Sider

torsdag 9. mai 2013

Overseas Family School

I dag har me vore og kikka på skulen som Solveig og Fredrik skal byrja på i august, Overseas Family School, OFS. Etter at det blei bestemt at me skulle flytta vidare til Singapore i februar, var skule noko av det fyrste me tok tak i. Me gjorde det ikkje så vanskeleg for oss sjølv, høyrte frå kollegaer av Lars Petter at OFS var skulen "alle" nordmenn gjekk på i Singapore, og at det er ein av dei få som tek imot born som ikkje er flytande i engelsk. Det føltes rett av fleire grunnar.  Eg trur både Solveig og Fredrik blir veldig glade om det er andre norske i klassen, samt at sjølv om dei no forstår det meste og kan snakke greit engelsk, så er det ikkje alle situasjonar og ord som er like enkelt å takle på språk nr to. 

Me var spente når me idag kom på besøk for å sjå, men heldigvis var klasseromma flotte og leikeplassane godkjent, så eg trur begge kan tenkja seg å kome attende hit om nokre månader...


Me hadde ikkje sjekka så veldig mykje forut, må innrømma at eg blei overraska når eg høyrte at det er over 3500 elevar på denne skulen... Til stor kontrast til åra i Shanghai med ca 60 elevar. For Fredrik blir det nok greit, han er i Kindergarten og dei held til på eit eige område heile dagen. Men når Solveig skal til lunsj, så er det ilag med over 3000 andre i kantina!!! Der var det høgt støyniva og selvfølgeleg frykteleg mykje born! Sidan ho er 1. grade, blir ho fulgt av lærar som passar på og gir dei mat, men det spørst om eg må møta opp til lunsj ein del gonger fyrste månaden for å sjå at det går greit...:)
Stor uteplass og Fredrik håpar på mykje fotball:


Og så blir det symjing og kanskje dei får øva på synkronsymjing, som me var tilskodara til på idag:)

Vel, vel, må jobba litt med den lunsjen, men ellers så var me godt nøgde med dagens besøk. At skulen var bestemt før me kom til Singapore gjorde "househuntinga" noko lettare for oss. Tysdag var jakten over, og etter å ha kjent på valgets kvaler, klarte me (eg) å slå oss til ro med valget. Så no gledar me oss til å ta over den 1. juni og er veldig nøgd med at Marina Bay Sands tek over kjøkkenutsikten frå Shanghai Tower i Shanghai:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar