Sider

onsdag 28. august 2013

Doktorbesøk

Eg var hjå doktoren igår, ikkje at det er noko å skriva om, men det som var artig var at heile venterommet var dekt med private bileter frå diverse feriturar til denne lækjaren med familie. Det kunne vore greit, men då dei fleste av bileta var av kona i ulike positura på stranda i fine (?) kjolar blei det litt, vel kva skal eg sei, merkeleg.... Eg torde ikkje heilt å ta bilete av dette i all offentlegheit, så det blei eit "stjålent" eit på vegen ut, og dertil kjip kvalitet, men eg trur de ser litt av biletesamlinga: 
Men rett skal vera rett, det hang også diverse diplomar frå ulike studier og gradar som denne lækjaren har oppnådd:) 

Eg var jo litt skeptisk når dette var det som møtte meg, og når eg kom inn på sjølve kontoret var jammen veggane der og dekt av diverse bileter av kona og familien, også her flest bileter av kona i endå fleire flotte kjolar, eg må jo berre sei som Solveig seier om dagen: herreguuuud altså!! :) 




mandag 26. august 2013

Gardens by the Bay

Så var eg litt igong med å utforske byen. Med ein god porsjon dårleg samvet for å utebli frå lunsjen til Solveig, og med 4 timar til rådigheit la eg joggeturen til ein ny park idag, "Garden by the Bay" :
Den ligg rett på nedsida av Marina Bay Sands, så ein får sjå dette bygget på nært hald og frå ein annan vinkel enn frå verandaen der me bur:
Det var mykje å sjå, studera og lesa inne i parken. Flotte skulpturar som denne babyen som såg ut til å sveva:
Buskbomen veks noko raskare her enn heima, så den kan lett klippas og formast til ulike skapningar:
Så var det mange "trær" som dette:
Her kan ein kjøpa billett og gå til toppen på det største treet, ta ein kald cola eller noko anna som måtte friste i varmen og gå ein tur på brua som er bygd mellom nokon av trea. Eg gjorde ikkje det idag, eg var på litt rekogniseringstur før eg tek med fyrste besøk som er venta til helga (tante Lise: me gleeeedar oss!!)  samt det er fint å ha vore her så eg veit om det er ein fin utflukt for ungane eller ei. Det var det absolutt:) 

På "gamle" trakter.

No sit eg i "parents lounge" på OFS (Overseas Family School), altså skulen til Solveig og Fredrik. Eg har akkurat vore frivillig forelder i gym timen/ symjing.  Siste vekene har eg vore mest lika mykje på skulen som ungane... men eg ser lys i tunellen! Solveig var på lunsj "åleine" i dag (det vil sei, utan meg, men med 1500 andre... he he) så kanskje allereie i morgo får eg meir tid for meg sjølv og ser fram til å bli betre kjend med Singapore. Som foreldre kan me vera med som frivillig på fleire timar i veka, symjing, lesing og på turar ut av skulen. Då kan ein vera med ein gong eller to, eller på meir fast basis.

I går var me på ein tur til Sentosa. Der har me vore i mange veker (5) dei to foregåande åra, altså før me visste at me skulle flytta hit. Sentosa er den største øya i Singapore, og er ei øy proppa med aktivitetar for born og ungdom- og vaksne. I reklamen så kallar dei øya for asiast største leikeplass:) 

I går leika me litt på diverse leikplassar som ligg langs vegen: 

 og så bada me i eit sjørøvarskip:
Men trass i at me kontinuerlig oppsøkte det våte element, så er 34 grader og til tider vindstille, i varmaste laget for oss... Så det var godt å kome seg heim og sykle litt rundt i skuggen her me bur: 
 og teste ut rulleskøyteteknikken igjen:

fredag 23. august 2013

Husdyr og bursdag

Då har me fått oss husdyr! Neste setning kunne vore, til unganes store glede så har me fått oss hund eller katt, men det er det altså ikkje. Me har til unganes store skrekk og fryd fått ein gekko i hus... Han ser slik ut: 
Har fått høyra at det er å forventa, altså å få ein gekko i hus, så eg blei ikkje heilt skrekkslagen når han plutseleg dukka opp her, men direkte glad blei eg dog ikkje. Tykker ikkje dei er spesielt søte... og så er eg redd den skal byrja å nerma seg meg om natta når eg søv. Den som fyrst oppdaga den, var ein gut som var på besøk her. Eg skulle vera grei og låna vekk bornas leiker, og opp av boksen med diverse leikedyr (ja, akkurat) spratt det plutseleg opp ein gekko.... 

Og sidan sist har eg blitt eit år eldre... Men det var ikkje så verst då eg fekk så flott gåve: 
Endeleg litt fotmassasje igjen:) Reknar med det kan hjelpa godt på saknet etter Dragonfly i Shanghai.

søndag 18. august 2013

Pulau Ubin

Det er to ting som er flott med å reise på tur med bil i Singapore. For det fyrste, all parkering og bompassering, blir betalt med eit og same kort som er plassert i forntvindauget på bilen. Det gjeld parkering både i sentrum og lengre ut, på kjøpesenter og i park. Og for det andre så er det meste innafor ein køyreavstand på 25 min:) 

I dag gjekk ferden til Pulau Ubin. Det er ei øy som høyrer til Singapore der sykling står i sentrum. Etter 25 min med bil:) og ca 10 min i ein privat båt var me og tre stk syklar framme på destinasjonen: 
Eg som ikkje har sykkel her i Singapore leigde meg sykkel etter ankomst til Pulau Ubin. Der er det plenty av sykkelutleige med rom for litt pruting... På øya er det sykling på alle nivå. Eg, Solveig og Fredrik tok det med ro langs asfalterte vegar og kom akkurat fram til der terrengløypene starta. Då var Fredrik heilt satt ut av ein kombinasjon av for lite søvn og for høg temperatur, så det var på tide å snu. Men Lars Petter hadde ein god treningstur på stiar som gir han nok (?) utfordringar.

På vegen møtte me ein stooor lizard som kryssa vegen 10 meter før oss. Me stod då akkurat i ro, men eg lurer på om den såg seg føre...? for om ikkje, og om me ikkje hadde stoppa akkurat då, så hadde me ganske sikkert kræsja med den ein av oss. Dei er vel som regel ikkje farlege, men som alle andre dyr (og mennesker) så kan det bli ubehageleg om dei blir redde. Det er tett vegetasjon over heile øya og ikkje veit eg kva for andre dyr som lurer kringom... Fredrik såg ein krokodille som var død og Solveig såg ein apekatt oppe i eit tre, apekatten kunne nok vore reell, men i dag var det nok ønske som var høgast, anngåande krokodillen så er eg ganske sikker på at det verken er døde eller levande krokodillar på øya. Derimot så såg me mange flotte sommerfuglar og nokon mindre fine larvar:

fredag 16. august 2013

Fort Canning Park

Fort Canning Park ligg på ein liten høgde midt i sentrum og er eit av Singapores mest historiske landemerke. Eg har såvidt byrja på jobben med å bli kjend med Singapore, så denne parken var dagens mål i min fyrste pause frå skuletilvenninga: 
Takk igjen til Google Maps som gjer at eg kan leggja ut på små joggeturar og lett finna vegen heim igjen:) Fort Canning Park kan i likheit med Botanical Garden og mange andre stader her, skilta med vakre trær: 
 Her verka det som rotsystemet fortsatte mange meter opp i lufta før treet byrja:

Veldig glad for alle desse store og høge trea som gir godt med skugge langs løypa. Etter endt tur fristar det alltid med ein dukkert i bassenget "vårt" men sidan tida er knapp om dagen og eg hadde kun tilmålte minuttar før eg måtte vere attende på skulen og lunsjen til Solveig, så nøyde eg meg med 10 min i boblebadet på verandaen:)
Livet blir nok ganske greit i Singapore og:)

onsdag 14. august 2013

Vakre trær

Ikkje så langt frå her me bur, er det ein stor og vakker hage, nemleg "Singapore Botanic Gardens"
Den er inne på topp 10 lista om ein vitjar Singapore og endeleg har eg kome meg dit. Den kjem nok til å bli vitja ofte då det er veldig enkelt å leggja joggeturen hit, ein av inngangane: 
Det er mange som er på joggetur her, andre driv med bootcamp eller yoga og så plutseleg var det ein gjeng kinesara som dreiv med tai chi. Eg som går rundt og saknar Shanghai og alt det ein kan kikke på der på korte eller lengre turar, blei så glad over desse menneska og måtte stoppe for å ta eit bilete samt fylgje med på øvingane ei stund:)
 Det er eit rikt uval av stiar og vegar som snriklar seg kring planter og små vatn:
Mest av alt så fasinerar dei store trea meg. Eg skulle gjerne hatt nokre fleire av desse heime i hagen. Men det som veks seg så stort på 30 år her (altså i mi levetid) treng kanskje 300 år heime...:
 Legg merke til personen nede i venstre hjørne, då brått ser ein kor høge desse trea er:)


tirsdag 13. august 2013

Skulestart

Så var fyrste skuledag vel overstått for både Solveig og Fredrik. Solveig går no på "ekte" skule (grade 1) som det blir kalla her i huset medan Fredrik framleis berre går på vanleg skule (kindergarten, K1). Opplegget for dei to trur eg ikkje det er så veldig stor forskjell på. Dei har begge både matte, språk, gym og bibliotek osv, men heldigvis så leikar nok Fredrik litt meir enn Solveig og så har han ei stillestund midt på dagen, der dei ligg på golvet i klasserommet oppe i ein enkel sovepose. 

Her er Solveig og Fredrik på veg til skulen, imellom seg har dei ein ganske tung veske som inneheld diverse utstyr som Fredrik skal ha med seg til klassen sin (teiknesaker, bøker, soveposen m.m.) i handa har Fredrik plukka opp ein slange han fant på gata... he he, neidå! det er ein av favorittleiketøyet hans. Sikkert ein av mange gode grunnar til at ungane ikkje har lov å ha med seg leiketøy i klassen:) 
Det er ikkje til å koma ifrå at det er litt tøft å byrje på skule no etter over 3 mnd med ferie. Sjølv om overgangen er mindre denne gongen enn den var for to år sidan då me kom til Shanghai, så er det alikavel ein heilt ny skule, som er mange hundre ganger så stor som den me gjekk på i Shanghai (å ja, me saknar Tiny Tots!!). Fredrik som går i kindergarten er ganske godt skjerma frå dei store mengdene, men Solveig har lunsj og "snack" i kantina i lag med over 1500 andre born, og ein halvtimes leik ute med alle desse borna etter lunsjen. Det seier seg sjølv at det er rimleg kaotisk og høgt støynivå. Same gjeld leveringa til skulen og henting ved dagens slutt. Det herjar eit aldri så lite kaos, og eg lurer jo på kva i all verden me driv på med... Men så ser eg og at det går fint for dei 1498 andre borna der, så då burde det vel gå greit for våras og ..... etterkvart. Dei fleste borna tek til og med buss til/ frå skulen, så då kjem dei seg av bussane og til rett lærar/ klasserom og same med returen seinare på dagen. Etterkvart så tenkjer eg at me og sklir inn i desse rutinane. Men foreløpig så fylgjer eg dei heilt til døra, kosar meg i kantina i lag med Solveig til lunsj (ehhh... vel) og ventar tolmodig på utsida av klasserommet når klokka ringjer ut...


søndag 11. august 2013

Kong Harald V´s vei

På toppen av den brattaste bakken i Singapore (så er me blitt fortalt) finn ein Kong Harald V´s vei, og der ligg den Norske Sjømannskyrja her i Singapore: 
Tok eit bilete frå den store og flotte verandaen frå sjømannskyrkja, som viser utsikt mot havet... eller rettare sagt mot verdens største kontainerhavn (Shanghai og Singapore kappast om å vera størst på dette området...), og den bratte bakken opp. Ser sjølv at den ikkje ser så bratt ut her, så ved neste anledning bør eg få tatt eit bilete nedanteifrå og opp, for den bakken var skikkeleg bratt og svingete, og me tenkte det var godt det ikkje blei vinter og snø og is her, for då ville det vore vanskeleg å kome seg både opp og ned:
Sjømannskyrkja har ope alle dagar unntatt fredagar, og på desse dagane kan ein velja mellom mange ulike aktivitetar eller koma innom for kaffi og vafler. Dei har og eit utsal av norske matvarer og til Fredrik sin store glede har me no brunost i kjøleskåpet igjen, og så har me ein pose med bamsemums som skal sprettast i morgo etter den fyrste skuledagen for Solveig! I dag var me på "barbeque", og ellers sosialt samvær og leik i "Noas Ark": 

fredag 9. august 2013

Happy 48th Birthday Singapore

Eg avslutta forrige innlegg med at eg skulle koma attende med eit utsiktsbilete frå verandaen vår i dagslys (utsikten er jo hovudgrunnen til at me valgte denne leiligheiten til fordel for 5 andre alternativ...) så er her utsikt frå 17 Cairnhill Circle på dagtid: 
Det blei ei kort fyrste arbeidsveke for Lars Petter då både igår og idag er offentlege fridagar (fri og fri, men ihvert fall har han vore heima med oss andre). I dag har Singapore feira sin 48. bursdag. Her blir nasjonaldagen feira med å reisa på piknik med familie og vener, medan den offisielle biten er det ein stor markering/ show på ettermiddagen i hjertet av byen. Ein må vera tidleg ute for å kjøpe billett, men alle kan fylgje det live på tv. Hadde nok vore artig å vore tilstades, men ikkje hadde me billettar og ikkje frista det å ta med to born til eit folkemylder der ein mest sannsynleg ikkje kom til å sjå noko som helst. Så istaden fulgte me showet framfor tv skjermen og store delar kunne me fylgja live frå verandaen vår:) Her fylgjer Solveig og Fredrik godt med framfor tv skjermen:
Så kom presidenten på tv`en og Solveig lurte på kven han var, og me lurte på om ho visste kvar han budde; 
 Der bur han:) me kikkar ned på presidentpalasset med tilhøyrande hage!:)
Her sit eg, Solveig og Fredrik og ventar på underholdning i luftrommet: 
Fyrst var det mange helikopter som prega luftromet, deretter kom det 6x6 jagerfly og flaug i diverse formasjonar over oss:
 Når mørket seig på nermare kl 8, så blei showet avslutta med eit flott fyrverkeri:
og me kunne fylgja med på kva fyrverkeriet gjer med lufta..., då tenkte me attende til tilsvarandes feiringar i Shanghai. Der var jo lufta oftast så dårleg i utgangspunktet at me såg ikkje skilnad før/ etter fyrverkeriet... og der stoppa jo heller ikkje fyrverkeriet etter 20 min eller ein time, der holdt dei det gåande i time etter time og gjerne dag etter dag under kinesisk nyttår.

mandag 5. august 2013

Utsikt frå ny veranda

Då er me på plass i Singapore og eg er snart attende på bloggesporet etter ferien:) Reisa gjekk ikkje heilt etter planen, men ettersom me mista flyet vårt frå Gardermoen og alikavel kom til Singapore kun 3 timar etter det opprinnelege tidsskjemaet, får me sei oss godt nøgde! I staden for å fly via Bangkok, blei det for fyrste gong flydd med Qatar for oss tre minst bereiste, via Doha. I Doha fekk me beskjed om at flyet vidare til Singapore var overbooka, og alternativ rute for oss blei via Hong Kong med ca 12 timars venting på flyplassen både i Doha og i Hong Kong!!! Men heldigvis så er det nokon gonger ein stor fordel å reise med born, så då fekk me plass på flyet og orkar ikkje ein gong tenkje på dei stakkarane som måtte både fly lengre og vente lengre enn det som godt er....

Spennande å kome attende til leiligheita som eg kun har vore inne i ein 5 minuttars tid på houshuntinga i mai. Lars Petter har budd her i 5 veker etter det og tatt imot all skrot og rot, herlige minner, fine og mindre fine møblar osv frå Shanghai. Forutan at flyttelasset derifrå hadde vokse alt for mykje frå dei 6 pappkassane me hadde med oss når me drog for to år sidan, har han vore godt nøgd med "mitt" val av leiligheit:) 

Her er utsikten frå verandaen vår ikveld: 
Så skal eg kome tilbake med eit bilete med dagslys i morgo.