Sider

fredag 19. april 2013

Siste Shanghaibesøk

Eg tek meg i å telja antal dagar me har att i Shanghai kvar dag no (11). Kvar morgon tel me kor mange dagar det er att på skulen for ungane (6), deretter tel me antal laurdagar att i Shanghai (2), det neste blir at eg tel antal timar eg har att på eigen hand her... (dvs kor mange timar ungane skal vera på skulen, for det er gulltida mi her i denne verdenen!) ehh- 30 timar...

For nokre dagar sidan fekk eg besøk av tre kollegaer til:) Det er stas. Då har tilsaman 8 kollegaer vore her og det er kjekt for meg at mange på jobben min veit litt om det livet eg har hatt her når eg er attende i kvardagen heime. Det er hektisk program når ein har 5 dagar å "gjera" Shanghai på, så sykkelsightseeing har blitt ein slager etter at det blei "innført" i haust:) Då får me sett mykje på kort tid, kan stoppa når ein vil og endra planen enkelt undervegs. Supert med gode naboar her på huset som villeg låner vekk syklar. 

Det har vore mange flotte og varme dagar her i det siste, som gjer at àlleane i området verkeleg har kome ut av vinterdvalen: 
Desse damene hadde ikkje tenkt å  kastar vekk tida på å sova lenge, her er me klare for Shanghai by sykkel litt over 9 lokaltid etter berre ei natt i Shanghai:
 Nokre bileter frå turen, lokale wet-marknader er alltid interesangt (fersk kjøtt, fisk og grønnsaksmarked), her litt fisk:
 Kan det vera squash??:
 og andre ferske flotte grønnsaker:
 Ikkje så mange som hadde rekt å vaska klede enno denne dagen:
I Tianzifang møtte me eit par veldig ivrige fotografar. Dei skulle absolutt ta nærbileter av oss, og det er "som vanleg" ikkje noko dei legg skjul på heller. Dei kjem nærme, stiller seg opp og somar inn.... Ein kan jo bli irritert og snu seg vekk, eller som me gjorde, smilte fint og ba han ta eit bilete med vårt kamera og... hehe:
Her er me inne i gamle Shanghai der lokalbefolkningen bur. Om ei dør står open ser me rett inn på ein vask, ei seng og ein tv. Innimellom er det ein frisør, diverse matserveringar som har all servering på gateplan, det blir drive med dueoppdrett på ein veranda, kledna heng til tørk og om du nølar litt drypp det litt kaldt ned i nakken din:)
Når sykkelturen var over 7 timar seinare var selvfølgeleg alle einige om at det hadde vore ein flott tur...

I dag har besøket vore på dagstur til Beijing! Der dei skal tikke av Den Kinesiske Mur og forhåpentelegvis eit par Beijing ting til... Medan eg har vore i Shanghai og brukt mine 5 timar på fornuftige ting som å ta ein joggetur langs Huangpu river, henta eit maleri av The Bund som eg hadde bestilt frå Painter Street, samt henta diverse bileter eg har framkalt på stort format på fotomarkedet. Kjenner eg er skikkeleg nøgd med maleri og bileter som skal pryde veggane i  huset vårt når me kjem heim herifrå!:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar