Sider

onsdag 1. mai 2013

Great World...

Vips, så var me på plass i Singapore. Tenkjer å fortsetja med litt blogging, så må kanskje gjera om litt på forsida her på bloggen. Men før eg tenkjer å gjera det har eg nokon fleire innlegg frå Shanghai som ikkje har blitt publisert enno:) Siste vekene har vore kjempetravle der eg blandt anna har fått gjordt fleire ting som har stått på "lista" mi ei god stund. 

Men altså, så var me i Singapore. Varmt!! Har sjekka inn på Great World Service Appartment, og blir buande her intil me finn ein stad å bu for det neste året. Laurdag skal me ut på househunting.  Kjenner meg betre forberedt på det meste denne gongen enn eg var når me reiste til Shanghai... det skulle vel berre mangla. Eg trur me var nokon av dei minste forberedte av alle eg har møtt på vegen til no... Dei fleste reiser på ein liten rekogniseringstur før flytting. Der ein ser på både hus og evt skule til borna. Me reiste på "lukke og fromme" den gongen (vel, Lars Petter hadde jo vore i Shanghai fleire gongar før, så han visste jo litt meir om kva som venta) men med eit superopplegg frå DNV så gjekk alt særs greit. Og dei to åra me har bak oss no er berre heilt strålandes på så mange vis. 

Ikkje til å koma ifrå at å reisa frå Shanghai var trist. Ungane har tatt farvel med mange gode vener og klassekameratar, der Fredrik sa til klassen sin "I am gonna miss you all very mutch".... Mens eg er noko heldigare, for dei eg har brukt mest tid ilag med i Shanghai er dei fleste frå Norge, så om eit år eller 3 så møter eg dei igjen, og sidan dei aller fleste også bur i Oslo-området trur eg me kjem til å holde kontakten ganske så bra. Det blir nok mange Shanghai-treff både på Krok og i Oslo i åra som kjem:) 

1. mai er fridag her i Singapore så som i Shanghai og i Norge, så Lars Petter har hatt fri. Dagen har me brukt til å rulse litt rundt i området her me bur, og eg har fått litt meir inntrykk av kvar ting (skule, bustad) ligg i forhold til kvarandre. Som dei fleste 364 andre dagar i året i Singapore, så var det i dag i overkant av 30 grader:) men overskya så fint å rusle ein tur nedover River Valley: 
 Det var fint å gå på gangfelt utan å måtte passe på om det kom mopedar i stor fart frå alle kantar:)
 Nedover langs elva er det mange bruer:
 Så har me både morgon og kveld kosa oss i bassenget:
 Ein glad gjeng under kveldsbadet:
I morgo byrjar Singapore-kvardagen. Lars Petter skal på jobb og eg og ungane skal kosa (?) oss heima dagen lang... Sumarferie for Solveig og Fredrik no fram til 12. august!!

1 kommentar: