Sider

onsdag 13. mars 2013

Flytting

Så blei det plutseleg bestemt, me flyttar til Singapore! Etter at me hadde lurt ei stund på kva som skulle skje til neste år og vektskåla hella svært mykje mot heimreise, så blei det anleis. Det kom på ingen måte som lyn frå klar himmel, men tidspunktet kom som lyn frå klar himmel! Lars Petter fekk ein telefon her ein sundag ettermiddag (eller noko slikt, hugsar ikkje heilt) midt i februar. Så høyrte eg han sa, "ja, nei, 1 mars, ja det høyrest greit ut"..... 1 MARS!!! hurramegrundt. Selvfølgeleg blei det ikkje fyrste mars, det er jo litt som må ordnast og gjerast ferdig, besøk som skal koma og reisa, ungar som skal gå litt lengre på skulen, ting som skal handlast, pakkast, flyttast osv, men mest av alt eg må ha litt tid på å bli "ferdig" med Shanghai..... Det blir 1 mai, då flyttar me til Singapore:  
Lars Petter er supernøgd, eg er slik passleg nøgd (fordi eg ikkje vil forlata Shanghai...) og ungane skjønar jo ikkje heilt konsekvensane av dette uansett... he he, men enn så lenge så gledar dei seg til Singapore...

Eg har tenkt mykje må dette dei siste 4 vekene, har mange positive og negative faktorar å forholde meg til. Eg er absolutt sikker på at når alt er over og me er vel  heima i Norge igjen, så var det heilt fantastisk å få moglegheiten til å bu i endå ein verdensmetropol, men det krev jo ein omstilling på fleire plan. Mange ynskjer seg nok sumar heile året, eg er ikkje ein av dei.... men eg trur at det blir veldig bra med sumar heile året eit år av livet.

4 kommentarer:

  1. Åh, Arna.. Enda et år, Line og jeg som har gledet oss sånn til du skulle komme hjem! :( Jaja, vi får sette på "spole frem" knappen.. ;) Håper det blir en fint og spennende år for deg/dere.. Så sees vi vel i sommer? Klem fra Ann-Elén :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å "følgja"dykk på denne spennande fasen av livet. Er sikker på at de vert glad for at de tok valget om eit år til på "reisefot". Livet er her og no!!nyt vidare. god klem

    SvarSlett
  3. Hei Ann-Elen! men me kjem til å treffast både på jobb og fritid frå mai til august! deretter går tida så fort att og plutseleg så er me på same stad.
    Til anonym 2 (?), eg trur ihvert fall me hadde angra godt om me hadde takka nei.. :) Etter at "sjokket" la seg litt så kjenner eg no at det kriblar litt i magen og eg byrjar å gleda meg.

    SvarSlett
  4. Spennande Arna. Eg trur på det du seier om at når de ein gong landar i Norge att, so må jo dette vera ein fantastisk me-har-budd-i-både-shanghai-og-singapore-oppleving. Tenk på det. Og sommar i eit heilt år!!!!!!!!!!!!! It's in my dreams. Du får tidsnok nok somrar og vintrar i kalda Norge med regn, vind, regn, vind, regn, vind og lite som minnar om sommar om sommaren. So berre nyyyyyyyyyyyyt sommarlivet ditt og det eksotiske de får oppleva. Me andre (vertfall eg) er litt lysegrøn av misunning over at de får mulegheit til å oppleva ein anna verdensdel og andre kulturar på den måten de gjer. Det er jo berre fantastisk. Lykke til med flytting, og nytt liv i Singapore. Eg gler meg til å fylgje dykk her på bloggen din. Mvh Annette R

    SvarSlett