Sider

fredag 9. august 2013

Happy 48th Birthday Singapore

Eg avslutta forrige innlegg med at eg skulle koma attende med eit utsiktsbilete frå verandaen vår i dagslys (utsikten er jo hovudgrunnen til at me valgte denne leiligheiten til fordel for 5 andre alternativ...) så er her utsikt frå 17 Cairnhill Circle på dagtid: 
Det blei ei kort fyrste arbeidsveke for Lars Petter då både igår og idag er offentlege fridagar (fri og fri, men ihvert fall har han vore heima med oss andre). I dag har Singapore feira sin 48. bursdag. Her blir nasjonaldagen feira med å reisa på piknik med familie og vener, medan den offisielle biten er det ein stor markering/ show på ettermiddagen i hjertet av byen. Ein må vera tidleg ute for å kjøpe billett, men alle kan fylgje det live på tv. Hadde nok vore artig å vore tilstades, men ikkje hadde me billettar og ikkje frista det å ta med to born til eit folkemylder der ein mest sannsynleg ikkje kom til å sjå noko som helst. Så istaden fulgte me showet framfor tv skjermen og store delar kunne me fylgja live frå verandaen vår:) Her fylgjer Solveig og Fredrik godt med framfor tv skjermen:
Så kom presidenten på tv`en og Solveig lurte på kven han var, og me lurte på om ho visste kvar han budde; 
 Der bur han:) me kikkar ned på presidentpalasset med tilhøyrande hage!:)
Her sit eg, Solveig og Fredrik og ventar på underholdning i luftrommet: 
Fyrst var det mange helikopter som prega luftromet, deretter kom det 6x6 jagerfly og flaug i diverse formasjonar over oss:
 Når mørket seig på nermare kl 8, så blei showet avslutta med eit flott fyrverkeri:
og me kunne fylgja med på kva fyrverkeriet gjer med lufta..., då tenkte me attende til tilsvarandes feiringar i Shanghai. Der var jo lufta oftast så dårleg i utgangspunktet at me såg ikkje skilnad før/ etter fyrverkeriet... og der stoppa jo heller ikkje fyrverkeriet etter 20 min eller ein time, der holdt dei det gåande i time etter time og gjerne dag etter dag under kinesisk nyttår.

3 kommentarer:

  1. Så kjekk blogg du har! Heldige de e som får oppleva å bu i Shanghai og Singapore:-)

    SvarSlett
  2. Hei! Så kjekt Brita. Ja, me er kjempeheldige som får desse opplevingane. Kina var eineståande på dei aller fleste vis, så no blir det spennande å sjå korleis Singapore blir.

    SvarSlett
  3. Spennende, stor og flott utsikt fra balkongen deres:)

    SvarSlett