Sider

torsdag 2. mai 2013

Old Jazz Band, Peace Hotel

Då er me på dag to i Singapore. Har i ettermiddag skaffa meg nytt simkort med Singaporemobil nummer, så no er det over og ut også med mitt kinesiske mobilnummer. Her i Singapore har me hatt ein ny dag med over 30 grader, i stor kontrast til minusgrader om natta og eit stengt Vikjafell heima... 

Har sakna Shanghai mange gonger i dag, skule for borna, Costa Coffe, trening ... men så er det om å gjera å tenkja på alle gode minna, og eit av dei er at eg endeleg kom meg på jazz kveld på Peace Hotell ilag med Silje forrige onsdag:) 

Bur du i Shanghai eller er du på besøk der på ein onsdag, så gå ikkje glipp av The Old Jazz Band!! (Slik eg har forstått det så spelar dei kvar onsdag, men når eg no er inne og kikkar på heimesida til Peace Hotell kan det sjå ut til at det er liv i baren kvar kveld frå kl 20). 

Uansett, forrige onsdag kom eg meg endeleg på denne berømte jazz kvelden og det var superstas! Peace Hotell er ein av dei eldste bygningane på The Bund, med eit kort avbrekk under stiftinga av Republikken Kina (1949), så har det vore hotell der sidan 1929 (hotellet stengd 1949-1956). The Old Jazz Band har spelt sidan 1980 og ifylgje heimesida, så består bandet av eit knippe menn på over 75 år. Når me var der forrige onsdag, så bytte dei band to gongar, men ifylgje ei betre bevandra på jazz klubben som me møtte på veg heim (måtte jo gå heim i passleg tid sidan programmet var så tett siste veka...) pleier dei å byta band 3 gongar iløpet av kvelden. Ikkje så rart kanskje, skulle vel ganske godt gjerast om same gjengen skulle holda det gåande kvar onsdag sidan 1980!! 

Her er band nr 2 denne kvelden, her var det også ei dame som hadde lurt seg inn:) nydeleg song i vakker kjole. Fekk følelsen av å gli rett inn i filmar frå 1960 talet:) 
Før du går på jazz klubb på ein onsdag, er det veldig flott å starte på The House of Roosevelt med vinsmaking. For rmb 150 kan ein frå 18.30 til 20.30 smake på utvalgte vinar så mange gongar ein vil:) Og The House of Roosevelt er også ein meget staseleg stad nede på The Bund i fin gangavstand frå Peace Hotell (100 meter).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar