Sider

torsdag 4. april 2013

Huangpu elve-cruise

Etter to veker med besøk og fri frå skulen, så er jammen skulen til ungane stengd ei veka grunna kinesisk Qing Ming Festival..... (Qing Ming Festival er tida på året der dei minnast dei som har gått bort. Dei går til gravstaden til dei nærmaste med mat og blomar og brenn fake pengar som eit symbol for offering).  

Aprilsnar er vel overstått og eg har byrja kjenne på nedteljinga i antal dagar att her i Shanghai.... I dag er det mindre enn 4 veker att!! Det kjem selvfølgeleg til å gå alt for fort. Men eg prøver å fokusera på alt eg har gjordt og sett, og ikkje på det eg ikkje får gjordt og sett før tida går ut:) 

Så i desse "fri-frå-skulen" dagane prøve me å finna på noko som er bra både for meg og for borna. Eg er veldig klar for å gjera ting eg ikkje har gjordt før, så igår var me på elvecruise på Huangpu elva (elva som renn gjennom hjerte av Shanghai og deler byen inn i puxi og pudong, aust/ vest). Veret har dei siste vekene vore heilt supert her. Då tenkjer eg ikkje fyrst og fremst på temperaturen, men mest på den gode luftkvaliteten som har vore på norsk ok standard, og me har sett mykje blå himmel, måne og stjerner:) Slikt som er ein selvfølge heime men som slettes ikkje er det her. 

Elvecruise me tok varte ein heil time, og tok oss i retning mot Yangtze elva sitt utspirng. Kjekt å sjå byen frå ein annan vinkel, her ser de både pudong og puxi sida: 
Ein tiveleg kar lurte på om me ville ha eit lite familiebilete frå båtturen, det kunne jo vera kjekt: 
Dei høgste husa sett frå ein ny vinkel, samt perletårnet. Jin Mao og perletårnet ser litt små ut her samanlikna med korketrekkjaren og det nye Shanghai Tower som no er det høgste i byen: 
The Bund, det høste huset i bilete, The Bund Center,  med ei "krone" på toppen (svært flott når lyset er på om kvelden) rommar blandt anna det norske konsulatet: 
Og så fekk me sjå nærmare på andre bygningar som får mindre oppmerksomheit enn dei største, men som også er ganske unike i seg sjølv:)
 Tvillingtårn...?
Eg veit ikkje kva dette er, men spesielt ialle fall: 
Etter båtturen fortsatte me dagen med sykling i elveparken, blomstringa går mot slutten for enkelte sortar, men nydelege fargar!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar