Sider

lørdag 20. april 2013

Baklengs

Ein artig ting me stadig ser, er at kinesarane går baklengs! Det gjeld unge som gamle, her kjem ei eldre dame mot meg, brukar stokk for å holde balansen, men baklengs gjekk ho og det så lenge eg såg ho:)
Det var heilt strålande luft her igår, det er slikt som ein blir kjempeglad av. Eg hadde meg ein joggetur ned til elva og derifrå kunne eg sjå klart lengre enn nokon gong før. Heilt bakerst i bilete kan de sjå dei tre høgste husa i Shanghai:
I desse dagar lurer eg jo på kva eg burde kjøpa med heim, hadde denne stolen vore kjekk å hatt t.d? 5 dagar til flyttelasset går...

fredag 19. april 2013

Siste Shanghaibesøk

Eg tek meg i å telja antal dagar me har att i Shanghai kvar dag no (11). Kvar morgon tel me kor mange dagar det er att på skulen for ungane (6), deretter tel me antal laurdagar att i Shanghai (2), det neste blir at eg tel antal timar eg har att på eigen hand her... (dvs kor mange timar ungane skal vera på skulen, for det er gulltida mi her i denne verdenen!) ehh- 30 timar...

For nokre dagar sidan fekk eg besøk av tre kollegaer til:) Det er stas. Då har tilsaman 8 kollegaer vore her og det er kjekt for meg at mange på jobben min veit litt om det livet eg har hatt her når eg er attende i kvardagen heime. Det er hektisk program når ein har 5 dagar å "gjera" Shanghai på, så sykkelsightseeing har blitt ein slager etter at det blei "innført" i haust:) Då får me sett mykje på kort tid, kan stoppa når ein vil og endra planen enkelt undervegs. Supert med gode naboar her på huset som villeg låner vekk syklar. 

Det har vore mange flotte og varme dagar her i det siste, som gjer at àlleane i området verkeleg har kome ut av vinterdvalen: 
Desse damene hadde ikkje tenkt å  kastar vekk tida på å sova lenge, her er me klare for Shanghai by sykkel litt over 9 lokaltid etter berre ei natt i Shanghai:
 Nokre bileter frå turen, lokale wet-marknader er alltid interesangt (fersk kjøtt, fisk og grønnsaksmarked), her litt fisk:
 Kan det vera squash??:
 og andre ferske flotte grønnsaker:
 Ikkje så mange som hadde rekt å vaska klede enno denne dagen:
I Tianzifang møtte me eit par veldig ivrige fotografar. Dei skulle absolutt ta nærbileter av oss, og det er "som vanleg" ikkje noko dei legg skjul på heller. Dei kjem nærme, stiller seg opp og somar inn.... Ein kan jo bli irritert og snu seg vekk, eller som me gjorde, smilte fint og ba han ta eit bilete med vårt kamera og... hehe:
Her er me inne i gamle Shanghai der lokalbefolkningen bur. Om ei dør står open ser me rett inn på ein vask, ei seng og ein tv. Innimellom er det ein frisør, diverse matserveringar som har all servering på gateplan, det blir drive med dueoppdrett på ein veranda, kledna heng til tørk og om du nølar litt drypp det litt kaldt ned i nakken din:)
Når sykkelturen var over 7 timar seinare var selvfølgeleg alle einige om at det hadde vore ein flott tur...

I dag har besøket vore på dagstur til Beijing! Der dei skal tikke av Den Kinesiske Mur og forhåpentelegvis eit par Beijing ting til... Medan eg har vore i Shanghai og brukt mine 5 timar på fornuftige ting som å ta ein joggetur langs Huangpu river, henta eit maleri av The Bund som eg hadde bestilt frå Painter Street, samt henta diverse bileter eg har framkalt på stort format på fotomarkedet. Kjenner eg er skikkeleg nøgd med maleri og bileter som skal pryde veggane i  huset vårt når me kjem heim herifrå!:)

mandag 15. april 2013

Hus på landet

Medan me bur i leiligheit "midt i byen", bur nokon av våre expat vener i heilt andre omgivelsar litt lengre frå sentrum: 

 Husa er så store og flotte at me ofte kunne tenkt å bytta litt...:)
Dei har då tilgang på heilt andre fasilitetar utanfor husdøra enn det me har, som flotte sykkelvegar for ungane: 

Dei har meir enn plass nok til å spela krokket i eigen hage:

samt trampoline: 
Om me ikkje bur slik sjølv, så er det velig flott å få vera på besøk ein dag og kjenne på det med hus og hage igjen. Til tider blir me (eg!) drittlei av å køyra heis, sidan det skal vera slik ein kamp om kven som skal gå fyrst inn/ ut kvar einaste dag, samt kven som skal trykka på knappane... tolmodigheita på det området er i ferd med å renna ut:)


lørdag 13. april 2013

Frisør

I dag har eg, Solveig og Fredrik vandra litt kringom i gatene her, og gjordt det som har dukka opp undervegs. Litt tomt hjå oss no, alt av besøk har reist og Lars Petter er bokstavleg talt på andre sida av jorda (Houston). Det blei blandt anna eit kafebesøk for kake og is (25 grader her i dag), vore innom eit par leikeplassar som me har passert og så var det på tide med ein hårklypp: 
Fredrik tykkjer det er herligt å få litt massasje når håret blir vaska, han fekk vask både før og etter klippen:) 
Det kjem ikkje så godt fram på bilete her, men når me går til frisør, så er det mange personar som står rundt oss:) Ein som har ansvar for å vaska håret, ein annan for å kosta vekk evt hår som kjem i ansiktet, ein som klypper, ein som står for å oversetja evt spørsmål og svar som måtte dukka opp, og av og til ein overfrisør (?) som ser at alt går rett føre seg. Me føler oss jo svært godt tatt vare på!:
Solveig sparer til langt, så det blei ikkje store forandringen på ho, men ei flott flette vart det. Fredrik blei nok i kortaste laget..., men han var godt nøgd og då er alt bra: 
Ein skikkeleg fin sumardag har me hatt idag, og med slik god varme så sprett og alt løvet, no byrjar àle`ane her i "French Consession" å bli verkeleg vakre:
Dagen blei avslutta med eit sterkt ønske om kjøp av tau....?? Eg er glad dagen går mot slutten og det er straks barnetv tid...:) God helg!



onsdag 10. april 2013

Høgast i Shanghai

No kan eg sjå det heilt frå kjøkkenvindauget våras at Shanghai Tower har vokse forbi Shanghai World Financial Senter (alt for langt ord! SWFC heretter....), dette bilete er teke for eit par dagar sidan: 

 Dette er frå 17 januar i 2012:
Ingen ting å seia på farten i byggjinga. Men det går ikkje fort nok til at me får sjå det ferdig før me reiser om to veker... :) Men har selvfølgeleg ein plan om å koma attende for å sjå det ferdig samt gå opp på toppen som blir på mest 700 mho.  
Har hatt eit "relocation" firma på besøk i dag.... ikkje noko kjekt. Då plutseleg blei det verkeleg for meg at me skal flytta, og pakkinga skal skje om akkurat to veker...Eg måtte fella nokre tårer og tykte synd på meg sjølv ei stund. Samstundes er det mykje å gleda seg til i vekene som kjem. Blir jo super flott med nokre veker i Singapore før me skal vera på Krok og i Vik resten av sumaren, og eg gledar meg og til å ha sumarjobb:)

torsdag 4. april 2013

Huangpu elve-cruise

Etter to veker med besøk og fri frå skulen, så er jammen skulen til ungane stengd ei veka grunna kinesisk Qing Ming Festival..... (Qing Ming Festival er tida på året der dei minnast dei som har gått bort. Dei går til gravstaden til dei nærmaste med mat og blomar og brenn fake pengar som eit symbol for offering).  

Aprilsnar er vel overstått og eg har byrja kjenne på nedteljinga i antal dagar att her i Shanghai.... I dag er det mindre enn 4 veker att!! Det kjem selvfølgeleg til å gå alt for fort. Men eg prøver å fokusera på alt eg har gjordt og sett, og ikkje på det eg ikkje får gjordt og sett før tida går ut:) 

Så i desse "fri-frå-skulen" dagane prøve me å finna på noko som er bra både for meg og for borna. Eg er veldig klar for å gjera ting eg ikkje har gjordt før, så igår var me på elvecruise på Huangpu elva (elva som renn gjennom hjerte av Shanghai og deler byen inn i puxi og pudong, aust/ vest). Veret har dei siste vekene vore heilt supert her. Då tenkjer eg ikkje fyrst og fremst på temperaturen, men mest på den gode luftkvaliteten som har vore på norsk ok standard, og me har sett mykje blå himmel, måne og stjerner:) Slikt som er ein selvfølge heime men som slettes ikkje er det her. 

Elvecruise me tok varte ein heil time, og tok oss i retning mot Yangtze elva sitt utspirng. Kjekt å sjå byen frå ein annan vinkel, her ser de både pudong og puxi sida: 
Ein tiveleg kar lurte på om me ville ha eit lite familiebilete frå båtturen, det kunne jo vera kjekt: 
Dei høgste husa sett frå ein ny vinkel, samt perletårnet. Jin Mao og perletårnet ser litt små ut her samanlikna med korketrekkjaren og det nye Shanghai Tower som no er det høgste i byen: 
The Bund, det høste huset i bilete, The Bund Center,  med ei "krone" på toppen (svært flott når lyset er på om kvelden) rommar blandt anna det norske konsulatet: 
Og så fekk me sjå nærmare på andre bygningar som får mindre oppmerksomheit enn dei største, men som også er ganske unike i seg sjølv:)
 Tvillingtårn...?
Eg veit ikkje kva dette er, men spesielt ialle fall: 
Etter båtturen fortsatte me dagen med sykling i elveparken, blomstringa går mot slutten for enkelte sortar, men nydelege fargar!