Sider

mandag 6. mai 2013

Shanghai topp 50

Så er vel kanskje på tide og avslutta livet i Shanghai også på bloggfronten... Eg kjem til å ramse opp det som gir meg gode minner og som eg gjerne skulle gjordt igjen, eller til om med kjem til å gjere igjen, ved ein seinare anledning. For å gjere jobben enklare for meg, kjem dette i uprioritert rekkefylgje! Eg har tenkt på dette jevnt og trutt siste halvåret, men ikkje tatt notater, så det kan vera noko blir gløymd. Om eg kjenner det er viktige ting kjem eg til å gå inn og rette opp igjen det. Kan vera eg sjølv treng denne lista når eg skal til Shanghai om eit år eller 3:)

1. Gå i gatene i Shanghai. Eigentleg same kvar ein går, det er mykje å sjå på overalt, mangfold og kontrastar. Området French Consession er absolutt eit favorittområde, både fordi det er der me budde, men så er det også prega av større områder med mindre høge hus, lange alèar langs alle gater, mykje kafèar og restaurantar. Uansett så meinar eg at same kvar ein tek utgangspunktet, så vil det vera veldig interesant og berre vandra og observera.


2. Sykkelsightseeing, ein får sett litt mindre detaljar enn om ein går, men ein kjem seg lengre på kortare tid! Eg har sett guida turar på sykkel (ikkje av meg sjølv, men personar som jobbar som guide i Shanghai, he he) som er mest ein absolutt nødvendigheit om ein ikkje er kjend! Om ein gjerne vil ut på eigen hand, så er det mange stader ein kan leige bysyklar.


3. Massasje på Dragonfly i Anfu Lu! Dragonfly er ein kjede med alt av hudpleie, massasje, ansiktsbehandling mm. Men eg har erfart ulik kvalitet på dei ulike stadene. Anfu Lu er best. Fotmassasjen heilt fantastisk!!

4. Medan ein er inne på massasje, så bør Zen Massage få sitt eige punkt, veldig bra massasje og veldig bra weekday promotions.

5. Helen Nail Spa i Julu Lu. Absolutt beste manikyr/pedikyr! Før eg kom til Shanghai hadde eg aldri prøvd denne form for kroppspleie, men må inrømme at eg mest har blitt hekta. Etter å ha prøvd 4 stader er eg ikkje i tvil om at Helen Nail er den beste og mest effektive.


6. Costa Coffee. Beste kaffien, største kaffien, og kvar 7. kopp er gratis:) Pleide å ta ein kaffi om dagen ute, og helst på Costa i Zhenning Lu eller i Anfu Lu før avgang Tiny Tots og henting av ungar. Prøvde å suga inn siste minuttane med "fri"og kikka på livet i gatene.

7. Propaganda Art Center. Ligg i krysset Zhenning Lu Hua Shan Lu. Godt gøymd inn ei nøytral gate, ned i ein kjellar. Spesielt interessant om ein har lest litt historie om Kina på førehand.

8. Gå promenaden på The Bund. Dette føler eg er hjertet av Shanghai. Det er så mykje flott å sjå på på begge sider av Huangpu River.


9. Ta ferje over elva frå puxi til pudong og vandre opp promenaden langs elva på Pudong. Like fint som  The Bund, men ein annan utsikt. Er to ferjekaier i tilknytning til promenaden på the Bund. Den eine ca midt på og den andre ca 100 meter vidare nedover forbi Hotel Indigo der promenaden sluttar. Er og ulike elvecruise alternativ frå 1 -3 timar.


10. Vandre i gatene på Pudong,  Ein bruker nok mest tid på Puxi-sida, men etter å ha vore på Puxi ei stund, er det herligt å kome over til Pudong og vandre mellom ein god samling av verdens høgste hus! Det er jo ingen begrensning på antal høge hus der, og ikkje minst vakre bygningar og imponerande arkitektur. Gå to rundar rundt i den store gårundkøyringen mellom Pearl Tower og Superbrand Mall.


11. Gå opp i eit høgt hus. Pearl Tower, Jin Mao, SWFC eller om eit års tid, Shanghai Center.


12. Painter Street. Maleri i alle storleikar og til prisar som gjer at alle kan ha opp til fleire kunstverk på veggen sin, eller lage portrett av seg sjølv eller familien.



13. "Avokado Lady". Lokal butikk som ligg i Wulumuchi, men forutan alt av grønnsaker fører desse damene også masse vestlige produkt. Ho fører handlelista til deg fortløpande og gjev mest alltid avslag til slutt. Følelsen av å handla i lokal butikk er kjekk.

14. "Lefsedama i Wulumuchi". Lokal kinesisk mat, kinesisk pannekake til rmb 3.50. Ho startar tidleg på morgonen og avsluttar arbeidsdagen når ho er utsolgt ein gong mellom 13-14. Fantastisk god.


15. Jordbær i februar! Frå tidleg januar sel dei store gode jordbær. Likar best å kjøpe hjå ein lokal butikk i Wulumuchi rett over vegen frå Avokado Lady.

16. Fuxing Park, Hengshan Park. Er veldig mange parkar å velje mellom, men desse to har vore enklast å kome seg til for oss, difor er dei nevnt her. Mykje å sjå på av menneskeleg aktivitetar både seint og tidleg.

17. Yu Garden. Er i turistbøkene skildra som "gamle Shanghai". Det er ein kjempe-busy stad alle dagar heile året, men absolutt verdt eit besøk pga bygningane og, for dei som likar det, hektisk handling på alle små-bazarane som ligg rundt. Min favoritt her er å finne vegen opp på tehuset som ligg ca midt inne i området. Då kjem ein seg unna folkemengden, får sett bygningane frå eit anna perspektiv og har ein god anledning til å smake på ulike te i ein fin te-seremoni.

18. "Ekte gamle Shanghai". det er alle områder der dei opprinnelege bolighusa framleis står, dei aller fleste står for fall... Stor oppleving å gå innimellom trange gater og kikke på lokale frisørar, grønnsaksmarkeder, sal av mat, kortspeling, osv. Ein kjem veldig nær inn på livet til lokalbefolkningen når eg vandrar her.

19. Barneklesmarkedet, Morosamt marked til alt av klede og leiker for born. Ein kan abslutt prute, men det er ikkje alltid ein oppnår så mykje med det. (Prisane er selvfølgeleg i utgangspunktet ganske ok).

20. Fakemarkedet. For dei aller fleste eit must. Pruting pruting pruting.... slitsomt, masete, men også svært morro. Ein blir alltid lurt, spørsmålet er kor mykje som er greit å bli lurt...:)

21. Pearl City. Litt som fakemarkedet, men ein heilt etasje med smykker og perler.

22. Decathlon. Sportsbutikk og fritidsutstyr til ein svært god pris. Ingen pruting!

23. Lost Heaven. Supergod kinesisk mat frå Hunan.

24. Sichuan Citizen. Supergod kinesisk mat frå Sichuan.

25. Vinsmaking på The House of Roosevelt på onsdagar 18.30-20.30. God vin i majestetiske omgivnader og fyrsteklasses utsikt mot The Bund og Pudong skyline.

26. Live musikk med The Old Jazz Band på Peace Hotell kvar onsdag.

27. "Elva". Litt inne i vårt andre år i Shangai oppdaga Lars Petter på ein joggetur ein heilt strålandes park ved Huangpu River, ein fyljger Wulumuchi heilt til den går over til Dong An Lu til ein kjem ned til Huangpu River. Der går ein rett på ein langstrakt park med mange ulike moglegheiter for unge og gamle. Har hatt mange joggeturar dit, men mest flotte ettermiddagar med leik og morro for borna.


28. Blomstermarkedet. Eit eventyrleg utval av blomar, spesielt orkidear, til endå kjekkare prisar...

29. Sherpa, Mealbay, Element Fresh og alle andre ein kan bestille take away frå, raskt levert på døra gratis eller for 15 rmb.

30. Hotellmarkedet. Eit marked som har alt ein kan tenkja seg til kjøkkenet og det ein ikkje treng... dumplingsformer t.d.

31. Happy Circus. Spesielt om ein reiser med born. Om ein let vera å tenkje på dyras ve og vel... så er dette mykje underholdning for pengane. Eg lar vera å nevna Shanghai Zoo og Shanghai Wild Life Zoo av akkurat den grunn, dyras ve og vel... Shanghai Zoo var spesielt trist. Men at det var artig for borna å gå der er det ikkje noko tvil om. Eit voldsomt utval av dyr i alle storleikar frå alle verdensdelar.

32. Chongming Island, Wetland Park. Ein times køyring frå Shanghai sentrum. Ein får kryssa Yangtze både under og over vann, og når ein kjem til øya vart me bergtatt at plutseleg mangel på høge hus... og wetlandparken sin fred og idyll.

33. Om ein ynskjer å oppleve kinesisk fjell og bruke ein dag eller to på det, så er Huangshan Mountain ein fantastisk oppleving. Men skal også seiast at det er det einaste kinesiske fjellet eg har vore på. Men det er 5 timar i bil frå Shanghai.

34. Jogging i She Shan, ut av byen oppleving, stiar og bambusskog. På gode dagar eller med rett timing, tek det kun 30 min ein veg å kome seg dit. Er og ei kyrkje på toppen av eine fjelltoppen samt eit  astronomimuseum. Kan og ta metro dit.

35. Frukost på Kommune i Tianzifang. Dei har ein skikkelig god chiliomelett. Deretter bør ein vandra i gatene der ein time eller tre.

36. Frukost på Coffee Tree i Ferguson Lane.

37. Mercedes Benz Arena og resten av Expo 2010 området. Imponerades bygningar. Gå på skøyter i kjellaren på Mercedes Benz Arena.


38. Gå opp på toppen av Lupu Bridge. Vel ein dag med god sikt!


39. South Bund Fabric Marked. Tusenvis av skreddara... følest ihvertfall slik. Om ein ynskjer og vil bruka tid der, kan ein verkeleg få laga seg fine plagg.

40. Fotomarkedet.  Alt av fotoutstyr og ikkje minst tilleggsutstyr og framkalling.

41. Vaske håret hjå frisøren. Dei masserar inn shampoen ein 20 minuttars tid, herligt!:)

42. Era akrobatikk show. Enorme prestasjonar og utruleg fascinerande.

43. Vannby, om ein køyrer 1-2 timar ut av Shanghai kan ein velje mellom mange vannbyar å vitje. Favorittane mine er Shaoxing og Zhouzhuang.



44. Lunsj i Xintiandi, på Crystal Jade, masse gode dumplings. Samling av restaurantar og shoppingsenter i flotte omgivnader. Etterpå er det fint å vandre gjennom Xintiandi for deretter å forstsetje turen nedover i retning mot Huangpu elva. Då går ein gjennom deler av gamle Shanghai, kan gå gjennom Dong An antikk marked, Yu Garden og enda opp på The Bund.

45. Enormt utval av restaurantar, frå alle verdens kjøkken, frå lågbudsjett til champagne til fleire hundretusen... Nokre favorittar: Koreansk barbeque Xinjiang Uyghur, japansk Kagen Teppanyaki, mexikanske Maya, Italienske Bella Napoli, high class M1NT.

46. People Square. Forutan å vandre i park, gå i museum, beundre praktfulle byggverk, lese litt om historien (tidligare veddeløpsbane) kan ein også køyre karusell eller gå på live annonsemarked for å finne ein ektemake (på laurdagar kan ein gå og kikke på mengder av kontaktannonser satt opp av fortvilte foreldre som ikkje har fått gifta vekk sitt einaste born... Stor fordel å kunne snakke/lese kinesisk i såfall).


47. Rooftop bar langs The Bund. Favorittane er baren til Hotell Indigo, The House of Roosevelt og Hyatt on the Bund.

48. Hop on Hop off buss, med Big Bus Tour og betal 100 rmb (ikkje 300 med inngang til tempel og Jin Mao og elvecruise. Uansett ikkje tid for det, og kjekkare å bestemma sjølv kva for høgt hus ein vil gå opp i, og om ein evt vil vitja eit tempel...)

49. Legg merke til all kunsten du går forbi. På mange gatehjørner, i dei fleste parkar og utforbi mange kjøpesenter. Nokon favorittar: Jing An Sculpture Park, Red Town.


50. Dong Tai Lu Antiques Marked. Er nødvendigvis ikkje så mange antikvitetar, men mykje morosamt å sjå på og mange godbitar og duppedittar å ta med heim som souvenir. Uansett ein artig stad å vandre gjennom då dette ligg i deler av"gamle Shanghai" og ein ser privatliv og business i ein salig blanding.


4 kommentarer:

  1. Åhhh Arna, jeg får tårer i øya når jeg ser topp 50. Alt er kjent, nesten alt! Så masse minner!! Dæven at du ikke er der neste uke!! Shanghai er fantastisk!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja Linn, skikkeleg kjipt at eg ikkje er der når du kjem til Shanghai!! Men du får nyte Shanghai på best mogleg vis for både meg og deg!! Siri har ein raud konvolutt til deg som du kan nyte godt av på Dragonfly:)

      Slett
    2. Hei Arna! Så utolig mye du har gjort og opplevd I Shanghai! og nå I Singapore. Det er så kjekt med bloggen din for jeg bruker den ofte som oppslagsverk...når jeg ikke husker hva ting heter eller hvor er:)..feks fiskemarkedet da jeg var med deg dit.
      Håper dere trives godt I Singpore også, som det ser ut som dere gjør:) Vi er igang med siste året, og på mandag beginner jeg å studere TCM på heltid, så da er det slutt på det bedagelige livet;) Si fra hvis du skal til Shanghai, hvis ikke må vi sees i Norge:)
      Grete Helen

      Slett