Sider

fredag 8. mars 2013

Adopsjon i Kina

Eg har endeleg byrja å abonnera på avis. Får den levert på døra kvar dag ca klokka 9 og den kostar 2 yuan(litt mindre enn 2 kr): Shanghai Daily. Eg er supernøgd, både med å få bla i papir avis igjen, men også av inholdet. Det står om Shanghai, Kina og resten av verden. I går las eg om barneheimsbarn i Kina. Det er kring 700 000 av dei.... Eg les at det er kring 1 million kinesara som kunne tenkt seg å adoptera, men pga strenge kriteriar så var det i 2011 31.000 som fekk klarsignal for å adoptera. Eg stemmer veldig for å avskaffe barneheim som instutisjon! I hvert fall i den form som eg vitjar her i Shanghai. Eg er heilt sikker på at kvar og ein av desse hadde hatt det mykje betre om ein av dei 969 000 som ikkje får lov til å adoptera hadde fått lov! Og om nokon ville adoptert meir enn 1 barn (eit av kriteria er max 1 barn pr familie) så forstår eg ikkje anna enn at det hadde vore betre for dei aller fleste partar i denne saken. Vel vel, det er ein vanskeleg diskusjon som eg ikkje tenkjer å gå vidare med.

Var på besøk til barneheimen der ca 100 av desse 700 000 sjebnane bur i dag. Dette er ein barneheim i fyrste rekkje for sjuke born, det er difor dei er der då foreldra ikkje klarar eller vil ta seg av dei. Det er jo ein heilt annan verkelegheit å få sjuke born her enn det er i vårt heimland, det skal ein ikkje gløyma! Men innimellom ser me og høyrer om nokon sjebnar som gjer endå meir vondt enn dei andre (om det er mogleg å gradera...??). Eg kjenner til to heilt friske der. Den eine er ei jente på ca 2 år, kom dit til påsken ifjor og har vore der 1 år no. Eg har skreve om ho fleire gonger før, men gjer det jo igjen. Mamman hennars er i fengsel pga narkotika og pappaen hennars "ville ikkje ha ho"... Ei anna jente som også er frisk er 7 år, mammaen har vore i fengsel ei stund, men akkurat kome ut. Men så har ho gifta seg med ein ny mann og vil ikkje ha noko med jenta si å gjere.... Det er dette me blir fortalt, verkelegheita er sikkert meir innfløkt og vanskeleg enn som så, men fakta er at desse jentene er ein stad dei absolutt ikkje skulle vore. 

Det var sommar i Shanghai i dag, 26 grader! Alle var litt blidare enn vanleg, me fekk ta med borna ut på verandaen og til og med gje mat der ute. Det følest veldig godt når me får ta dei med ut. Sjølv om det var så varmt så var alle borna godt påkledd. Me spurte om me kunne kle av dei litt, men det var vanskeleg sidan desse borna toler så mykje mindre enn andre born....? 

Her er det ein (ei? me er ikkje heilt sikre) som har ei god stund på fanget til Siri: 
Når barneheimsbesøket var overstått reiste eg og Oddveig rett vidare til She Shan for å jogge av oss inntrykka og den vonde følelsen det gjev å vitje borna. Det var litt vel mykje trafikk, så istadenfor å bruke 30 min dit, brukte me 1 time og 20 min.... Men turen blei superbra, nydeleg ver og kjekke treningskameratar:) 
Oddveig som me er så heldige og ha på besøk for ein litt lengre periode har til no fått sett andre sider av Shanghai enn det eg viser "vanlige" turistar, ho har starta sin eigen Kina blogg, og dei som vil lesa om det som skjer her frå hennars synsvinkel kan fylgja ho på kinakoll:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar