Sider

onsdag 6. mars 2013

Jordmortreff

Då har det blitt ei stund sidan forrige innlegg. Det kjem ikkje av at det ikkje har vore noko å skriva heim om siste veka, heller tvert imot:) Fredag kom det flygandes inn 5 jordmødre frå Drammen på besøk som gjorde at helga blei travel, dog supertriveleg! Ein annan grunn til treg blogging er dette kina internettet... Det er til å grina av! Har dei siste dagane vore utan fungerande vpn (slikt som gjer at ein kan koma seg forbi dei sensurerte sidene i dette landet, dvs bl.a. bloggen min er sensurert og ikkje tilgjengeleg for allmenheita her i Kina, nett som den hadde vore lesleg for nokon som helst.... lol). Så i frustrasjon har eg ikveld heilt på eigen hand klart å kjøpt meg ny vpn og instalert og fått det til å funka (dataansvarleg er på reis og nesten lukkeleg uvitande til alt datatrøbbel i heimen, men berre nesten, eg har selvfølgeleg ringt eit par gongar for å sutra og klaga og for å få hjelp....) og altså i skrivande stund er  humøret på god veg opp igjen. 

Attende til helga. Fredagsmorgon fekk eg akkurat levert ungane på skulen og handla inn ferskt brød, så var besøket på plass. 5 kollegaer bestemte seg på ei kjempetravel vakt at dei berre måtte koma seg ut på tur og at dei verkeleg fortjente litt "husmorferie":) Det til stor glede for meg, som ikkje kunne tru det var sant før eg såg bilete av dei, der dei sat og kosa seg med lunsj på Gardemoen, før avgang:) 

Det var satt av 4 dagar til rekreasjon, og i glede og iver i veken før dei kom, hadde eg jobba ein del med "programmet". Dei ankom Royal Pavillion litt over klokka 10 på morgonen, og 11.30 starta det offisielle programmet med 1,5 time massasje på Zen. Og sidan veret var slik halvdårleg denne dagen var det berre mange gode grunnar til å fortsetje med litt kroppspleie som manikyr/ pedikyr, samt handling på diverse markeder som er fristandes når ein er i Shanghai:)  Her har me alle fått utdelt kvar sitt par sko og klare for å finne massasjebenken: 
På kvelden måtte me selvfølgeleg ned til The Bund for å beundre skylinen. Det var ein ganske så frisk og kald kveld, så her står me og hutrar og frys for å få tatt nokre bileter...:) 
Laurdag var det sykkelsightseeing på programmet. Den dagen var det framleis litt kjøleg i Shanghai, så eg fekk lånt ut litt av vinterbekledningen min, bl.a. fleire flotte huer:)
 Me opplevde folkeliv i Fuxing parken:

 Og moglegheiter for å gjera fleire god kjøp på Dong Tai Lu Antiques Marked:

 Uforbi Tianzifang kunne me kjenna at sola varma:)
 Litt vandring i gatene blei det:
 Og selvfølgeleg ein tur til Pudong for å sjå litt nærmare på dei høgste husa:
 Litt av kvart av kunst møtte me på undervegs:


 Og alle blei brillefine!!:
Siste dagen blei det verkeleg varmt. Frå minusgrader dei fyrste nettene, så slo det heilt om og blei t-shorte vèr på mandagen. No har våren kome til Shanghai, og det var jo supert at desse damene fekk kjenne litt på varmen før dei reiste heim igjen:)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar