Sider

fredag 7. juni 2013

Suten opp

Forrige laurdag var det Gamalostfestival her i Vik. Då er det mykje som skjer både tidleg og seint for små og store. Eit av arrangemanga var "Suten opp". Det er eit motbakkeløp som startar på 0 moh. 1,8 km seinare og etter 490 høgdemeter er ein i mål, sjå raud streks for løypekart: 
Dette er ein av favoritturane mine i Vik. Litt trist ver var det på morgonen, men det finst ikkje dårleg ver berre....  Så her er me klare til start. På toppen av fjellet, litt over dei godversskyene er det mål: 

 Var godt driv i ungane i starten:
Og Solveig holdt koken godt heile vegen opp. Er motiverande å møte andre som også er på veg opp. Her er me halvvegs:
 Nokon stader er det såpass bratt og litt glatt at det var godt å ha eit tau å holda seg i:
 Eeeeendeleg, snart i mål!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar