Sider

søndag 29. september 2013

Annonser

Eg brukar framleis ein god del av dagen min på skulen til ungane. Eg med på diverse "volunter" klassar (foreldre er med og hjelper lærarane). Ofte så er mitt oppdrag ferdig ein times tid før dagens slutt, så då er det greit å vente i "parents lounge" der det er air condition og avis. "The Strait Times" er avisa som gjeld her i Singapore. Er som aftenposten, stor og mange deler. Det som er ulikt frå vår verden er korleis ein annonserer folks bortgang. Er det "viktige" mennesker som går bort, så viser det seg og att i dødsannonsene, her er ein eldre kar sin dødsannonse, kvart firma han har jobba for (trur eg) set inn sine siste helsingar, så her har han ei heilsida + ei stor ei på andre sida frå familien sin: 
 og når eg bladde om var det to heilsider til for same karen!:
Det er og vanleg å setje inn bileter og tekst på eit års dagen til folks bortgang- 5 års dagen osv. Har og sett annonser som er på 20 års dagen sidan dei døydde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar