Sider

fredag 20. september 2013

"2013 Formula 1"

For to år sidan var eg i Singapore for fyrste gong og det var akkurat i dei dagar det var Formel 1. Eg trur Lars Petter gleda seg til å gå på Formel 1 då og, men det blei liksom ikkje det heilt store med meg på slep. Skal ikkje skryta av at eg var for entusiastisk... he he. Så dei siste to åra har Lars Petter hatt heilt klare formeiningar om kven han evt skulle gå med dit neste gong, og no har det blitt realitet, Helge og Egil har ankomne Singapore , og slikt besøk må feirast med Champagne!:) 
Her er gutane klare for ein av årets største begivenheitar i Singapore, i lag med 200 000 andre har dei billettar til å vandre rundt i folkehavet og sjå på nokre bilar som bråkar noko vanvitteg og er forbi deg så fort at du knapt rekk å sjå dei... (okei då, eg blei imponert over hestekreftene eg og) :
Fredrik var såå stolt over å bli med desse store karane på billøp, men han er enten litt liten enno, eller for lik på mammen sin(?:)), etter ein times tid var han nøgd og ville heim.

I skrivandes stund er det pause i køyringen (eg kan fint fylgja med på rundane inne frå leiligheiten vår, sjølv om alle vindauger og dører er attlatne så er det ikkje noko problem å høyra kva som skjer 4-5 km lengre nede i byen...) så då er karane på Red House og et dei berømte Chili Crab: 

Noko eg er meir entusiastisk til er alt som skjer i og rundt alle hestekreftene. Forutan å få med seg folkelivet kan ein velja og vraka i diverse artistar. Eg kan nevna "Big Bang", "The Killers", "Rihanna", "Bob Geldof" og på mandag skulle du nok vore her Sara Kolltveit Birkeland, for då er sjølvaste Justin Belieber Bieber i byen!:) (er det berre i Norge han skapar slikt enormt hysteri? eller er det å forventa her og??)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar