrane for at reisa skal gå som ein draum for Ola, Karin, Gunhild og Andre! Så når klokka nermar seg 1 på dagen her i morgo håpar me at dei er på plass i Royal Pavillion:)

torsdag 14. mars 2013

Shanghai Urban Planning Exhibition Hall

I dag starta eg dagen med å gjera noko som me av og til driv med i Shanghai, ein av dei få tinga eg ikkje kjem til å sakna. Etter at Solveig og Fredrik var på plass på skulen, var eg igong med rundtur i byen for å prøve å få tak i alle kolonialvarene eg hadde på lista. Saaaaknar veldig Rema 1000, Rimi, Samvirkelaget.... Og det verste var at to timar seinare når eg kom heim, så hadde eg fått tak i 70%... Det er eit kjent kvardagsporblem for oss heimeverande her borte...:) 

Vel, etter det kunne dagen berre bli betre. Eg og Oddveig tok turen til Shanghai Urban Planning museum. Der viser dei utviklinga av Shanghai frå langt attende, fram til i dag og litt lengre. 
Det var mykje å lesa og masse bileter å kikka på, men det artigaste var denne modellen av Shanghai der eg fant huset "vårt" og kunne fylgja gatene og sjå alle bygningar og områder eg kjenner til:
Etterpå hadde me ein god pause i sola på Starbucks, før me rusla nedover "Nanjing Pedistrian Street".
Då møter me på mange mennesker som me likar å kikke litt ekstra på, ofte er det klesdrakten som fengjar oppmerksomheita vår:


onsdag 13. mars 2013

Flytting

Så blei det plutseleg bestemt, me flyttar til Singapore! Etter at me hadde lurt ei stund på kva som skulle skje til neste år og vektskåla hella svært mykje mot heimreise, så blei det anleis. Det kom på ingen måte som lyn frå klar himmel, men tidspunktet kom som lyn frå klar himmel! Lars Petter fekk ein telefon her ein sundag ettermiddag (eller noko slikt, hugsar ikkje heilt) midt i februar. Så høyrte eg han sa, "ja, nei, 1 mars, ja det høyrest greit ut"..... 1 MARS!!! hurramegrundt. Selvfølgeleg blei det ikkje fyrste mars, det er jo litt som må ordnast og gjerast ferdig, besøk som skal koma og reisa, ungar som skal gå litt lengre på skulen, ting som skal handlast, pakkast, flyttast osv, men mest av alt eg må ha litt tid på å bli "ferdig" med Shanghai..... Det blir 1 mai, då flyttar me til Singapore:  
Lars Petter er supernøgd, eg er slik passleg nøgd (fordi eg ikkje vil forlata Shanghai...) og ungane skjønar jo ikkje heilt konsekvensane av dette uansett... he he, men enn så lenge så gledar dei seg til Singapore...

Eg har tenkt mykje må dette dei siste 4 vekene, har mange positive og negative faktorar å forholde meg til. Eg er absolutt sikker på at når alt er over og me er vel  heima i Norge igjen, så var det heilt fantastisk å få moglegheiten til å bu i endå ein verdensmetropol, men det krev jo ein omstilling på fleire plan. Mange ynskjer seg nok sumar heile året, eg er ikkje ein av dei.... men eg trur at det blir veldig bra med sumar heile året eit år av livet.

mandag 11. mars 2013

Kung Fu

Solveig og Fredrik har vore med på Kung Fu dei siste vekene. Det er stor stas:) 

Her held Fredrik boksehansken på hovudet medan instruktøren tel, han klarte over 10 sekund som var "supergood":) 
 Her er gruppa i gong med høge rop og kickboksing (eller kung fu `ing??:))