Sider

lørdag 8. juni 2013

"På valsetakt gjennom Vikjabygdi"

I skrivandes stund er eg og ungane på toget, Bergensbana på strekningen Voss-Drammen. Ein strålandes måte å reisa på! Det er laurdag og mest tomt tog, (hurra), det er kafevogn, leikevog, ungane høyrer på lydbok og eg nyt godt av NSB interaktive. 

Den fyrste ferien i Vik for i sumar er over. Men når eg skriv fyrste, så er det jo fordi me skal attende om ikkje så mange vekene:)  Ein liten hyllest til Vik er på sin plass, fyrst nokon bileter frå veka som har gått. Vikjabygdi sett frå Gunnarsete: 
Usikker på navnet på denne staden, pleier å sei me går over "Eggi", men det er nok ikkje det rette navnet. Uansett, det er fantastisk utsikt over fjord og fjell:
Sognefjorden buktar seg ut mot havet:
Vik sett frå Kålhagen: 
Har vore stor stas å få vera med Sara når ho har stelt med hesten og innimellom har Solveig og Fredrik fått hjelpt (?) til:)
Heilt nede ved fjorden:
 og der feira Solveig at ho blei 6 år:
Syskenbarna samla til bursdagsfeiring:
Og dagen blei avslutta med eit bad på den nye strondi som er laga til på øyri. Blitt fantastisk flott!!:
Det er halvanna år sidan sist me leika i snø, så ein tur på Vikafjellet og på hytta var kjempekjet:
 Fjedlet er og vakkart på våren:
Når eg rydda litt i gamle minner heima, så fant eg eit dikt som Hans Hønsi har skreve om Vikjabydi, det fekk eg så lyst å skriva inn her:

På valsetakt gjennom Vikjabydi

Vår heimbygd så fager, så romsleg og vid,
så drøymande blid, med lundar og li. 
Ho lokkande, dragande, drøymande er.
så inderleg kjær, ligg hjarta vårt nær.
Sjå her blæmer minner frå barndommen vår. 
i hugen vår rår, i dag som i går- 
Høgt me elskar vår heimbygd, strålar i sogerik glans,
me syng ut vår gleda- vår livstrygd og glade me tek ein dans. 

Ved øyri ligg fjorden næraste til. 
så djupblå og still, men ofte og vill. 
Sjå Sognefjord matbu for vikjene blei, 
med laks, torsk og sei, den saka er grei. 
Frå Rulsen me rundt omkring Flatbygdi fer, 
som romsleg seg ter, me likar oss her. 
Eg Vikøyri, Flatbygdi nemner, smiler i fager glans, 
dei er med refrenget, ved jonsok til bål og dans. 

Tre dalar med gardar i bygdi vår er, 
som strekkjer seg her, mot fjellheimen nær. 
Her driv dei med sauer, med kyr og med gris, 
på bøndenes vis og fer gode pris.
Ja, grøderiker her, om våren dei sår, 
og avling dei får, når mogen den står. 
Seljedal, Ovrisdal og Bødalen, fagre i liv og i glans. 
Me ryddar så glade opp salen og tek oss ein "daladans".

Me skodar to kyrkjer, dei gamle av år, 
no vitne dei står om heimbygdi vår. 
Dei står her og skriftar om slekti i Vik
ein kulturarv rik me kjenner det slik. 
Ja, vikjene her inn i kykjene var, 
frå kvar einaste gard, ei livstid så hard. 
No minnes me alle dei kjære, dei lever i minnens glans, 
i kyrkjene er dei oss nære, og ærar dei med ein dans. 

No bøndnene pløyer og åkrane sår, 
for no er det vår, ja, atter i år.
Sjå fuglande stemmer med song imot nord,
dei jublar i kor, frå fjell ned til fjord.
Og skogen står grønkledd i fagraste skrud,
han er som ei brud, det ser eg og du. 
Me syng ut vår gleda til våre med vokster i livsens glans, 
og fuglane er med i koret, av gleda me tek ein dans. 

Ein sommardag solrik mot fjellet me dreg,
og ruslar i veg, ja, du og så eg.
Her auren han myler i vatni, og sprett,
til det er han sett, så spenstug og lett. 
Og rupene kurrar i lyngkjær og kratt,
der har dei sitt fat, og finn so seg mat. 
Me syng ut vår gleda til fjellet, fagert og storfelt i glans, 
nutar og tindar i veldet, ja, dette er fjellet`s vals. 

Ja, det var ei hylling til bygdi vår Vik,
me skodar ho slik og aldri ho svik. 
Me finn ikkje venare stad her på jord, 
i syd eller nord, det er våre ord.
Signe då folket som strevar, De ærar vår heimbygd med glans, 
me dansar til trekkspelet`s tonar ein feiande Vikjavals. 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar