Sider

fredag 3. mai 2013

Huangshan Mountain

Eg trur at mykje av det me ser på som herlige naturopplevingar og fantastiske stader i Shanghai, hadde kanskje ikkje blitt tenkt på som like eineståande om me hadde vitja dei same stadene i Norge... Men Huangshan Mountain, betre kjend som Yellow Mountain for turistar, blei ein eineståande oppleving for meg og Siri uavhengig av kvar me kom ifrå! 

Fjellområdet byr på over 50 kilometer med sti, eller steintrapper hogd inn i fjellet for det meste..., og i 2007 var det over 15 millionar turistar som vitja området.... Med andre ord, det er VIKTIG å velja si besøkstid med omhu!:) 

Etter 5 timar i bil frå Shanghai, kom me til fotenden av fjellet og gjekk over på ein skyttelbuss som frakta oss til startpunktet. Der kan ein velja om ein vil ta gondol opp dei verste motbakkane eller ta den harde vegen- gå alle trappene. Me tok selvfølgeleg trappene:) Kjentest heilt herligt når me fekk dette synet på starten av turen:
Og her såg me litt meir av kva som venta oss, trapper langs fjellveggen litt bak i bilete. Den toppen nærmast går det også sti rundt:
Tidleg på dagen, og framleis kjentest beina friske og raske ut, meg og Siri godt nøgde med å koma oss på fjelltur: 
Etter over to timar i jevnt tempo, trapp for trapp for trapp, blei vegetasjonen litt mindre og me fekk meir utsikt: 

Dagens helt var utvilsomt Peter. Sjåføren til Siri køyrte oss til Huangshan, og ettersom den tredje turkameraten måtte bli att i Shanghai med matforgiftning, tenkte me at det kunne vera kjekt for Peter å bli med på fjelltur (eit ekstra rom på hotellet). Me spurte ikkje før me nærma oss ganske mykje, så noko særleg forberedt var han ikkje. Me spurte tom (og tok det som ein selvfølge!) om han ville ta gondolbana opp, men det skulle han ihvert fall ikkje... Alle sjåførane eg har kjennskap til så langt, har minimalt med fysisk aktivitet på programmet, røyker minst 40 (?) sigarettar om dagen og har aldri gått i fjellet før. Men der fekk Peter avliva den generaliseringa til gangs. I byrjinga spratt han oppover trappetrinna, var gentleman og skulle ta vare på damene på tur. Han fekk det litt tungt etterkvart (mest som eg må sei takk og pris, han trenar badminton 1 time 1 gong i veka... me to andre trenar ein god del meir... he he, og me vart også godt sliten etterkvart!!). Men han kom alltid sterkt attende og fullførte turen til hotellet på over 5 timar med stil (5 timar, der 4 av dei var i bratt bratt motbakke med trepper):
Det meste av vegen var det god klaring til fjellveggen, men ikkje alltid: 
 Heilt strålandes og få vandra her, på fjellrekka bakerst i bilete gjekk det og ein sti oppå eggen!:
Her er Lotus Peak, om de ser godt etter så ser de vegen som går på høgre sida av fjellet, dit måtte me oppå: 
Men det var bratt å gå opp og til tider smalt...: 

På toppen var det laga til eit tovegssystem, ein veg for å gå opp og den andre for å gå ned. Tenkja seg til å møta 100 (eller 1000, av 15 millionar så er det nok ein god del andre også som vil opp på det høgste punktet...) andre på veg ned her, når ein sjølv var på veg opp. Eg tenkte ikkje den tanken før me var på veg ned igjen, og takk for det:
På toppen! Ca 3 timar brukte me hit. Var utruleg heldige med veret! fantastisk utsikt, og heldigvis lite vind. Var ca 5 kvm å røra seg på på toppen her:) 
Her er turfylgje samla på toppen, 1864 mho: 



 Om det var bratt opp, så var det like bratt ned igjen:
 Så gjekk me litt nedover før me gjekk oppover igjen:
 Kanskje difor tilnavnet " Yellow Mountain":
Det blei mørkt før me kom fram til hotellet, men heldigvis for oss så var det små lyslykter langs vegen frå hotell til hotell på toppen, så me fant fram utan dei store problema. Neste morgon stod klokka på 5.00 for å få med oss soloppgangen.... Det var absolutt flott! men eg trur at om eg hadde gått dit ein gong til, så hadde eg droppa den soloppgangen og heller sove litt lengre.... Kanskje det er så innimarien populært då mange ikkje får sett det i Kina pga alle høge husa?? Men skulle eg sett soloppgangen ein gong til skulle det vore på toppen av Lotus Peak!! Det måtte vera fantastisk: 

Alt som trengs på toppen av fjellet av mat og drikke blir fysisk bært opp. På vegen ned igjen møtte me veldig mange av dei som har den jobben. Det såg berre heilt forferdeleg tungt ut, og dei var slitne.... lurer på kor lenge dei kan holde ut i den jobben, før slitasjen melder seg både her og der. Fekk vondt av dei og skjønar ikkje heilt poenget med dei tunge lastene opp så lenge det faktisk også går gondolbaner opp mange av høgdemeterane! Sjå på denne karen og rekn ut sjølv kor mange kilo han har på skuldrene:   
På turen ned møtte me ganske mange mange fleire folk enn me gjorde dagen før. Såpass mange at me kunne ta oss sjølve i å bli litt irritert... Men turen ned igjen var mykje kortare (gjekk ei anna rute ned enn opp) så det gjekk greit over. Takk for ein av tidenes beste fjellturar Siri! Så glad for at du blei med så eg fekk oppleva dette før tida mi rant ut:) 

2 kommentarer:

  1. Flott blogg og koselig å lese om og se flotte bilder av Siri og deg. Hilsen Kari (Siris mor)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Kari! så kjekt at du har lest om oss. Det var ein super tur! No er me flytta til Singapore og me saknar Siri og co! men fint med mange gode minner.

      Slett