Sider

søndag 1. september 2013

Bintan Metaman

Fredag ettermiddag reiste Lars Petter og Fredrik på gutetur til Bintan Island, Indonesia,  i lag med ein sprek nabo frå Krok og no også "nabo" i Singapore, Christian, medan eg og Solveig reiste til Changi Airport og henta Lise som kom på besøk frå Norge:) Christian skulle laurdag vera med på Bintan Metaman som er halv ironman, dvs 1,9 km symjing, 90 km sykling og 21 km springing, og då med Lars Petter og Fredrik som "støtteapparat".

Då eg, Solveig og Lise ankom Nirwana Resort Hotel på Bintan laurdag morgon, gjekk startskotet for Christian og ca 300 andre som skulle gjennomføra halv ironman, akkurat i det me ankom stranda. Me fekk sjå denne sildestimen som la på svøm utover det Indiske hav: 
Medan halv ironmennene og damene symde, gjorde me oss litt kjende på stranda og kikka utover for å sjå om dei byrja og nerma seg: 
 Så var Christian ferdig med symjinga og klar for 90 km på sykkel:
Symjinga gjekk jo ganske fort (ein halvtime), men syklinga rekna me med skulle ta litt lengre tid, så då fekk me tid til å bada:
 Snorkla:

 Bada litt i bassenget...
før sykkelrunden var overstått og dei var over i joggeskodna. Medan syklinga foregjekk på ein lang runde på Bintan Island der me kun kunne sjå start og "målgang" frå vår plass, kunne me deriomt fylgja mykje betre med på siste del av styrkeprøven, då dei sprang forbi bassenget og solsenga vår 3 gongar på rundar på 7 km. Det var også nokon frykteleg spreke damer med, her er vinnaren i dameklassa på halv ironman, ho hadde kome på 12 plass i herreklassen:
og her er vinnaren i dameklassen på full ironman (dvs 3,8 km symjing, 180 km sykling og 42 km springing....) Caroline Steffen, som har fleire verdensmesterskap på merittlista. Spreke altså. Ho bruke 9 timar og 13 min på sitt løp, og det holdt til 4 plass i herreklassen. Premien til vinnaren i full ironman klassen var 300 000 kr. Så det er meir enn heder og ære som står på spel.
Så etter mest 5 timar, og etter at me hadde kosa oss i palmesus og dus, kjøpt oss drikke i baren i bassenget, snorkla litt, bada litt i bassenget igjen, ete lunsj og lese i ei god bok, så var det tid for målgang:
Kjempebra løp Christian! Gratulera med 3. plass i klassen og 13. plass totalt. Me berre bøyer oss i støvet, og kjenner det kriblar litt i konkurransefoten... for min del forblir det med den kriblinga, men det fyrste Lars Petter gjorde når me kom heim på laurdagskvelden var å melda seg på triathlon som skal vera her i Singapore om ein liten månad:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar