Sider

mandag 27. mai 2013

Kunstverk i hagen

I hagen vår har me eit epletre som er eldre enn dei fleste av oss. Det overlevde brenning av eit hus og byggjing av eit nytt. Dette treet er heilt holt i halvparten av stammen, men alikavel, det står der så fint, blømer år etter år, gjev oss masse epler og er eineståande vakkert! 
Og sidan me tok tidleg sumarferie og får med oss slutten på våren så har eg dei siste dagane fulgt blomstringen på dette treet. Slik var blomane på fredag: 
Og igår kveld, mandag, er dei slått ut i full blom og det er like rundt hjørne at det heile er over: 
 På andre sida av vegen har plommetrea blømt:
Det har vore fleire nydelege kveldar på Krok siste veka. Når vinden tek ein pause (er vanlegvis litt vind heile tida og alt for ofte litt for mykje vind frå sør) kan ein nyte stillheita:)  


onsdag 22. mai 2013

Norgesferie

Etter knappe to veker i sumar og sol i Singapore var me klare for ein lang ferie i Norge. 
Kjem kanskje til å sakne dei varme dagane etterkvart med sol og bading: 
 Men liten tvil om at det var stooor stas å kome heim til hus og hage, trampoline og fotballsparking:
 Våren er godt i anmarsj:
 Så fekk me og med oss ein super 17 mai feiring:
 og Lise stod for årest 17 mai kake:)

torsdag 9. mai 2013

Overseas Family School

I dag har me vore og kikka på skulen som Solveig og Fredrik skal byrja på i august, Overseas Family School, OFS. Etter at det blei bestemt at me skulle flytta vidare til Singapore i februar, var skule noko av det fyrste me tok tak i. Me gjorde det ikkje så vanskeleg for oss sjølv, høyrte frå kollegaer av Lars Petter at OFS var skulen "alle" nordmenn gjekk på i Singapore, og at det er ein av dei få som tek imot born som ikkje er flytande i engelsk. Det føltes rett av fleire grunnar.  Eg trur både Solveig og Fredrik blir veldig glade om det er andre norske i klassen, samt at sjølv om dei no forstår det meste og kan snakke greit engelsk, så er det ikkje alle situasjonar og ord som er like enkelt å takle på språk nr to. 

Me var spente når me idag kom på besøk for å sjå, men heldigvis var klasseromma flotte og leikeplassane godkjent, så eg trur begge kan tenkja seg å kome attende hit om nokre månader...


Me hadde ikkje sjekka så veldig mykje forut, må innrømma at eg blei overraska når eg høyrte at det er over 3500 elevar på denne skulen... Til stor kontrast til åra i Shanghai med ca 60 elevar. For Fredrik blir det nok greit, han er i Kindergarten og dei held til på eit eige område heile dagen. Men når Solveig skal til lunsj, så er det ilag med over 3000 andre i kantina!!! Der var det høgt støyniva og selvfølgeleg frykteleg mykje born! Sidan ho er 1. grade, blir ho fulgt av lærar som passar på og gir dei mat, men det spørst om eg må møta opp til lunsj ein del gonger fyrste månaden for å sjå at det går greit...:)
Stor uteplass og Fredrik håpar på mykje fotball:


Og så blir det symjing og kanskje dei får øva på synkronsymjing, som me var tilskodara til på idag:)

Vel, vel, må jobba litt med den lunsjen, men ellers så var me godt nøgde med dagens besøk. At skulen var bestemt før me kom til Singapore gjorde "househuntinga" noko lettare for oss. Tysdag var jakten over, og etter å ha kjent på valgets kvaler, klarte me (eg) å slå oss til ro med valget. Så no gledar me oss til å ta over den 1. juni og er veldig nøgd med at Marina Bay Sands tek over kjøkkenutsikten frå Shanghai Tower i Shanghai:) 

mandag 6. mai 2013

Shanghai topp 50

Så er vel kanskje på tide og avslutta livet i Shanghai også på bloggfronten... Eg kjem til å ramse opp det som gir meg gode minner og som eg gjerne skulle gjordt igjen, eller til om med kjem til å gjere igjen, ved ein seinare anledning. For å gjere jobben enklare for meg, kjem dette i uprioritert rekkefylgje! Eg har tenkt på dette jevnt og trutt siste halvåret, men ikkje tatt notater, så det kan vera noko blir gløymd. Om eg kjenner det er viktige ting kjem eg til å gå inn og rette opp igjen det. Kan vera eg sjølv treng denne lista når eg skal til Shanghai om eit år eller 3:)

1. Gå i gatene i Shanghai. Eigentleg same kvar ein går, det er mykje å sjå på overalt, mangfold og kontrastar. Området French Consession er absolutt eit favorittområde, både fordi det er der me budde, men så er det også prega av større områder med mindre høge hus, lange alèar langs alle gater, mykje kafèar og restaurantar. Uansett så meinar eg at same kvar ein tek utgangspunktet, så vil det vera veldig interesant og berre vandra og observera.


2. Sykkelsightseeing, ein får sett litt mindre detaljar enn om ein går, men ein kjem seg lengre på kortare tid! Eg har sett guida turar på sykkel (ikkje av meg sjølv, men personar som jobbar som guide i Shanghai, he he) som er mest ein absolutt nødvendigheit om ein ikkje er kjend! Om ein gjerne vil ut på eigen hand, så er det mange stader ein kan leige bysyklar.


3. Massasje på Dragonfly i Anfu Lu! Dragonfly er ein kjede med alt av hudpleie, massasje, ansiktsbehandling mm. Men eg har erfart ulik kvalitet på dei ulike stadene. Anfu Lu er best. Fotmassasjen heilt fantastisk!!

4. Medan ein er inne på massasje, så bør Zen Massage få sitt eige punkt, veldig bra massasje og veldig bra weekday promotions.

5. Helen Nail Spa i Julu Lu. Absolutt beste manikyr/pedikyr! Før eg kom til Shanghai hadde eg aldri prøvd denne form for kroppspleie, men må inrømme at eg mest har blitt hekta. Etter å ha prøvd 4 stader er eg ikkje i tvil om at Helen Nail er den beste og mest effektive.


6. Costa Coffee. Beste kaffien, største kaffien, og kvar 7. kopp er gratis:) Pleide å ta ein kaffi om dagen ute, og helst på Costa i Zhenning Lu eller i Anfu Lu før avgang Tiny Tots og henting av ungar. Prøvde å suga inn siste minuttane med "fri"og kikka på livet i gatene.

7. Propaganda Art Center. Ligg i krysset Zhenning Lu Hua Shan Lu. Godt gøymd inn ei nøytral gate, ned i ein kjellar. Spesielt interessant om ein har lest litt historie om Kina på førehand.

8. Gå promenaden på The Bund. Dette føler eg er hjertet av Shanghai. Det er så mykje flott å sjå på på begge sider av Huangpu River.


9. Ta ferje over elva frå puxi til pudong og vandre opp promenaden langs elva på Pudong. Like fint som  The Bund, men ein annan utsikt. Er to ferjekaier i tilknytning til promenaden på the Bund. Den eine ca midt på og den andre ca 100 meter vidare nedover forbi Hotel Indigo der promenaden sluttar. Er og ulike elvecruise alternativ frå 1 -3 timar.


10. Vandre i gatene på Pudong,  Ein bruker nok mest tid på Puxi-sida, men etter å ha vore på Puxi ei stund, er det herligt å kome over til Pudong og vandre mellom ein god samling av verdens høgste hus! Det er jo ingen begrensning på antal høge hus der, og ikkje minst vakre bygningar og imponerande arkitektur. Gå to rundar rundt i den store gårundkøyringen mellom Pearl Tower og Superbrand Mall.


11. Gå opp i eit høgt hus. Pearl Tower, Jin Mao, SWFC eller om eit års tid, Shanghai Center.


12. Painter Street. Maleri i alle storleikar og til prisar som gjer at alle kan ha opp til fleire kunstverk på veggen sin, eller lage portrett av seg sjølv eller familien.



13. "Avokado Lady". Lokal butikk som ligg i Wulumuchi, men forutan alt av grønnsaker fører desse damene også masse vestlige produkt. Ho fører handlelista til deg fortløpande og gjev mest alltid avslag til slutt. Følelsen av å handla i lokal butikk er kjekk.

14. "Lefsedama i Wulumuchi". Lokal kinesisk mat, kinesisk pannekake til rmb 3.50. Ho startar tidleg på morgonen og avsluttar arbeidsdagen når ho er utsolgt ein gong mellom 13-14. Fantastisk god.


15. Jordbær i februar! Frå tidleg januar sel dei store gode jordbær. Likar best å kjøpe hjå ein lokal butikk i Wulumuchi rett over vegen frå Avokado Lady.

16. Fuxing Park, Hengshan Park. Er veldig mange parkar å velje mellom, men desse to har vore enklast å kome seg til for oss, difor er dei nevnt her. Mykje å sjå på av menneskeleg aktivitetar både seint og tidleg.

17. Yu Garden. Er i turistbøkene skildra som "gamle Shanghai". Det er ein kjempe-busy stad alle dagar heile året, men absolutt verdt eit besøk pga bygningane og, for dei som likar det, hektisk handling på alle små-bazarane som ligg rundt. Min favoritt her er å finne vegen opp på tehuset som ligg ca midt inne i området. Då kjem ein seg unna folkemengden, får sett bygningane frå eit anna perspektiv og har ein god anledning til å smake på ulike te i ein fin te-seremoni.

18. "Ekte gamle Shanghai". det er alle områder der dei opprinnelege bolighusa framleis står, dei aller fleste står for fall... Stor oppleving å gå innimellom trange gater og kikke på lokale frisørar, grønnsaksmarkeder, sal av mat, kortspeling, osv. Ein kjem veldig nær inn på livet til lokalbefolkningen når eg vandrar her.

19. Barneklesmarkedet, Morosamt marked til alt av klede og leiker for born. Ein kan abslutt prute, men det er ikkje alltid ein oppnår så mykje med det. (Prisane er selvfølgeleg i utgangspunktet ganske ok).

20. Fakemarkedet. For dei aller fleste eit must. Pruting pruting pruting.... slitsomt, masete, men også svært morro. Ein blir alltid lurt, spørsmålet er kor mykje som er greit å bli lurt...:)

21. Pearl City. Litt som fakemarkedet, men ein heilt etasje med smykker og perler.

22. Decathlon. Sportsbutikk og fritidsutstyr til ein svært god pris. Ingen pruting!

23. Lost Heaven. Supergod kinesisk mat frå Hunan.

24. Sichuan Citizen. Supergod kinesisk mat frå Sichuan.

25. Vinsmaking på The House of Roosevelt på onsdagar 18.30-20.30. God vin i majestetiske omgivnader og fyrsteklasses utsikt mot The Bund og Pudong skyline.

26. Live musikk med The Old Jazz Band på Peace Hotell kvar onsdag.

27. "Elva". Litt inne i vårt andre år i Shangai oppdaga Lars Petter på ein joggetur ein heilt strålandes park ved Huangpu River, ein fyljger Wulumuchi heilt til den går over til Dong An Lu til ein kjem ned til Huangpu River. Der går ein rett på ein langstrakt park med mange ulike moglegheiter for unge og gamle. Har hatt mange joggeturar dit, men mest flotte ettermiddagar med leik og morro for borna.


28. Blomstermarkedet. Eit eventyrleg utval av blomar, spesielt orkidear, til endå kjekkare prisar...

29. Sherpa, Mealbay, Element Fresh og alle andre ein kan bestille take away frå, raskt levert på døra gratis eller for 15 rmb.

30. Hotellmarkedet. Eit marked som har alt ein kan tenkja seg til kjøkkenet og det ein ikkje treng... dumplingsformer t.d.

31. Happy Circus. Spesielt om ein reiser med born. Om ein let vera å tenkje på dyras ve og vel... så er dette mykje underholdning for pengane. Eg lar vera å nevna Shanghai Zoo og Shanghai Wild Life Zoo av akkurat den grunn, dyras ve og vel... Shanghai Zoo var spesielt trist. Men at det var artig for borna å gå der er det ikkje noko tvil om. Eit voldsomt utval av dyr i alle storleikar frå alle verdensdelar.

32. Chongming Island, Wetland Park. Ein times køyring frå Shanghai sentrum. Ein får kryssa Yangtze både under og over vann, og når ein kjem til øya vart me bergtatt at plutseleg mangel på høge hus... og wetlandparken sin fred og idyll.

33. Om ein ynskjer å oppleve kinesisk fjell og bruke ein dag eller to på det, så er Huangshan Mountain ein fantastisk oppleving. Men skal også seiast at det er det einaste kinesiske fjellet eg har vore på. Men det er 5 timar i bil frå Shanghai.

34. Jogging i She Shan, ut av byen oppleving, stiar og bambusskog. På gode dagar eller med rett timing, tek det kun 30 min ein veg å kome seg dit. Er og ei kyrkje på toppen av eine fjelltoppen samt eit  astronomimuseum. Kan og ta metro dit.

35. Frukost på Kommune i Tianzifang. Dei har ein skikkelig god chiliomelett. Deretter bør ein vandra i gatene der ein time eller tre.

36. Frukost på Coffee Tree i Ferguson Lane.

37. Mercedes Benz Arena og resten av Expo 2010 området. Imponerades bygningar. Gå på skøyter i kjellaren på Mercedes Benz Arena.


38. Gå opp på toppen av Lupu Bridge. Vel ein dag med god sikt!


39. South Bund Fabric Marked. Tusenvis av skreddara... følest ihvertfall slik. Om ein ynskjer og vil bruka tid der, kan ein verkeleg få laga seg fine plagg.

40. Fotomarkedet.  Alt av fotoutstyr og ikkje minst tilleggsutstyr og framkalling.

41. Vaske håret hjå frisøren. Dei masserar inn shampoen ein 20 minuttars tid, herligt!:)

42. Era akrobatikk show. Enorme prestasjonar og utruleg fascinerande.

43. Vannby, om ein køyrer 1-2 timar ut av Shanghai kan ein velje mellom mange vannbyar å vitje. Favorittane mine er Shaoxing og Zhouzhuang.



44. Lunsj i Xintiandi, på Crystal Jade, masse gode dumplings. Samling av restaurantar og shoppingsenter i flotte omgivnader. Etterpå er det fint å vandre gjennom Xintiandi for deretter å forstsetje turen nedover i retning mot Huangpu elva. Då går ein gjennom deler av gamle Shanghai, kan gå gjennom Dong An antikk marked, Yu Garden og enda opp på The Bund.

45. Enormt utval av restaurantar, frå alle verdens kjøkken, frå lågbudsjett til champagne til fleire hundretusen... Nokre favorittar: Koreansk barbeque Xinjiang Uyghur, japansk Kagen Teppanyaki, mexikanske Maya, Italienske Bella Napoli, high class M1NT.

46. People Square. Forutan å vandre i park, gå i museum, beundre praktfulle byggverk, lese litt om historien (tidligare veddeløpsbane) kan ein også køyre karusell eller gå på live annonsemarked for å finne ein ektemake (på laurdagar kan ein gå og kikke på mengder av kontaktannonser satt opp av fortvilte foreldre som ikkje har fått gifta vekk sitt einaste born... Stor fordel å kunne snakke/lese kinesisk i såfall).


47. Rooftop bar langs The Bund. Favorittane er baren til Hotell Indigo, The House of Roosevelt og Hyatt on the Bund.

48. Hop on Hop off buss, med Big Bus Tour og betal 100 rmb (ikkje 300 med inngang til tempel og Jin Mao og elvecruise. Uansett ikkje tid for det, og kjekkare å bestemma sjølv kva for høgt hus ein vil gå opp i, og om ein evt vil vitja eit tempel...)

49. Legg merke til all kunsten du går forbi. På mange gatehjørner, i dei fleste parkar og utforbi mange kjøpesenter. Nokon favorittar: Jing An Sculpture Park, Red Town.


50. Dong Tai Lu Antiques Marked. Er nødvendigvis ikkje så mange antikvitetar, men mykje morosamt å sjå på og mange godbitar og duppedittar å ta med heim som souvenir. Uansett ein artig stad å vandre gjennom då dette ligg i deler av"gamle Shanghai" og ein ser privatliv og business i ein salig blanding.


Issmelting

Ein skal vera ganske rask for å rekkja å eta isen sin! I 32 varmegrader har Fredrik store problem med å holda tritt med smeltinga:) 





Venstrekøyring


Bil har me fått, så det er berre å køyra i veg og håpa på å unngå dei store uhella. Bruke blinklys og ikkje vindaugeviskarane når ein skal gje teikn om kva for retning ein tenkjer seg i, setja seg inn på rett side av bilen når ein skal vera sjåfør osv. Her er det venstrekøyring som gjeld!! Snart eit år sidan sist eg var ute og køyrde bil, så var litt nervøs igår. Trafikken er mykje meir sivilisert her enn i Shanghai, men alikavel, det er ein stor by med bilar overalt og eg er ikkje kjend... (livsnødvendig med gps på iphonen):
Det gjekk greit på fyrste turen, men så var Lars Petter med som 2 pilot. Eg er litt usikker på om eg er klar for å køyre åleina med ungane enno. Kanskje me held oss til taxi fram til august... 


søndag 5. mai 2013

MacRitchie

Me har starta jobben med å bli kjend i Singapore. I desse dagar jobbar me med å finne ny stad å bu og då er det fint å finne ut litt meir om kvar ting ligg i forhold til kvarandre osv. Me har skule på plass for ungane frå august, det er selvfølgeleg eit godt utgangspunkt. 

Singapore er eit land på berre 705 kvadratkilometer (til samanlikning har Norge 385 186 kvadratkilometer) fordelt på 63 øyer, der Singapore Island er hovudøya. Det er ca 5 millionar innbyggjare i Singapore og over ein million av dei er utlendingar som jobbar her (i Shanghai meinar eg det talet var på ein halv million). Men det kan jo vera at talet på etniske kinesara (74,1 %) kan hjelpe på saknet av Shanghai?:). Ellers er det malaysiere (13,4%) og indera (9,2%) som er dei største folkegruppene her. Hovudspråket er ihvertfall engelsk, noko eg allereie har byrja å merka at er ganske fint. 

I dag har me sjekka ut litt av friluftsaktivitetane og alle fire har vore på treningstur rundt ein innsjø i naturreservoiret MacRitchie. Det var ein heilt strålandes oppleving, trass varmen, og trass at me ikkje fant den kortaste vegen rundt:) Men ungane holdt ut og det hjelpte veldig på at me talte antal meter etterkvart istadenfor antal kilometer... 12200 meter. Solveig kommenterte mange gonger på at dette var akkurat som å vera i Norge. Det var små stiar i skogen, gjørme, steinete underlag og litt asfalt innimellom. Hit kjem me til å kome ofte:



fredag 3. mai 2013

Huangshan Mountain

Eg trur at mykje av det me ser på som herlige naturopplevingar og fantastiske stader i Shanghai, hadde kanskje ikkje blitt tenkt på som like eineståande om me hadde vitja dei same stadene i Norge... Men Huangshan Mountain, betre kjend som Yellow Mountain for turistar, blei ein eineståande oppleving for meg og Siri uavhengig av kvar me kom ifrå! 

Fjellområdet byr på over 50 kilometer med sti, eller steintrapper hogd inn i fjellet for det meste..., og i 2007 var det over 15 millionar turistar som vitja området.... Med andre ord, det er VIKTIG å velja si besøkstid med omhu!:) 

Etter 5 timar i bil frå Shanghai, kom me til fotenden av fjellet og gjekk over på ein skyttelbuss som frakta oss til startpunktet. Der kan ein velja om ein vil ta gondol opp dei verste motbakkane eller ta den harde vegen- gå alle trappene. Me tok selvfølgeleg trappene:) Kjentest heilt herligt når me fekk dette synet på starten av turen:
Og her såg me litt meir av kva som venta oss, trapper langs fjellveggen litt bak i bilete. Den toppen nærmast går det også sti rundt:
Tidleg på dagen, og framleis kjentest beina friske og raske ut, meg og Siri godt nøgde med å koma oss på fjelltur: 
Etter over to timar i jevnt tempo, trapp for trapp for trapp, blei vegetasjonen litt mindre og me fekk meir utsikt: 

Dagens helt var utvilsomt Peter. Sjåføren til Siri køyrte oss til Huangshan, og ettersom den tredje turkameraten måtte bli att i Shanghai med matforgiftning, tenkte me at det kunne vera kjekt for Peter å bli med på fjelltur (eit ekstra rom på hotellet). Me spurte ikkje før me nærma oss ganske mykje, så noko særleg forberedt var han ikkje. Me spurte tom (og tok det som ein selvfølge!) om han ville ta gondolbana opp, men det skulle han ihvert fall ikkje... Alle sjåførane eg har kjennskap til så langt, har minimalt med fysisk aktivitet på programmet, røyker minst 40 (?) sigarettar om dagen og har aldri gått i fjellet før. Men der fekk Peter avliva den generaliseringa til gangs. I byrjinga spratt han oppover trappetrinna, var gentleman og skulle ta vare på damene på tur. Han fekk det litt tungt etterkvart (mest som eg må sei takk og pris, han trenar badminton 1 time 1 gong i veka... me to andre trenar ein god del meir... he he, og me vart også godt sliten etterkvart!!). Men han kom alltid sterkt attende og fullførte turen til hotellet på over 5 timar med stil (5 timar, der 4 av dei var i bratt bratt motbakke med trepper):
Det meste av vegen var det god klaring til fjellveggen, men ikkje alltid: 
 Heilt strålandes og få vandra her, på fjellrekka bakerst i bilete gjekk det og ein sti oppå eggen!:
Her er Lotus Peak, om de ser godt etter så ser de vegen som går på høgre sida av fjellet, dit måtte me oppå: 
Men det var bratt å gå opp og til tider smalt...: 

På toppen var det laga til eit tovegssystem, ein veg for å gå opp og den andre for å gå ned. Tenkja seg til å møta 100 (eller 1000, av 15 millionar så er det nok ein god del andre også som vil opp på det høgste punktet...) andre på veg ned her, når ein sjølv var på veg opp. Eg tenkte ikkje den tanken før me var på veg ned igjen, og takk for det:
På toppen! Ca 3 timar brukte me hit. Var utruleg heldige med veret! fantastisk utsikt, og heldigvis lite vind. Var ca 5 kvm å røra seg på på toppen her:) 
Her er turfylgje samla på toppen, 1864 mho: 



 Om det var bratt opp, så var det like bratt ned igjen:
 Så gjekk me litt nedover før me gjekk oppover igjen:
 Kanskje difor tilnavnet " Yellow Mountain":
Det blei mørkt før me kom fram til hotellet, men heldigvis for oss så var det små lyslykter langs vegen frå hotell til hotell på toppen, så me fant fram utan dei store problema. Neste morgon stod klokka på 5.00 for å få med oss soloppgangen.... Det var absolutt flott! men eg trur at om eg hadde gått dit ein gong til, så hadde eg droppa den soloppgangen og heller sove litt lengre.... Kanskje det er så innimarien populært då mange ikkje får sett det i Kina pga alle høge husa?? Men skulle eg sett soloppgangen ein gong til skulle det vore på toppen av Lotus Peak!! Det måtte vera fantastisk: 

Alt som trengs på toppen av fjellet av mat og drikke blir fysisk bært opp. På vegen ned igjen møtte me veldig mange av dei som har den jobben. Det såg berre heilt forferdeleg tungt ut, og dei var slitne.... lurer på kor lenge dei kan holde ut i den jobben, før slitasjen melder seg både her og der. Fekk vondt av dei og skjønar ikkje heilt poenget med dei tunge lastene opp så lenge det faktisk også går gondolbaner opp mange av høgdemeterane! Sjå på denne karen og rekn ut sjølv kor mange kilo han har på skuldrene:   
På turen ned møtte me ganske mange mange fleire folk enn me gjorde dagen før. Såpass mange at me kunne ta oss sjølve i å bli litt irritert... Men turen ned igjen var mykje kortare (gjekk ei anna rute ned enn opp) så det gjekk greit over. Takk for ein av tidenes beste fjellturar Siri! Så glad for at du blei med så eg fekk oppleva dette før tida mi rant ut:)